Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at tradisjonen med å avleggja eid, det vil seia å stadfesta at ei utsegn er rett ved å påkalla Gud, er av gammal dato. Krav om å avleggja eid blei brukt på mange områder. Til dømes inneheldt Fredrik IIs sjørett frå 1561 ei rekke spreidde avgjersler om avlegging av eid.
I dag krev Grunnlova § 21 at alle sivile og militære embetsmenn før innsetjinga skal «sverje eller, om dei ved lov er fritekne frå å gjere eid, høgtidleg love lydnad og truskap til konstitusjonen og kongen». Embetsmenn som ikkje er norske borgarar, kan fritakast ved lov.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Senterpartiet og uavhengig representant Ulf Leirstein, er einig med forslagsstillarane i at dagens avlegging av eid ikkje lenger fyller noko praktisk føremål og kan erstattast av vilkår om at den som har eit embete, skal gje forsikring om lydnad og truskap.
Fleirtalet deler med det forslagsstillarane sitt syn på at det vil vera rett å endra Grunnlova slik at kravet om avlegging av eid blir fjerna, og slik at embetsmenn si plikt til å visa konstitusjonen lydnad og truskap klart går fram av lova.
Fleirtalet vil understreka at framlegget ikkje inneber materielle endringar av den lojalitetsplikta embetsmenn etter føresetnadane har etter gjeldande § 21 andre punktum i Grunnlova og ikkje-lovfesta reglar.
Fleirtalet viser også til at framlegget ikkje inneheld noko unntak frå kravet til lydnads- og truskapsplikt for embetsmenn som ikkje er norske statsborgarar.
Fleirtalet har vurdert dei to framlegga og meiner kravet om lydnads- og truskapsplikt bør gå fram av lova.
Fleirtalet har ingen fleire merknader og tilrår på dette grunnlaget at framleggets alternativ 2 blir vedteke, slik at § 21 andre punktum skal lyda:
«Disse har lydighets- og troskapsplikt til konstitusjonen og kongen.
–
Dei har plikt til å vere lydige og tru mot konstitusjonen og kongen.
§ 21 tredje punktum på nynorsk oppheves. Nåværende fjerde punktum på nynorsk blir tredje punktum.»
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Senterpartiet og uavhengig representant Ulf Leirstein mener at endringer av Grunnloven må være særskilt godt begrunnet, og at man bør være varsom med endringer som kan svekke Grunnlovens betydning.
I denne konkrete saken mener disse medlemmer at det er viktig å beholde ordlyden som understreker det spesielle ansvar som knytter seg til å inneha de høyeste stillingene i staten. Ved å beholde dagens formulering vil det ikke kunne være tvil om denne betydningen.
Disse medlemmer vil derfor tilråde at forslaget ikke bifalles.