Merknadar frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Marianne Marthinsen,
Anne Sandum og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond
Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet,
Siv Jensen, Christian Tybring-Gjedde og Morten Wold, frå Senterpartiet, Liv
Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken,
frå Venstre, Tina Shagufta Munir Kornmo, og frå Kristeleg Folkeparti,
Geir Sigbjørn Toskedal, merkar seg at proposisjonen inneheld godkjenning
av kostnadsramme for to nye prosjekt, artillerilokaliseringsradar
og utbetring av taksebanane Y og A4-A7 på Ørland flystasjon, og
endring av kostnadsramme på eit tidlegare godkjent prosjekt; fasilitetar
for maritime patruljefly på Evenes flystasjon. Komiteen viser til at alle
investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar, er i samsvar med
Innst. 62 S (2016–2017) – Langtidsplanen for Forsvaret.
Komiteen viser til forslaget
om å skaffe fem artillerilokaliseringsradarar med tilhøyrande pansra
køyretøy, logistikk og materiell for utdanning. Radarane skal erstatte
gamle radarar som har nådd sin teknologiske levealder og er modne
for utskifting. Radaren gjev Hæren kapasitet til å lokalisere og
skyte fiendtlege våpensystem hurtig og nøyaktig og svare med moteld. Komiteen viser
til at det nye systemet vil kunne gje støtte til operasjonar nasjonalt
og internasjonalt og aukar operativt tilgjenge og evne. Komiteen merkar
seg at det i samband med kjøpet vil verte stilt krav om å inngå
ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan
hovudkontrakten vert signert. Komiteen viser vidare til at
det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar
med retningslinjene frå Finansdepartementet, og at resultata frå
kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma
– med to unntak. Komiteen merkar
seg at kostnadsramma er basert på ein analyse som berre inkluderer
dei leverandørane som vert vurdert å oppfylle krava til yting, og som
samstundes har eit prisestimat som ligg innanfor prosjektet sitt
styringsmål. I tillegg gjeld det ei såkalla avgift for gjenkjøp
som ikkje er dokumentert. Komiteen viser vidare til at
prosjektet har ei samla kostnadsramme på 1 502 mill. kroner, medrekna
meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og avsetjing for usikkerheit,
og ei styringsramme på 1 252 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.
Komiteen viser til forslaget
om å utbetre taksebanane Y og A4-A7 på Ørland flystasjon. Komiteen viser til
at det ved årsskiftet 2017/2018 var gjennomført kjerneboringar av
taksebane Y ved Ørland flystasjon, og at boringane viste at underliggjande
asfaltlag hadde skadar etter bruk av kjemikaliar for avising av
banedekket over mange år. Komiteen merkar seg at prosjektet omfattar
utskifting av asfaltdekke på taksebanane Y og A4-A7 med etablering
av ny lyssetjing langsmed taksebanane. Komiteen merkar seg vidare
at ein samstundes vil rette opp eit avvik på eksisterande tverrfall
for vatnavrenning på taksebane Y og etablere betongfundament for
flytting av dei mobile bremsewiresystema (Runway arresting gear
– RAG) ut av tryggingssona langs taksebane Y. Komiteen merkar seg at prosjektet
i tillegg skal utvide den effektive banebreidda til taksebane Y
frå 22,5 meter til 33 meter og auke bereevna til tryggingsområdet
langs taksebane Y for å møte krava til naudrullebane/reserverullebane
i samsvar med «NATO criteria and standards for airfields». Komiteen viser til
at kostnadsramma for prosjektet er sett til 598 mill. kroner medrekna
meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit. Komiteen viser til
at prosjektet si styringsramme er sett til 530 mill. kroner medrekna
meirverdiavgift.
Komiteen viser til Stortinget
sitt vedtak gjennom handsaminga av Innst. 346 S (2018–2019) til
Prop. 60 S (2018–2019) om etablering av fasilitetar for dei nye
maritime patruljeflya på Evenes flystasjon. Komiteen viser til at byggeprosjektet
inneber etablering av ein hangar med plass for tre maritime patruljefly
(P-8A), der to plassar er knytte til vedlikehald og ein til vask
av flya. Vidare omfattar prosjektet administrative fasilitetar for både
flyskvadronen og vedlikehaldsskvadronen, ulike verkstadfasilitetar
for P-8A, teknisk lager, verkstad- og lagerfasilitetar for bakkeutstyr
og redningsutstyr. Komiteen merkar
seg at det i tilknyting til desse fasilitetane vert etablert tre
plassar for oppstilling for P-8A, ei plattform for lasting av ammunisjon
og eit utandørs spyleanlegg for flya. Komiteen merkar seg at prisjustert
til kostnadsnivå per 1. juli 2020 er kostnadsramma på prosjektet
1 842 mill. kroner.
