Sammendrag
av rapporten
Etter Grunnlova § 33
er Noregs Bank sentralbanken i landet. Verksemda er regulert i lov
av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova).
Noregs Bank er eit eige rettssubjekt, eigd av staten.
Hovudstyret har den
utøvande og rådgivande makta etter sentralbanklova. Som sentralbank
og forvaltar av Statens pensjonsfond utland (SPU) er institusjonen gitt
stor tillit. Hovudstyret leier verksemda og forvaltar midlane til
sentralbanken.
Etter grunnlova § 75c
skal Stortinget «føre oppsyn med pengestellet i riket». Denne oppgåva
blir mellom anna teken hand om gjennom representantskapet i Noregs
Bank, som er valt av Stortinget og er samansett av 15 medlemmer
og 2 møtande varamedlemmer. Tilsynsrolla til representantskapet
er heimla i sentralbanklova. Tilsyns- og kontrollorganet har eit
overordna ansvar for å føre tilsyn med korleis Noregs Bank blir
driven, og om dei formelle rammene blir etterlevde. Kvart år vedtek
representantskapet budsjettet for Noregs Bank og fastset årsrekneskapen.
Ifølgje sentralbanklova
§ 30 skal representantskapet «minst én gang årlig legge fram for
Stortinget sin uttalelse om hovedstyrets protokoller og tilsynet
med banken, jf. § 5, fjerde ledd femte punktum». I dette dokumentet
gir representantskapet ein fullstendig rapport om tilsynet med Noregs
Bank og gjennomføringa av ansvaret og oppgåvene som representantskapet
har etter lova. Fråsegna og gjennomføringa av tilsynet er beskrivne
i denne rapporten. Prioriteringar, avgjerder og organisering av
arbeidet er òg omtalt.
Regjeringa har i
2018 lagd fram Meld. St. 7 (2018–2019) Om ny sentralbanklov. For
representantskapet har det vore positivt å følgje prosessen i lovarbeidet.
Sentrale spørsmål for Noregs Bank om mandat og formål, styring, oppgåver
og organisering er avklarte. Fleire vesentlege avklaringar er no
gjorde: Det er etablert ein fagkomité for pengepolitikk og finansiell
stabilitet, representantskapet skal framleis vere det øvste tilsyns-
og kontrollorganet, og forvaltinga av Statens pensjonsfond utland
skal vere ei oppgåve som er organisert i Noregs Bank.
Signala frå regjeringsbehandlinga
av den kommande lovendringa har mykje å seie for det vidare arbeidet til
representantskapet. Stortinget nemner opp medlemmene, som har brei
samfunnserfaring. Ein legg vekt på kompetansen til representantskapet
og evna til å forstå oppgåvene til sentralbanken. Utvikling av arbeidsprosessar
og metodar for å gjennomføre eit godt tilsyn er svært viktig.
Ut frå rolla si er
medlemmene i representantskapet merksame på tema i den offentlege
debatten som gjeld dei forholda representantskapet skal ha tilsyn
med. Tilsynet føreset god kunnskap om Noregs Bank med tanke på verksemd,
organisering og rammeverk for styring og kontroll. Det er eit mål
for representantskapet å sikre det demokratiske innsynet i og den
uavhengige kontrollen med verksemda til Noregs Bank. Det skal vere
ei brei oppfatning i Stortinget at representantskapet utøver eit kvalifisert
og effektivt tilsyn med Noregs Bank i tråd med sentralbanklova og
forventingane til Stortinget.
Representantskapet
ønskjer ein open og tydeleg dialog om arbeidet sitt i kommunikasjonen
med hovudstyret og leiinga i Noregs Bank, Finansdepartementet, Stortinget,
Riksrevisjonen og andre relevante kontroll- og tilsynsorgan.
