Omtale
av ordninga
Pensjon frå statskassa
er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering
av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje
har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer
ikkje på rettskrav, lov eller forskrift og blir gjerne omtala som
gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen gjeld
lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Av personvernomsyn
er namna deira erstatta med kvinne eller mann, samt at tenestestaden
er tatt ut. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet dei arbeider.
Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse
har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996
gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.
For tida før 1. januar
1996 blir pensjon av statskassa gjeven som tillegg til den pensjonsgjevande
tenestetida.
Lokalt tilsette ved
norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom
lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane
skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar,
og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis
kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller
at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
Da kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv
om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tekne inn i arbeidskontrakten
etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet føre til at vedkomande
ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved
alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet
legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen
så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane
er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa
berre blir gjeven i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst
eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet
arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane
om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.
Ytingar frå lokal
pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.