Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
fra Høyre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, fra Fremskrittspartiet,
Grethe Andersen, fra Senterpartiet, Nils T. Bjørke, fra Sosialistisk
Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og uavhengig representant
Ulf Leirstein, viser til at målet med undersøkinga har vore
å vurdera i kva grad forvaltninga bidreg til å vareta omsynet til
miljø og fiskeri ved petroleumsverksemda i nordområda, og kva som
er årsakene til eventuelle manglar. Undersøkinga omhandlar i hovudsak
perioden 2015–2018.
Komiteen merkar seg at leiteaktiviteten
i Barentshavet har auka dei siste åra, og Norge er gjennom internasjonale
avtalar og petroleumslova forplikta til å vareta miljø og fiskeri
i samband med petroleumsverksemda.
Komiteen registrerer at det
er mange involverte instansar, og vil peika på at rettshavaren har
ansvar for å vareta tryggleik, miljø og beredskap. Olje- og energidepartementet,
Arbeids- og sosialdepartementet og Klima- og miljødepartementet
med underliggjande etatar har ansvar for å stilla krav til og følgja
opp rettshavaren for mellom anna å redusera påverknaden på miljøet,
vareta fiskeria og redusera konsekvensane dersom det skulle skje
ei ulukke. Samferdselsdepartementet ved Kystverket har ansvar for
den statlege oljevernberedskapen, og Nærings- og fiskeridepartementet
har ansvar for fiskeripolitikken. Undersøkinga har også sitt utgangspunkt
i både petroleumslova, forureiningslova og naturmangfaldslova, samt
ei rad forskrifter og stortingsmeldingar.
Komiteen viser til Riksrevisjonen
sine hovudfunn:
-
Ved tildeling av
utvinningsløyve varetar Olje- og energidepartementet ressursperspektivet
i tråd med petroleumslova.
-
Klima- og miljødepartementet
gjer for lite for å sikra eit betre grunnlag for å vurdera risikoreduserande
tiltak.
-
Det er for lite
samhandling mellom Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet
i arbeidet med utbyggingsplanar.
-
Seismikkrådgjevinga
frå styresmaktene er ikkje tilstrekkeleg systematisk og kunnskapsbasert.
-
Styresmaktene har
ikkje sørgd for at oljeberedskapen er godt nok tilpassa dei særskilte
forholda i nordområda.
-
Samferdselsdepartementet
har gjort for lite for å styrka forsking som kan bidra til ny og
meir effektiv oljevernteknologi for nordområda.
-
Samordninga av oljevernberedskapen
i Barentshavet er ikkje godt nok avklart.
-
Miljødirektoratet
og Kystverket utnyttar ikkje kvarandre sin kompetanse godt nok for
å sikra ein robust og effektiv beredskap.
Komiteen merkar
seg Riksrevisjonen sine hovudfunn og vil spesielt peika på at det
her kjem klart fram at fleire departement og andre statlege instansar
kvar for seg har gode rutinar, men at dei ikkje har hatt god nok samhandling
seg imellom.
Komiteen registrerer at Oljedirektoratet
og Petroleumstilsynet har tett kontakt med operatøren i planleggingsfasen
for utvikling og drift (PUD) og arbeider for å sikra at miljøet
blir varetatt innanfor rammer og regelverk.
Komiteen deler Riksrevisjonen
sin kritikk av at Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet involverer
Miljødirektoratet i for liten grad i vurderinga av kostnadene ved
og nytten av miljøtiltak. Først etter at PUD er godkjent begynner
miljøstyresmaktene å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova.
Dette kan bidra til at tiltak som kan redusera den negative påverknaden
på miljøet, ikkje blir tidsnok og tilstrekkeleg vurderte i planleggingsfasen
av ei utbygging. Miljøstyresmaktene si rolle blir med dette avgrensa
til å vera høyringspart i denne prosessen. Når Miljødirektoratet
først begynner å behandla søknaden om løyve etter forureiningslova når
utbygginga er fullført, kan det då vera urimeleg kostbart å gjennomføra
tiltak.
Komiteen er einig med Riksrevisjonen
i kor viktig det er at miljøstyresmaktene er meir aktive tidlegare
i prosessen med PUD for å bidra til at nytten av og kostnadene ved
løysingar som reduserer påverknaden på miljøet, blir godt nok vurderte.
Komiteen deler Riksrevisjonen
si oppfatning av at det er kritikkverdig at petroleumsstyresmaktene
og miljøstyresmaktene ikkje samhandlar betre ved planlegging, behandling
og oppfølging av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.
Komiteen støttar Riksrevisjonen
sine tilrådingar når det gjeld Olje- og energidepartementet om å:
-
vera meir opne om
korleis høyringsinnspela til forslag til utlysing av utvinningsløyve
blir vurderte og handterte.
-
ha ein betre fagleg
dialog med Klima- og miljødepartementet om vilkår i utvinningsløyve
der det er særskilte utfordringar.
