I dokumentet vert
følgjande forslag fremja:
«Stortinget
ber regjeringa, gjennom eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane,
om å opprette eit nasjonalt program for auka grunnbemanning og rekruttering
til den kommunale helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde
konkrete tiltak for å leggje til rette for lokalt forankra prosjekt
for auka grunnbemanning og mindre vikarbruk i helse- og omsorgstenesta.»