Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal
og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Henrik
Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø,
fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar
Engeli Johansen, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve
Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Solveig Skaugvoll
Foss, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug,
fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, og fra Rødt, Bjørnar Moxnes,
viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 79/2019 og nr. 78/2019
av 29. mars 2019 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2013/36/EU
(CRD IV) og forordning 575/2013/EU (CRR), og direktiv 2014/65/EU (MiFID
II) og forordning 600/2014/EU (MiFIR), krever samtykke fra Stortinget
på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art.
103. Komiteen har forelagt
innstillingsutkastet for utenriks- og forsvarskomiteen, som i brev
av 3. juni 2019 opplyste at den slutter seg til finanskomiteens
utkast til innstilling, og at utenrikskomiteens flertall, alle unntatt
medlemmet fra Senterpartiet, ikke har ytterligere merknader.
Utenriks- og forsvarskomiteens
medlem fra Senterpartiet fremmer følgende forslag i saken:
«Stortinget
ber regjeringa utan å vente på EØS-innlemming av CRR og CRD IV ta
nødvendige skritt slik at SMB-rabatten i kapitaldekningskrava kan
verte innført og Basel I-golvet, som var meint som ein overgangsregel i
kapitaldekningsregelverket, kan verte fjerna så snart som råd og
helst omgåande.»
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti
og Rødt, slutter seg til regjeringens forslag.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt meiner at
det ikkje er i norske interesser å innlemme det aktuelle EU-regelverket
i EØS-avtalen på det noverande tidspunktet. Desse medlemene støttar difor
ikkje regjeringa sitt framlegg.
Desse medlemene vil ikkje gje
samtykke til innlemming av MiFIR i EØS-avtalen no fordi ei slik
innlemming vil innebere suverenitetsavståing, og det er heller ikkje
avklart om ei slik innlemming vil innebere suverenitetsavståing
som er meir enn «lite inngripande». Desse medlemene meiner at lovavdelinga
må avklare dette før det er forsvarleg for Stortinget å fatte avgjerd
i saka. Fram til dette er klarlagt, krev desse medlemene at EØS-komiteen
si avgjerd om å innlemme MiFIR i EØS-avtalen vert oppheva eller
suspendert. Desse
medlemene peiker på at særleg artiklane 40, 41, 42 45, 46
og 47 er problematiske med tanke på norsk suverenitet. Å implementere
MiFIR i EØS-avtalen inneber å implementere heimlar for å treffe
vedtak i EU sitt finanstilsynssystem, jf. Prop. 100 S (2015–2016). Desse medlemene viser
til at Senterpartiet røysta imot å underordne norsk finanstilsyn
EUs finanstilsynssystem, jf. merknader i Innst. 382 S (2015–2016).
Raudt var ikkje representert på Stortinget den gongen.
Desse medlemene vil heller
ikkje gje samtykke til innlemming av CRR og CRD IV i EØS-avtalen
no fordi Stortinget først må få høve til å vurdere naudsynte endringar
i norsk lov som fylgje av ei slik innlemming. Desse medlemene meiner at det
ikkje er trong for å oppheve eller suspendere EØS-komiteen sitt
vedtak for desse regelverka, men at Stortinget må avvente med å gje
eit eventuelt samtykke fram til etter at lovendringane er behandla.
Desse medlemene vil ikkje gje
samtykke til innlemming av MiFID II i EØS-avtalen no som fylgje
av at det er naturleg å sjå eit slikt samtykke i samanheng med samtykke
til innlemming av MiFIR, CRR og CRD IV. Desse medlemene meiner at det
ikkje er trong for å oppheve eller suspendere EØS-komiteen sitt
vedtak for dette regelverket, men at Stortinget må vente med å gje eit
eventuelt samtykke til saka er betre opplyst.
Desse medlemene vil på generelt
grunnlag gjere det klart at forarbeida til regjeringa i desse sakene ikkje
er tilstrekkeleg til at Stortinget på ansvarleg vis kan fatte avgjerd.
Det er høgst uklart kva fylgjer ei innlemming av dei fire regelverka
kan få for norsk suverenitet og handlingsrom på finansområdet, særleg
på lang sikt. Desse
medlemene viser til at regelverka kvar for seg er omfattande,
men at dei til saman representerer ei massiv bandlegging av norsk
handlingsrom på finansområdet som kan vere større enn summen av
det einskilte regelverket.
Desse medlemene fremjar fylgjande
framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ei vurdering frå
lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet av om MiFIR inneber
suverenitetsavståing til EU eller ESA som er meir enn ‘lite inngripande’.»
«Stortinget
ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein proposisjon med
naudsynte lovendringar som fylgje av eventuell EØS-innlemming av
CRR- og CRD IV-regelverket.»
«Stortinget
ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein ny proposisjon
om samtykke til innlemming av regelverka MiFIR, CRR, CRD IV og MiFID
II i EØS-avtalen, der det (1) er gjeve ein grundig kost–nytte-analyse
av slik innlemming ut frå norske interesser, (2) er gjort greie
for norsk suverenitet og handlingsrom på kort og lang sikt ved innlemming
av kvart av regelverka og av regelverka samla og (3) er gjeve EØS-tilpassingar som
sikrar norsk suverenitet.»
Desse medlemene viser
til at ein slik proposisjon må kome i etterkant av at vurderinga
frå lovavdelinga er klar, og etter at Stortinget har behandla naudsynte
regelverkendringar som fylgje av ei eventuell innlemming av CRR
og CRD IV i EØS-avtalen.
Desse medlemene presiserer
at dei er positive til og har røysta for dei delane av det aktuelle
regelverket som allereie er implementerte i norsk lov. Desse medlemene meiner
det er riktig at ein frå norsk side i likskap med EU har valt å
ha eit regelverk som er i tråd med internasjonale standardar på
dette området. Det er likevel langt frå ei slik vurdering til å
meine at EU eller ESA skal ha suverenitet og makt over Noreg og
norske personar og bedrifter på dette området. Desse medlemene ber regjeringa
i første omgang om å få fakta på bordet, og samstundes ber desse medlemene om
at regjeringa sikrar norsk suverenitet gjennom EØS-tilpassingar
i forhandling med EU. Desse
medlemene presiserer at norsk finansnæring sine behov må ivaretakast,
og at regjeringa og departementet må ha god dialog med bransjen
for å sikre forsvarleg framdrift av regelverksarbeidet.
Desse medlemene meiner det
er uforsvarleg for Stortinget å fatte ei avgjerd om samtykke til
EØS-innlemming i desse sakene på det faktagrunnlaget regjeringa
her legg fram.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet viser
til framlegget frå utanriks- og forsvarskomiteen sitt medlem frå
Senterpartiet, og fremjar fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa utan å vente på EØS-innlemming av CRR og CRD IV ta
nødvendige skritt slik at SMB-rabatten i kapitaldekningskrava kan
verte innført, og slik at Basel I-golvet, som var meint som ein
overgangsregel i kapitaldekningsregelverket, kan verte fjerna så
snart som råd og helst omgåande.»