Sammendrag
Justis- og beredskapsdepartementet
fremmar i proposisjonen forslag til enkelte endringar i bilansvarslova.
Bilansvarslova gjennomfører
Noreg sine forpliktingar etter motorvognforsikringsdirektivet i
norsk rett. Dei seinare åra har det komme rettspraksis frå EU-domstolen
som har avklart og presisert verkeområdet for direktivet. På grunn
av dette foreslår departementet endringar i bilansvarslova § 2.
Departementet foreslår å oppheve regelen for lovleg uregistrerte
motorvogner i § 2 andre ledd første punktum. Denne endringa inneber at
verkeområdet for bilansvarslova blir utvida, og vil styrke det erstatningsrettslege
vernet for skadelidaren.
Departementet foreslår
òg å endre § 2 første ledd bokstav c om motorsport. Formålet med
denne endringa er i hovudsak å føre vidare dagens rettstilstand for
motorsport dersom bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum blir
oppheva. Det er starta ein prosess med å endre motorvognforsikringsdirektivet
i EU. Denne prosessen kan leie til at det blir aktuelt å endre reglane
om motorsport på eit seinare tidspunkt.
Departementet foreslår
å oppheve dei særlege reglane i bilansvarslova § 5 første ledd bokstav
c og § 10 andre ledd fjerde punktum om ansvar for skade på hund
som går laus. Dette vil likestille skade på hund med skade på andre
dyr i bilansvarslova, og det vil gi hundeeigarar det same erstatningsrettslege
vernet etter lova som andre dyreeigarar har.
Departementet foreslår
vidare å heve ansvarsgrensa for tingskadar i bilansvarslova § 9.
Det er i dag eit tak på 10 000 000 kroner i erstatning for tingskadar
som oppstår i same hending. På bakgrunn av endringar i skadebiletet
dei seinare åra og rettstilstanden i dei andre nordiske landa foreslår
departementet å heve grensa til 100 000 000 kroner.
Departementet foreslår
enkelte endringar i §§ 10, 13 og 15. Formålet med desse forslaga
er å klargjere og forenkle reglane om forsikringsplikt, Trafikkforsikringsforeningen
sitt ansvar for uforsikra motorvogner og regressansvaret.
Departementet foreslår
òg nokon mindre endringar, blant anna av språkleg art, som ikkje
har noko å seie for innhaldet.
I proposisjonens
kapittel om økonomiske og administrative konsekvensar uttaler departementet
at forslaget om å oppheve føresegna i § 2 andre ledd første punktum
berre får følgjer for lovleg uregistrerte motorvogner. Det inneber
ei utviding av forsikringsplikta for slike motorvogner, fordi dei
etter forslaget må vere forsikra òg når dei er på ein stad der ålmenta
ikkje kan ferdast. Departementet har ikkje oversikt over kor mange motorvogner
forslaget får følgjer for, men det er ei nokså snever gruppe motorvogner.
Forslaget kan føre til auka forsikringsutgifter for dei som har
lovleg uregistrerte motorvogner. Samtidig vil det gi betre dekning
for skadelidaren.
Dei foreslåtte endringane
i § 2 første ledd bokstav c om motorsport er berre meinte som ei
vidareføring av gjeldande rett og vil derfor i utgangspunktet ikkje
ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Trafikkforsikringsforeningen
kan likevel få eit noko utvida ansvar.
Departementet foreslår
å oppheve unntaket for hund som går laus. Det finst inga oversikt
over kor mange hundar som årleg blir skadde i trafikken. Det er
derfor ikkje mogleg å seie nøyaktig korleis talet på forsikringsutbetalingar
vil bli påverka av at bilansvaret blir utvida til å omfatte lause
hundar. Når det gjeld storleiken på erstatningsutbetalingane, er
det grunn til å tru at det vil dreie seg om relativt små beløp samanlikna
med dei vanlegaste ting- og personskadane. Den auken i forsikringsutbetalingar
som lovforslaget kan gi, vil i siste omgang bli dekt gjennom forsikringspremiane.
Departementet går ut frå at forslaget ikkje vil føre til ein nemneverdig
auke i forsikringspremien.
Lovforslaget gir
hundeeigarar eit sterkare erstatningsrettsleg vern. Det vil ikkje
ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.
Departementet foreslår
å heve ansvarsgrensa for tingskadar til 100 000 000 kroner. Det
vil føre til at skadelidaren normalt får erstatta sitt økonomiske
tap fullt ut, òg ved svært omfattande materielle skadar. Det å heve
ansvarsgrensa kan gi auka forsikringspremiar og føre til høgare
gjenforsikringskostnader for forsikringsselskapa. Det er nok særleg
dei store, tunge køyretøya som får auka forsikringspremiar. For
skadelidaren har forslaget positive konsekvensar. Det er særleg
ved omfattande skadar på offentleg infrastruktur at ein vil kunne
komme opp i så store beløp at den høgare ansvarsgrensa kan få praktiske
følgjer. Det offentlege som skadelidar vil då få betre dekning.