Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument 12:24
(2015–2016) og forslaget om å endre § 112 for å verne matjordressursane.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil streke
under at matjorda her til lands er ein sårbar, men særs nødvendig
ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubbe
vekk med maskinar, tek fleire tusen år å opparbeide. Matjorda me
har, legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing
over heile landet. Med andre ord; matjorda har ei særstilling fordi
ho i tillegg til å styrkje mattryggleiken vår også er ein viktig premiss
for anna samfunnsutvikling. Samanliknar me oss med andre land, har
me eit klart mindre areal med dyrka jord. I Europa er me til dømes
eit av dei landa som har lågast prosentdel dyrka jord. Av dei tre
prosentane av Noreg som er dyrka mark, er det berre 1/3 som er eigna
til korndyrking.
Fleirtalet syner til den nasjonale
jordvernstrategien som vart handsama i Stortinget i 2015, og den
revideringa av strategien som no skal skje. Her er målet at den
årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere på under 4 000 dekar
innan 2020. Fleirtalet peiker
på at det dei seinare åra har vore ei betring nasjonalt, men at det
framleis står att mykje arbeid før ein har nådd målet som vart sett.
Fleirtalet vil òg syne til
den oppdaterte jordvernstrategien som vart lagd fram av regjeringa
i samband med framlegginga av statsbudsjettet for 2019. Regjeringa
har her ikkje sett seg nye mål for omdisponering av dyrka mark.
Fleirtalet vil peike på at
det særleg er matjorda i dei sentrale stroka som treng eit sterkare
vern enn ho har i dag. Utbyggingspress, både frå lokale og regionale styresmakter
og utbyggingsaktørar, set matjorda i ein skvis mellom omsynet til
matproduksjon og dei lokale vekstambisjonane.
Fleirtalet legg vekt på at
fylkesmennene har skjerpa merksemda rundt omdisponeringa av dyrka
og dyrkbare areal i planprosessane etter plan- og bygningslova.
Ved å opprette eit grunnlovsvern for matjorda vil ein òg leggje
til rette for å nå fleire mål, mellom anna å betre regional planlegging
og fortetting og betre utnyttinga av areala i byar og tettstader.
Fleirtalet vil også peike på
at matryggleiken er ein fundamental del av den nasjonale tryggingspolitikken.
Sjølvforsyningsgraden har gått ned, og noko av årsaka til dette
er at det blir produsert mindre mat etterkvart som areal for matproduksjon
har gått tapt. I ei tid der me reknar med vekst i folketalet og
samstundes får klimatiske utfordringar som erosjon, flom og jordras, må
me ta betre vare på dei matareala me allereie har. Dette krev tiltak
frå norske styresmakter slik at me sikrar grunnlaget for norsk matproduksjon
og tilgang på mat for innbyggjarane. Matjorda er såleis ein nasjonal ressurs
og må forvaltast nasjonalt.
På denne bakgrunnen
gjer fleirtalet framlegg
om ei endring, slik at § 112 fyrste ledd andre punktum skal lyde:
«Naturressursane,
medrekna matjordressursane, skal disponerast ut frå ein langsiktig
og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.
–
Naturens ressurser,
herunder matjordressurser, skal disponeres ut fra en langsiktig
og allsidig betraktning som ivaretar denne rett også for etterslekten.»
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at de fleste byer
og tettsteder i Norge er omkranset av dyrket jord, og at mye av den
beste jorda ligger der hvor utbyggingspresset er størst. Ønsket
om en mest mulig samlet utbygging rundt eksisterende byer og tettsteder
skaper utfordringer med å ivareta jordressursene for fremtiden.
Disse medlemmer viser til at
etter hvert som samfunnsutviklingen går fremover, vil noe dyrkbar mark
måtte brukes til andre gode formål. Likevel har omdisponeringen
av dyrket mark de siste årene gått betydelig ned etter at det har
blitt satt fokus på denne problemstillingen.
Disse medlemmer viser til at
det i 2017 ble vedtatt omdisponert i alt 8 800 dekar jord til andre
formål enn landbruk. Samme år ble 22 700 dekar godkjent for nydyrking.
Nydyrkingen har vært større enn bortfallet de senere år, hvilket
betyr at samlet jordbruksareal nå øker i motsetning til tidligere.
Disse medlemmer mener derfor
at dagens lovgivning gir et tilstrekkelig vern, og at det ikke er
et eksplisitt behov for et særskilt grunnlovsvern av jordressursene.
Disse medlemmer vil på denne
bakgrunn ikke bifalle forslaget om endring i Grunnloven § 112.