Post
70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar
Som følgje av meirutgiftene
Riksantikvaren har som tilskotsforvaltar i 2019, føreslår BFD å
redusere kap. 882, post 70 med 0,4 mill. kroner mot ein tilsvarande
auke på kap. 1429, post 1 under Klima- og miljødepartementet.
Spørsmålet om eit
bevaringsprogram for kyrkjebygg, jf. Innst. 14 S (2018–2019), vil
departementet komme tilbake til i samanheng med oppfølginga av meldinga
til Stortinget om Opplysningsvesenets fond, jf. Meld. St. 29 (2018–2019).
Riksantikvaren tildeler
tilskot til einskilde kyrkjebygg, mellom anna til brann- og klimasikring,
etter søknad. Midlane vil i hovudsak komme til utbetaling til dei aktuelle
kommunane i 2020. For å sikre korrekt postbruk og ta omsyn til tidspunkt
for utbetaling føreslår BFD å redusere løyvinga på kap. 882, post
70 med 13,8 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 882, post 61,
jf. omtale under post 61.
Nye anslag for behovet
for midlar til krigsgravtenesta i 2019 tilseier at ein større del
av desse midlane blir fordelte til kap. 327, post 70. BFD føreslår
derfor å redusere kap. 882, post 70 med 0,4 mill. kroner mot ein
tilsvarande auke på kap. 327, post 70 under Kulturdepartementet.
Samla føreslår BFD
å redusere kap. 882, post 70 med 14,6 mill. kroner.