Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Magne Rommetveit og Kristian Torve,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå
Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, viser til at målet med undersøkinga
har vore å vurdera arbeidet styresmaktene så langt har gjennomført
for å redusera planleggingstida for store samferdselsprosjekt, og
at undersøkinga omfattar investeringsprosjekt på meir enn 750 mill. kroner
på riksveg og jernbane i perioden frå 2010 til 2017.
Komiteen registrerer at Samferdselsdepartementet
i 2012 rekna at den totale planleggingstida var om lag 10 år, og
at det i Nasjonal transportplan for 2014–2023 blei tydeleg uttrykt
eit mål om halvering av planleggingstida. Dette målet blei vidareført
i gjeldande Nasjonal transportplan, 2018–2029, men nå uttrykt som eit
mål om effektivisering av planprosessane og redusert planleggingstid.
Komiteen viser til at Samferdselsdepartementet har
ansvar for dei overordna og langsiktige måla i transportpolitikken,
medan Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar plan- og
bygningslova, og Finansdepartementet har ansvaret for ordninga med
statleg utgreiing og ekstern kvalitetssikring av konseptval, kostnadsoverslag
og styringsunderlag for store investeringsprosjekt.
Komiteen registrerer at Riksrevisjonen
sine hovudfunn konkluderer med at:
-
Planleggingstida
for store samferdselsinvesteringar er framleis ikkje redusert.
-
Det er lite truleg
at planleggingstida for store samferdselsprosjekt vil bli vesentleg
redusert med dagens verkemiddel og plansystem.
-
Plansystemet føreset
omfattande utgreiingar og tydelege krav til medverknad.
-
Viktige årsaker
til lang planleggingstid blir ikkje møtte med tiltak som er sette
i verk av styresmaktene.
Komiteen viser
til at undersøkinga peikar på fire sentrale årsaker til lang planleggingstid
i dei prosjekta som er undersøkte:
-
Motsegner som er
reiste i løpet av planprosessen, har medført forlenga planleggingstid,
mellom anna fordi det tek lengre tid å handsama planen i kommunen,
at avbøtande tiltak må utgreiast, meklingsrundar hos Fylkesmannen
og handsaming av motsegnene i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
-
Utgreiingsarbeidet
har blitt meir omfattande og har teke lengre tid enn det opphavleg
var lagt opp til då planarbeidet starta i prosjekta. Dette kjem
mellom anna av endra planføresetnadar undervegs og behov for fleire
utgreiingar i samband med motsegner.
-
Planprosessen i
fleire prosjekt har blitt forsinka eller blitt gjennomført mindre
effektivt som følgje av låg eller manglande prioritering i nasjonal
transportplan.
-
Undersøkinga viser
at interessemotsetnadar som ikkje blir løyste gjennom kommunen si
planbehandling, kan føra til nye behandlingsrundar om allereie vedtekne
planar og trasear.
Komiteen registrerer
at enkelte av tiltaka, som meir målretta og føremålstenleg bruk
av KVU, bruk av kvalitetssikring av konseptval, auka bruk av statleg plan,
planlegging utan kommunedelplan og innstraming av praksisen ved
motsegn, vil kunna bidra til kortare planleggingstid.
Komiteen vil likevel peika
på at desse tiltaka ikkje inneber redusert planleggingstid i dei
tilfella der det oppstår nye behandlingsrundar og uventa stopp i
planprosessar som følgje av låg eller endra prioritering i prosjektporteføljen
i NTP.
Komiteen merkar seg at fritak
for KVU/KS1 etter Riksrevisjonen sine vurderingar ikkje automatisk
inneber redusert planleggingstid. Dette fordi arbeidet med den etterfølgjande
planfasen kan bli meir omfattande, med faglege utgreiingar og analysar.
Komiteen syner til at det
tek gjennomsnittleg tre år og tre månader frå Samferdselsdepartementet
bestiller ein KVU, til regjeringa har teke ei avgjerd om vidare planlegging. Komiteen meiner
dette er altfor lang tid, og at regjeringa må effektivisera sitt
eige arbeid.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet syner òg til at det i dag er to kontrollpunkt
når statlege investeringsprosjekt på over 750 mill. kroner skal
gjennomførast. KS-ordninga inneber i dag at KS1 blir brukt som avgjerdsgrunnlag
i regjeringa, og KS2 blir brukt som grunnlag for stortingsvedtak. Denne medlemen meiner
KS-ordninga bør evaluerast for å sjå om det er andre måtar å organisera
arbeidet på for å sikra ei effektiv framdrift og best mogleg avgjerdsgrunnlag.
Komiteen registrerer
også at innstramming i praksisen ved motsegn i liten grad påverkar
planleggingstida i dei prosjekta der legitime interesser står mot kvarandre,
og at planprosessar kan bli forlenga med fleire år fordi motstridande
omsyn og interesser ikkje blir løyste gjennom kommunane si planbehandling.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet meiner statlege instansar må samordne arbeidet
med motsegn for å redusera planleggingstida. Eit anna alternativ
kunne vore å gje planmynde til fylka i staden for til staten, eller
interkommunale løysingar. Denne medlemen vil peika på
dei utfordringane Riksrevisjonen i denne samanheng har peika på
i ein annan rapport, Dokument 3:7 (2018–2019) om undersøkinga av
handsaminga av motsegner i plansaker.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemen frå Senterpartiet, viser til at statleg plan
blir brukt oftare, men er samde med Riksrevisjonen i at bruken av statleg
plan framleis er for låg, og at det kan vera målkonflikt mellom
auka bruk av statleg plan og auka kommunalt sjølvstyre. Når kommunane
som planmyndigheit ikkje er bundne av tidlegare planvedtak, og staten
ikkje trer inn som planmyndigheit, kan store veg- og baneprosjekt
forlengast med mange år.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet syner til at det er kommunane gjennom det
kommunale sjølvstyret som er planmyndigheit, og meiner ein så langt
det er mogleg skal ta avgjerd i kommunale spørsmål så nær innbyggjarane
som mogleg. Bruk av statleg plan er, og bør difor berre vera, ei
unntaksordning. Ein statleg plan bør berre vera aktuelt når særlege
samfunnsomsyn krev ei rask gjennomføring av planprosessen, eller
når kommunane sjølve opnar for det. Mellom anna gjeld dette ved
større prosjekt som vedkjem fleire kommunar og/eller fylke, der
det er store interessekonfliktar mellom partane. I all hovudsak
bør statleg plan vera ei friviljug ordning.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen, som meiner at det er kritikkverdig at ikkje
staten går aktivt inn og avklarar der planleggingsprosessar for
viktige samferdselstiltak stoppar opp.
Komiteen er samd med Riksrevisjonen
i at Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet
må sørgja for betre samanheng mellom planprosessane og prioritering
i nasjonal transportplan og budsjettproposisjonane, og at ein i
større grad må setja fristar for planleggingstida for dei enkelte prosjekta.
Komiteen er tilfreds med at
statsrådane for Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet
begge vil følgja Riksrevisjonen sine tilrådingar med sikte på å
redusere planleggingstida.
Komiteen vil peika på at større
måloppnåing på dette feltet også er avhengig av betre samordning
mellom dei to departementa. I tillegg må vidare tiltak koordinerast
også med Finansdepartementet, som har ansvaret for ordninga med
statleg utgreiing og ekstern kvalitetssikring av konseptval, kostnadsoverslag
og styringsunderlag for store investeringsprosjekt.