Komiteen viser til at det sommaren
og hausten 2019 vart gjennomført nye analysar av turbulenspåverknaden
frå hangaren som viste at påverknaden frå vind vart vesentleg redusert
ved ei dreiing av hangaren. Komiteen viser til at det som
følgje av risikovurderinga vart utarbeidd ulike variantar av det
«dreidde» alternativet som inneber ei flytting av hangaren om lag
300 meter sørover og litt vestover. Komiteen merkar seg at Luftfartstilsynet
godkjende lokaliseringa av den nasjonale P-8-hangaren med tilhøyrande
operative flater i februar 2020. Komiteen merkar seg vidare
at flyttinga av hangaren fører til auka behov for taksebanar frå
rullebanen og ned til det nye området. Komiteen merkar seg også at
ei miljøvurdering syner at avrenning frå dei operative flatene i
den nye løysinga i større grad vil ha innverknad på det meir sårbare
RAMSAR-området sør for flyplassen. Komiteen merkar seg at etter
dialog mellom Forsvarsbygg og miljøstyresmaktene (Fylkesmannen i
Nordland) ser ein det som formålstenleg å etablere ei betre og meir
robust løysing for å handtere overflatevatn og baneavising enn tidlegare
prosjektert.
Komiteen merkar seg at arbeidet
med å finne ny lokalisering av hangaren til dei maritime patruljeflya inneber
ferdigstilling sommaren 2023, mot sommaren 2022, slik det opphavleg
var planlagt. Komiteen viser til
at Forsvarsdepartementet tilrår at kostnadsramma for prosjektet
vert auka til 2 400 mill. kroner, medrekna innreiing, meirverdiavgift,
gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for usikkerheit, og at styringsramma
vert auka til 2 000 mill. kroner. Komiteen merkar seg at Forsvaret
planlegg å ta i bruk P-8 frå ei mellombels løysing på Evenes frå
1. kvartal 2022 for å starte trening og øving av besetningane så
tidleg som mogeleg. Komiteen merkar
seg også at investeringskostnaden for utbygginga på Evenes er rekna
til 4 980 mill. 2020-kroner, inkludert kostnadsauken for hangaren
til P-8A, og såleis er innanfor den berekna verdien (p85) på 5,08
mrd. 2020-kroner.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil
understreke at ved handsaminga av byggeprosjektet på Evenes i Stortinget
var ikkje analysane av turbulenspåverknaden frå hangaren grundig nok
utført.
Desse medlemene vil òg understreke
at det på det noverande tidspunktet ikkje går fram kva løysinga for
å handtere overflatevatn og baneavising er, men at det kostar meir
enn ein tidlegare har rekna med. Desse medlemene understrekar
også at lokaliseringa gir auka kostnadar til massehandtering.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreka at
det er særs viktig i den tryggleikspolitiske situasjonen ein står
overfor, at Forsvaret får dei beste føresetnadar for å kunne utføre
dei oppgåvene dei er satt til. Desse medlemene er uroa over
den utviklinga ein er vitne til. Det er høg aktivitet i Barentshavet
med russisk oppøving og testing av moderne våpensystem. Alliert nærvær
med utgangspunkt frå flyplassar i Storbritania og Island har tatt
seg dramatisk opp. Desse
medlemene vil understeke at ambisjonane for norsk nærvær i
Barentshavet ikkje må senkast. Desse medlemene er uroa over
at det kan verte konsekvensen av ein kostnadssprekk for prosjektet
på Evenes, ettersom det er for mange uavklarte element som ein ikkje
veit kostnadsomfanget av på noverande tidspunkt.
Desse medlemene fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa om å leggje fram ei kostnadsoversikt over påkomne
og komande kostnadar for etableringa av basen for maritime overvakingsfly
på Evenes flystasjon.»
