Forslag frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa,
gjennom eit samarbeid med KS og arbeidstakarorganisasjonane, opprette
eit nasjonalt program for auka grunnbemanning og rekruttering til
den kommunale helse- og omsorgstenesta. Programmet må innehalde
konkrete tiltak for å leggje til rette for lokalt forankra prosjekt
for auka grunnbemanning og mindre vikarbruk i helse- og omsorgstenesta.