Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ei vurdering frå lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet av om MiFIR inneber suverenitetsavståing til EU eller ESA som er meir enn «lite inngripande».
Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein proposisjon med naudsynte lovendringar som fylgje av eventuell EØS-innlemming av CRR- og CRD IV-regelverket.
Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein ny proposisjon om samtykke til innlemming av regelverka MiFIR, CRR, CRD IV og MiFID II i EØS-avtalen, der det (1) er gjeve ein grundig kost–nytte-analyse av slik innlemming ut frå norske interesser, (2) er gjort greie for norsk suverenitet og handlingsrom på kort og lang sikt ved innlemming av kvart av regelverka og av regelverka samla og (3) er gjeve EØS-tilpassingar som sikrar norsk suverenitet.
Stortinget ber regjeringa utan å vente på EØS-innlemming av CRR og CRD IV ta nødvendige skritt slik at SMB-rabatten i kapitaldekningskrava kan verte innført, og slik at Basel I-golvet, som var meint som ein overgangsregel i kapitaldekningsregelverket, kan verte fjerna så snart som råd og helst omgåande.