Omtale
av ordninga
Pensjon frå statskassa
er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering
av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje
har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer
ikkje på rettskrav, lov eller forskrift og blir gjerne omtala som
gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen gjeld
lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak
sjølve borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei er norske
borgarar, og nokre av desse har óg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse
frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.
Lokalt tilsette ved
norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom
lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane
skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar,
og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis
kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller
at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå
statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er
tekne inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve
i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse
med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at den tilsette
ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved
alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet
legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen
så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane
er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa
berre blir gjeve i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst
eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet
arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane
om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.
Yting frå lokal pensjonsordning
skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.