Omprioriteringar
Regjeringa foreslår
i denne proposisjonen naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for
2019 på utgifts- og inntektssida.
Forsvarsdepartementet
foreslår at 146 mill. kroner blir omdisponerte for å styrke forsyningsberedskapen for
ammunisjon i Forsvaret, jf. målsettinga for langtidsplanen for forsvarssektoren.
Ved å tilføre 146 mill. kroner vil forsyningsberedskapen for ammunisjon
i Forsvaret bli betrakteleg forbetra.
Det er signert kontrakt
om sal av fem utrangerte C-130H Hercules transportfly med tilhøyrande
reservedelar. Salet er godkjent av norske (Utanriksdepartementet
og Forsvarsdepartementet) og amerikanske (United States Department
of State) myndigheiter. Salsprisen er 4,5 mill. dollar, dvs. om
lag 40 mill. kroner. Forsvarsdepartementet foreslår å nytte inntekta
på om lag 30,0 mill. kroner frå salet av Hercules til å dekkje opp
for auka valutautgifter i Forsvaret.
Vidare foreslår Forsvarsdepartementet
å omdisponere 19,2 mill. kroner til etableringa av ein leir på Skjold i
Troms for nederlandske styrkar som trener og øver i Noreg.