Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa syte for at spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal HF ikkje reduserer i tilbod som rammar kommunane, før dei er i stand til å handtere dei nye oppgåvene og før eit tilsvarande tenestetilbod er bygd opp i kommunane.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen i oppdragsbrevet til helseforetakene legge føringer mot outsourcing av renholdstjenester.

Forslag fra Arbeiderpartiet:
Forslag 3

Stortinget ber regjeringa følgje opp Stortinget sitt vedtak nr. 750 (2017–2018) og ikkje godkjenne nedleggjing av fødeavdeling i Kristiansund før oppstart av det nye sjukehuset på Hjelset er fastsett. Ein ber regjeringa kompensere for dette i kommande budsjett.

Forslag fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 4

Stortinget ber regjeringa leggje fram ei eiga sak for Stortinget om konsekvensane for pasienttilbodet i spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal HF, som følgje av at helseføretaket skal spare inn om lag 500 mill. kronar i årlege driftskostnader for å realisere bygging av nytt sjukehus på Hjelset.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringen følge Stortingets vedtak nr. 750 (2017–2018) og umiddelbart instruere Helse Møre og Romsdal HF om å ikke legge ned fødeavdelingen i Kristiansund. Eventuelle framtidige endringer i fødetilbud og beredskap må legges fram for Stortinget (jf. helseforetaksloven § 30).

Forslag 6

Stortinget ber regjeringa syte for at Helse Midt-Norge stansar Helse Møre og Romsdal HF sitt vedtak frå 27. mars 2019 om kutt i døgnbehandling ved Sjøholt DPS.

Forslag 7

Stortinget ber regjeringa sikre vidare drift i rehabiliteringstilbodet ved Aure og Mork.

Forslag 8

Stortinget ber regjeringa stanse prosessen med outsourcing av reinhaldstenester ved sjukehusa i Molde og Kristiansund.