Rapporten baserer
seg på risikovurderingar og observasjonar gjennom året. Eit viktig
grunnlag for konklusjonane i tilsynsarbeidet er gjennomgangen av
protokollar og dokument som er sende frå hovudstyret, og utgreiingar frå
sentralbanksjefen i møta. Måla for tilsynet blir fastsette i langsiktige
plandokument og årlege tilsynsplanar.
Gjennom året blir
det utført kontinuerleg tilsyn med verksemda til Noregs Bank i representantskapsmøta.
Ein følgjer nøye med på at reglane for verksemda blir følgde, at
det er etablert tilfredsstillande rutinar for styring av og kontroll
med bankverksemda, og at hovudstyret har formålstenlege rutinar
og prosessar når det kjem fram til avgjerder og råd. Tryggleiksstyring,
beredskapsplanlegging og handtering av kriser innanfor fysisk tryggleik
og IT-tryggleik i Noregs Bank har høg prioritet og blir følgd gjennomgåande
i tilsynet. Ein følgjer nøye med på IT-utviklinga og endringsprosessane
i organisasjonen gjennom verksemdsrapportering og budsjettdokument.
Representantskapet
behandlar rapportar frå tilsynssekretariatet om gjennomgangar og
vurderingar av Noregs Bank. I 2018 er det lagt fram fem rapportar
i tråd med godkjende planar. To rapportar som dekkjer heile Noregs
Bank, omfattar handtering av kriser og beredskap, inkludert fysisk
tryggleik, og styring av og kontroll med IT-tryggleik. Innanfor
kapitalforvaltinga har to gjennomgangar handla om ansvarleg forvaltingsverksemd.
Det har vore vurdert i kva grad Noregs Bank etterlever OECD-retningslinjene
for fleirnasjonale selskap, og korleis ein har handtert utestengingar
og observasjonar av selskap i SPU. Ein har òg sett på resultatoppfølging
ved mandatendringar. I tilsynsgjennomgangane er det ikkje gjort
funn som har medført rapportering til hovudstyret med tilrådingar
om strakstiltak.
Representantskapet
har behandla brev frå hovudstyret om tilsynsrapportar og er nøgd
med svara, som òg inneheld tiltak for oppfølging av konklusjonar
og tilrådingar. Det er ingen uteståande oppfølgingspunkt.
I tilsynsgjennomgangar
i 2018 er det peikt på behovet for klar kommunikasjon og rapportering
av avgjerder, resultat og risiko. Representantskapet registrerer
at hovudstyret i det mest vesentlege er einig i at rapporteringa
på enkelte område bør vidareutviklast. Rapportering skal oppfylle
styringsformål, dekkje kontrollbehov og sikre openheit om verksemda
i Noregs Bank. Representantskapet har vedteke ein tilsynsplan for
2019 som inkluderer eigne tilsynsgjennomgangar på områda intern
og ekstern rapportering.
Representantskapet
har merka seg at hovudstyret har gitt uttrykk for at erfaringane
med dei ulike investeringsstrategiane i forvaltinga av SPU vil vere
ein viktig del av grunnlaget for arbeidet i hovudstyret med neste strategiplan,
som skal gjelde frå 2020. Representantskapet er samtidig oppteke
av at SPU skal forvaltast med eit langsiktig perspektiv, og følgjer
med på endringar i mandat og investeringsstrategiar.
Representantskapet
følgjer kostnadsstyringa frå hovudstyret målt mot forventingane
Stortinget og Finansdepartementet har gitt uttrykk for. Det blir
rekna som positivt at relevante kostnadssamanlikningar aktivt er
tekne med i budsjettprosessen. Endringar i strategiar for verksemda
blir òg følgde kontinuerleg gjennom tilsynet. Under behandlinga
av budsjettet for 2019 la representantskapet mellom anna merke til
omfattande tiltak for å sikre at IT-systema til Noregs Bank støttar opp
om ei sikker og kostnadseffektiv drift. I lys av dette er ein i
gang med større strategiske satsingar i begge verksemdsområda som
skal vidareførast i 2019. Satsingane omfattar òg vidareutvikling
og styrking av IT-tryggleik.