Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal
og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Henrik
Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø,
fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar
Engeli Johansen, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve
Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski,
fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, fra
Miljøpartiet De Grønne, Kristoffer Robin Haug, og fra Rødt, Bjørnar
Moxnes, tar rapporten til orientering.
Komiteen viser til at Stortinget
i desse dagar behandlar eit framlegg til ny sentralbanklov der representantskapet
si rolle vert styrkt.
Komiteen er opptekne av at
representantskapet i tråd med dette gjer ei kritisk vurdering av
eigen arbeidspraksis og ser til at denne er i tråd med målet om
god og effektiv folkevald kontroll av verksemda Noregs Bank utfører
på vegner av landet og folket. Det er viktig at tilsynet held eit
høgt nivå og er kritisk, granskande og relevant. Komiteen peiker på at Grunnlova
§ 75 bokstav c tydeleg streker under Stortinget si viktige rolle
overfor Noregs Bank. Representantskapet si verksemd må sjåast i
ljos av dette.
Komiteen oppmodar særskilt
om at ein vurderer om dagens rapport frå representantskapet til
Stortinget har ei form og eit innhald som gjer at den er relevant
for Stortinget og legg til rette for folkevald kontroll av Noregs
Bank si verksemd. Komiteen peiker
på at rapporten er lang, formalistisk og prega av standardformuleringar
og avsnitt som i hovudsak er identiske frå år til år. Komiteen ber
representantskapet vurdere om ein kortare og meir problemfokusert
rapport kan vere meir tenleg. Ein slik rapport kunne også hatt større
interesse hjå ålmenta, som er Noregs Bank sine eigentlege eigarar og
oppdragsgjevarar.
Komiteen vil elles gjerne sjå
at representantskapet og finanskomiteen kan kome saman for å drøfte
aktuelle problemstillingar og ha ein dialog om representantskapet
si verksemd.
Komiteen er opptekne av at
regjeringa og Stortinget samrøystes har gått inn for at representantskapet skal
oppretthaldast. Det er essensielt at representantskapet vert sikra
gode arbeidsvilkår for å kunne utføre samfunnsoppdraget sitt. I
dette ligg tilgang til informasjon og at representantskapet sitt
sjølvstende skal sikrast.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei
Grøne peiker på at dagens organisering, der representantskapet
sitt sekretariat (tilsynssekretariatet) held til i Noregs Bank sine
lokale, ikkje står fram som ei god løysing på lengre sikt med tanke
på behovet for sjølvstende. Desse medlemene meiner at det
ut frå ei slik vurdering vil vere ein styrke om tilsynssekretariatet
får lokale utanfor Noregs Bank. Desse medlemene ber representantskapet
vurdere dette nøyare i ljos av den styrkte rolla representantskapet
no får.
Desse medlemene peiker elles
på at Noregs Bank formelt ikkje er underlagd lov om målbruk i offentleg
teneste (mållova). Desse
medlemene viser til at Noregs Bank likevel skal fylgje mållova,
og at representantskapet kan føre tilsyn med dette.
Desse medlemene viser til at
representantskapet – i kraft av å vere kontroll- og tilsynsorganet
til Stortinget i sentralbanken – skal føre direkte tilsyn med alle delar
av verksemda. Desse
medlemene meiner økonomistyringa i banken og det som står
fram som ein betydeleg og aukande pengebruk, er noko representantskapet
kunne undersøkje nærmare det neste året.
Desse medlemene viser til at
representantskapet utfører eit viktig arbeid på vegner av Stortinget
og det norske folket.