Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet legg i Prop. 24 S (2019–2020) fram forslag til endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2019.

Departementet foreslår i proposisjonen mellom anna endringar i kap. 490 Utlendingsdirektoratet, kap. 491 Utlendingsnemnda og kap. 3490 Utlendingsdirektoratet. Sjå nærare omtale av dei nemnde endringane i proposisjonen.

I denne innstillinga vert dei nemnde endringane behandla. Dei andre forslaga til endringar som er omtala i proposisjonen, vert behandla av justiskomiteen, utanom kap. 480 Svalbardbudsjettet, som vert behandla av utanriks- og forsvarskomiteen.