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet støttar ikkje forslaget om å auke kostnadsramma
med om lag 0,5 mrd. kroner for å etablere fasilitetar for maritime
patruljefly på Evenes flystasjon. Grunngjevinga for å auke kostnadsramma
er at hangaren si plassering må endrast, berre eitt år etter prosjektet
vart godkjent i Stortinget. Hangaren kan ikkje lengre plasserast
der han var tenkt, fordi det vil føre til turbulens. Denne medlemen vil
understreke at ved handsaminga av prosjektet i Stortinget i juni
2019 var ikkje analysane av turbulenspåverknaden frå hangaren grundig
nok utført. Det er kritikkverdig.
Denne medlemen viser til at
Luftfartstilsynet har gitt eit midlertidig løyve til ny plassering.
Avinor er pålagt å måle effekten av vind før eit endeleg løyve vert gitt.
Data frå nye vindmålingar når MPA-hangaren er oppført, er avgjerande
for om løyvet vert permanent. Denne medlemen viser til at
Harstad/Narvik lufthamn har særskilte utfordringar kring turbulens.
Lufthamna er sårbar for turbulent vind frå vest. Ei forverring av
turbulens ved terskel vil føre til svekt flytryggleik og regularitet
ved flyplassen.
Denne medlemen vil vidare peike
på at det ikkje er gitt løyve for eventuelle allierte hangarar.
Som det går fram av proposisjonen, vert det etablert tre oppstillingsplassar
for P-8A. Proposisjonen svarar ikkje ut allierte sine behov i form
av oppstillingsplassar ved øvingar og operasjonar ut frå Evenes
flystasjon. Denne medlemen viser
til at dersom ei utviding av hangarkapasitet vert planlagt gjennomført,
er ikkje denne omfatta av det noverande midlertidige løyvet. Det
er difor tvilsamt om ei utviding av hangarkapasitet for MPA lar seg
gjennomføre ved Evenes lufthamn. Slik denne medlemen ser det, er
det stor usikkerheit kring kostnadsbiletet for dette prosjektet,
og denne medlemen vil
difor ha ei grundigare evaluering av kostnadane før ein vel å løyve
meir midlar.
Denne medlemen viser til at
Stortinget ikkje var tilstrekkeleg informert om utfordringar knytte
til baneavising, val av kjemikaliar, bruk av sand på operative flater
og nærleik til RAMSAR-område under handsaminga av prosjektet i Stortinget
i 2019. Denne medlemen viser
til naturmangfaldlova og RAMSAR-traktaten, kor Stortinget har eit
særleg ansvar for å ta vare på naturmangfaldet i område som er råka
av etableringa av MPA-fasilitetar på Evenes flystasjon. Det er stor utryggleik
knytt til framtidig driftskonsept og konsekvensar for nærliggjande
natur samt vedlikehaldsbehov for militære fly. Dette kan føre til
lågare tilgjenge på flyskrog som opererer ut frå Evenes flystasjon.
Denne medlemen vil understreke
at det er fleire uavklarte element kring prosjektet som vil kunne
føre til svekt operativ evne i dei næraste åra. Lasteplass for våpenhandtering
for MPA er ikkje godkjent av ammunisjonsutvalet for MPA-systemet.
Tidsaspektet og kostnadsbiletet for godkjenning av lasteplass er
Stortinget ikkje orientert om. Denne medlemen viser til at
det vert etablert to MPA-hangarar for lett vedlikehald. Tyngre vedlikehald
må gjennomførast ved andre lokasjonar, då desse hangarane ikkje
er klargjorde for eller funksjonelle for tyngre vedlikehald. Vidare
viser denne medlemen til
at risikoen for svekt operativ leveranse frå MPA-systemet ikkje
vart vurdert i konsepta for innfasing av P-8A. Det er grunn til
uro for svekt operativ leveranse og svekt SAR-beredskap.
Denne
medlemen fremjar difor følgjande forslag:
«Stortinget
samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2020 kan starte opp nye investeringsprosjekt,
og endre kostnadsramma for tidlegare godkjente prosjekt, medrekna
større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt omtala i kapittel 2
Nye materiellprosjekt for godkjenning, kapittel 3 Nye eigedoms-,
byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning og kapittel 4 Endring
av tidlegare godkjente eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt i den framlagde
proposisjonen, innanfor dei fastsette kostnadsrammene, med unntak
av ei auka kostnadsramme på om lag 0,5 mrd. kroner for å etablere
fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes flystasjon.»