Svar på representantforslag
37 S (2019-2020) om å forvalte bjørnebestanden ut frå riktig tal
på bjørn
Eg viser til brev
av 30. januar 2020 frå Energi- og miljøkomiteen om representantforslag
37 S (2019-2020) om å forvalte bjørnebestanden ut frå riktig tal
på bjørn.
Forslaga som er
fremja i representantforslaget lyd:
-
"1. Stortinget ber regjeringen utarbeide
en ny tellemetode for bjørneynglinger som viser det reelle nivået
på bestanden.
-
2. Stortinget ber regjeringen gjennomføre
en kartlegging av det reelle nivået på bjørnebestanden gjennom en telling."
Som øvste
ansvarlege for rovviltforvaltninga, har eg eit klart ansvar for
å sørge for at dei overordna rammene for forvaltninga er best mogeleg.
Det omfattar at overvakinga er god nok, og at vi får oppdaterte
og kvalitetssikra tal på om bestandsmåla blir nådd. Gode oversikter over
bestandane er eit viktig premiss for å kunne føre ei dynamisk og
føreseieleg rovviltforvaltning. Eg ser det samstundes som viktig
å ikkje blande politikk inn i val av metodikk i bestandsregistreringane
av rovvilt. Skiljet vi har i dag er viktig for å ha eit objektivt
grunnlag for vurderingane som blir gjort.
Nasjonalt overvåkingsprogram
for rovvilt skal sikre at kartlegginga og overvakinga av rovvilt
blir utført på ein best mogeleg måte og likt over heile landet.
Miljødirektoratet er ansvarleg for programmet. Rovdata har ansvar
for drift av det nasjonale overvakingsprogrammet, samt samanstilling,
kvalitetssikring og rapportering av resultata. Eg er trygg på at
vi har eit av verdas beste overvakingsprogram for rovvilt, og at
vi har gode metodar for overvaking av bjørn. Det er likevel slik
at det alltid vil kunne gjerast forbetringar av metodikken.
Fagrådet for Nasjonalt
overvåkingsprogram for rovvilt består av ekspertar på feltet. I
deira mandat heiter mellom anna at dei skal "gi råd til Miljødirektoratet om hvordan
Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt kan innrettes på en best
mulig måte, slik at resultater som fremkommer er faglig holdbare
og i henhold til anerkjent metodikk for bestandsovervåking av rovvilt".
Fagrådet skal altså bidra til kvalitetssikring av overvakinga, og vurderer
og kjem med anbefalingar om mellom anna innretning på og nyutvikling
av metodane som nyttast slik at overvakinga vert optimalisert. Alle
som vil kan ta kontakt med Fagrådet.
Trass i at eg meiner
det ikkje skal leggast politiske føringar på val av overvakingsmetodikk,
vil eg kort kommentere dei to forslaga som er fremja i representantforslaget.
Det fyrste forslaget
omhandlar å utarbeide ei ny metode for teljing av ungekull av bjørn.
Slik eg forstår bakgrunnen for forslaget, meiner dei som fremjar
representantforslaget at dokumentasjon av ungekull kan vere eit alternativ
eller supplement til dagens metode med estimering av talet på ungekull
av bjørn. Frå rovviltforliket i 2004 vart nettopp dokumenterte ungekull
lagt til grunn i vurderinga av måloppnåinga for bjørn. Det er utfordringar
knytt til bruk av denne metoden. For det fyrste ligg bjørnar i hi
i den perioden av året der sporsnø kan nyttast i overvakinga. Vidare
er bjørnar sky dyr, som ikkje vert observert ofte. Dersom binner
med ungar likevel vert sett, er det vanskeleg å sjå forskjell på
årsungar og fjorårsungar. Erfaring viser at ukritisk bruk av informasjon
frå publikum om observasjonar av binner med årsungar kan føre til
ei overestimering av talet på ungekull. Vidare er det slik at bjørneungar
er utsett for infanticid (ungedrap), der hannbjørnar drep ungar
dei ikkje er i slekt med. Dette kan føre til ei undersestimering
av talet på ungekull, og vil være ei feilkjelde når ein utover i
sesongen skal dokumentere ungekull.
I 2006 vart det
sett i gang innsamling og analysering av DNA-materiale frå bjørn
i delar av landet, og frå 2009 er dette gjort landsdekkande og gjennomført
årleg. Overvakinga gjev oss årleg tal over kor mange bjørnar som
minimum har vore innom Noreg i løpet av ein sesong. Sidan overvakinga
gjev talet på bjørn, og bestandsmålet er gjeve i tal på ungekull,
fekk Det skandinaviske bjørneprosjektet i oppdrag å utvikle ein
ny vitskapleg modell for å berekne sannsynleg tal på ungekull ut
frå det registrerte talet på binner. Modellen kom i 2010 (Bischof, R. og Swenson,
J.E., 2010, Estimating the number of annual reproductions based
on the number of female brown bears documented in Norway in 2008
and 2009), og er spesielt utvikla for å estimere tal på ungekull av
bjørn i Noreg. Modellen gjer overvakinga uavhengig av informasjon
om dokumenterte ungekull. Modellen og resultata frå og med 2008
vart lagt til grunn for Stortinget sitt arbeid med rovviltforliket
i 2011. Modellen avløyste den tidlegare metoden med bruk av dokumenterte
ungekull, og departementet legg resultata frå denne modellen til
grunn for vurdering av om bestandsmålet for bjørn er nådd.
Det andre forslaget
omhandlar å gjennomføre ei kartlegging av det reelle nivået på bjørnebestanden gjennom
ei teljing. Som det går fram av bakgrunnen til representantforslaget,
er dei som fremja forslaget godt kjent med at bjørnebestanden i
Noreg i dag vert overvaka gjennom årlege, landsomfattande DNA-innsamlingar.
Som nemnt over er dette gjort i Noreg sidan 2009. Feltpersonell
i Statens naturoppsyn (SNO) samlar inn DNA-materiale frå bjørn,
mellom anna ved sporing på snø, nyleg brukte hi, og ved undersøking
av skader på husdyr og tamrein. I tillegg er det godt lagt til rette
for at turgåarar, jegerar, næringsutøvarar og andre kan samle inn
prøver som også vert ein del av grunnlaget for analysane og resultata.
Frå lokalt hald har det i det seinare vore etterspurt informasjon
om og resultat frå DNA-analyser gjennom beitesesongen. Frå og med
i fjor har Rovdata endra rapporteringa av slike resultat, slik at
dette også føreligg gjennom beitesesongen og ikkje berre i den endelege
rapporten som kjem i april året etter at prøvene er samla inn.
I bakgrunnen for
forslaget går det fram at ei teljing for eksempel vil kunne gjennomførast
på snø om våren etter at bjørnane har vakna frå dvale. Her vil eg
nok ei gong peike på at eventuelle endringar i overvakingsmetodikk
ikkje bør vere basert på politisk fatta vedtak, men at innspel til
endringar kan kommuniserast til Fagrådet for Nasjonalt overvåkingsprogram
for rovvilt.