-
involvera miljøstyresmaktene
tettare i sakshandsaminga av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.
-
i samarbeid med
Nærings- og fiskeridepartementet setja i verk tiltak for å gjera
seismikkrådgjevinga meir systematisk og kunnskapsbasert, og sørgja
for at seismikkrådgjevinga også tek i vare omsyna til sjøpattedyr.
Komiteen støttar
Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Klima- og miljødepartementet
(Miljødirektoratet) om å:
-
styrka samarbeidet
med næringa for å heva kvaliteten på miljørisikoanalysane og beredskapsanalysane.
-
vurdera å setja
i gang behandlinga av søknader om løyve etter forureiningslova tidlegare
for feltutbyggingar i petroleumsverksemda.
-
betra sakshandsaminga
og krava som blir stilte til operatørane sin oljevernberedskap.
-
følgja tettare opp
den kommunale beredskapen i samarbeid med Samferdselsdepartementet
(Kystverket).
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet syner til at kommunane i nordområda har
eit tungt ansvar for vernebuinga langs kysten. Likevel er det lite støtte
å hente frå ein stat som ikkje har makta å koordinere innsatsen. Denne medlemen legg
til grunn at kommunane i langt større grad må vere involverte i
dette arbeidet og samstundes få dei økonomiske midlane som dette
fordrar.
Komiteen støttar
Riksrevisjonen sine tilrådingar når det gjeld Samferdseldepartementet
(Kystverket) om å:
-
vurdera tiltak for
å styrka forskinga på nye metodar for oljevern i is.
-
sikra betre kjennskap
til innhaldet i operatørane sine beredskapsplanar.
-
vurdera det nasjonale
beredskapssystemet i nordområda ved å gjennomføra beredskapsanalysar
og øvingar i samarbeid med næringa og andre styresmakter.
Komiteen merkar
seg at Klima- og miljødepartementet og Samferdselsdepartementet
i hovudsak er samde i Riksrevisjonen sine tilrådingar, og at dei
vil følgja desse opp.
Komiteen registrerer at statsråden
for Olje- og energidepartementet ikkje kjenner seg igjen i Riksrevisjonen
si vurdering av at det er lite samhandling mellom petroleumsstyresmaktene
og miljøstyresmaktene ved planlegging, behandling og oppfølging
av utbyggingsplanar i petroleumsverksemda.
Komiteen viser til at Riksrevisjonen
si undersøking peikar på at medan Oljedirektoratet og Petroleumstilsynet
er tett involverte i planlegginga av ei utbygging, er Miljødirektoratet
ikkje på den same måten i direkte dialog med operatørane i planleggingsfasen
for PUD. Miljødirektoratet har vidare lite kontakt med Oljedirektoratet
og Petroleumstilsynet i denne fasen.
Komiteen ser det som kritikkverdig
at dei aktuelle departementa og underliggjande organa ikkje samarbeider
betre, slik at ein kan vareta miljø og fiskeri ved petroleumsverksemd
i nordområda betre.
Komiteen vil spesielt peika
på at det er naudsynt at Olje- og energidepartementet har ein betre
dialog med Klima- og miljødepartementet for å avklara om det er
behov for strengare vilkår i utvinningsløyve der det er særlege
utfordringar.
Komiteen vil understreka at
det er regjeringa som må ta ansvar for å sikra god samordning mellom departementa
for å vareta heilskapen ved utbyggingar. Ikkje minst er dette viktig
i Barentshavet, der det er ein aukande kritisk debatt både nasjonalt
og internasjonalt om norsk oljeverksemd. Derfor er det også viktig
at ein har gode samarbeidsrelasjonar mellom aktørane, og at ein
tek miljøperspektiva inn i all verksemd, men også at ein kan dokumentera
det ein gjer, og det føreset at det er openheit om vurderingane.
Komiteen ventar at spørsmåla
kring oljeverksemda i Barentshavet vil bli meir inngåande framover, og
då må også svara vera betre, og me kan ikkje ha heftande ved aktiviteten
eit inntrykk av at Olje- og energidepartementet ikkje involverer
Klima- og miljødepartementet med fleire så godt som Stortinget forventar.
Komiteen viser til at undersøkinga
omfattar heile fem departement:
-
Arbeids- og sosialdepartementet
-
Klima- og miljødepartementet
-
Nærings- og fiskeridepartementet
-
Olje- og energidepartementet
-
Samferdselsdepartementet
Gjennomgåande
mangelfull samordning og samhandling, der alle departementa, unnateke
Olje- og energidepartementet, i hovudsak sluttar seg til Riksrevisjonen
sine tilrådingar, inneber ikkje at komiteen her utelukkande er
kritisk til Olje- og energidepartementet. Det er ei samla regjering
som har ansvaret for god samhandling mellom departementa, og komiteen forventar
at regjeringa tar grep som gjer at ein samla sett betre varetar
miljø og fiskeri ved petroleumsverksemd i nordområda.