Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa gjennom sin dialog med dei regionale helseføretaka syte for at Beslutningsforum sitt vedtak om hemmeleghald blir gjort om, og at konklusjonane frå Statens legemiddelverk sine kost–nytte-vurderingar blir offentleggjorde.

  2. Stortinget ber regjeringa sikre full openheit om avgjerdsgrunnlaget for prioriteringar i helsetenesta – deriblant meirkostnaden per kvalitetsjusterte leveår ved å innføre eit tiltak, budsjettkonsekvensane ved å innføre eit tiltak og praktiseringa av alvorskriteriet.

  3. Stortinget ber regjeringa opprette eit nasjonalt prioriteringsråd etter modell frå Sverige for å breie ut prioriteringsdebatten og sikre at han handlar om meir enn tilgang til nye legemiddel. Openheit og rettferd er grunnleggande verdiar for prioriteringar i helsevesenet. Mangel på openheit og aukande hemmeleghald svekkjer tilliten til at dei prioriteringsvedtaka som blide gjorde i den offentlege helsetenesta, er rettferdige.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslaget.