Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Dokument 12:27
(2015–2016) og forslaget om å grunnlovfeste retten til bustad.
Komiteen syner til at forslaget
om grunnlovfesting av retten til ein bustad har vore handsama av
ei rekkje storting dei par siste tiåra, men aldri fått fleirtal.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, vil peike
på at det per i dag ikkje finst nokon rett til ein varig bustad.
Samstundes har sosialtenestelova i § 15 ein regel knytta til bustader
til vanskelegstilte. Her heiter det at
«Kommunen i arbeids-
og velferdsforvaltningen skal medvirke til å skaffe boliger til
vanskeligstilte personer som ikke selv kan ivareta sine interesser
på boligmarkedet.»
Med andre ord har
me i dag køyrereglar for korleis dei som ikkje klarer å skaffe bustader
sjølv, skal få hjelp.
Fleirtalet meiner kommunane,
som har eit ansvar for å sikre ein forsvarleg bustad for personar
som ikkje maktar å skaffe seg det sjølv, gjer ein god jobb. Vidare
har Arbeids- og sosialdepartementet sett vilkår om kva slags krav
ein bør stille til dei som får ein midlertidig bustad.
Fleirtalet vil streke under
at det er eit politisk ansvar å leggje til rette for ei sosial bustadbyggjing.
Med dei aukande bustadprisane me har sett her til lands dei siste åra,
ligg det eit særskilt ansvar for å ta omsyn til at det i dag er
for mange som har ein høg kostnad med å kome seg inn på bustadmarknaden.
Det er òg eit politisk ansvar å leggje til rette for at borgarane
har gode levekår, mellom anna ein bustad.
Fleirtalet vil syne til at
den nasjonale strategien for boligsosialt arbeid, Bolig for velferd
(2014–2020), har bidrege til å koordinere det boligsosiale politikkområdet. Fleirtalet legg
òg til grunn at denne strategien vil bli revidert når tidspunktet
for planen går ut i 2020.
Fleirtalet er samd med forslagsstillarane
i at det å ha ein tilfredsstillande bustad er ein sentral føresetnad for
at den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig, skaffe seg
eller halde på arbeidet og elles få delta i samfunnet på like vilkår
som alle andre. Særskilt gjeld dette familiar. Samstundes meiner fleirtalet at
det lovverket me har i dag, er tilfredsstillande når det gjeld å
hjelpe dei som har det vanskeleg.
På denne bakgrunnen
foreslår fleirtalet at
forslag om ein ny § 107 i Grunnlova ikkje vert vedteke.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti mener at bolig er et nødvendig
gode ingen i Norge kan klare seg uten. Uten et sted å bo er en ikke
sikret å kunne bruke verken sine demokratiske rettigheter, kunne
gjøre seg nytte av skole- og helsestell eller ha noen form for privatliv.
Bolig må ses på som en forutsetning både for å få og fungere i en
jobb, ha mulighet til å stifte familie og til å kunne ta vare på
helsa. Behovet for en bolig er udiskutabelt.
Et samfunn som ikke
har nok boliger til borgere som enten varig eller i en fase av livet
har dårlig råd, vil preges av store og økende sosiale forskjeller
og av at økonomiske eller sosiale problemer forsterkes. Andelen personer
som blir låst fast i en avmaktssituasjon med varig utestenging fra
å kunne ta del i samfunnslivet på like vilkår, vil øke. Samfunnets
innsats på områder som helse, omsorg og skole vil ikke fungere effektivt
overfor personer uten bolig.
Det faktum at det
i Norge i mange år har vært flere tusen bostedsløse og at stadig
flere verken har råd til å kjøpe eller leie bolig, viser at grunnleggende
og elementære behov ikke blir dekket. Dette dreier seg både om et alvorlig
velferdsproblem for den enkelte, et anstendighetsproblem i fordelingspolitikken
og et demokratisk problem for samfunnet. Ut over samfunnets og fellesskapets
ansvar for å legge forholdene til rette slik at den enkelte kan
gjøre seg nytte både av sine demokratiske og sine sosiale rettigheter,
ligger det en stor samfunnsinteresse i å hindre nød og uverdige
levekår hos innbyggerne.
På dette grunnlag
innstiller dette
medlem på alternativ 3, slik at ny § 107 a skal lyde:
«Enhver
borger har rett til en bolig. Nærmere bestemmelser om gjennomføringen
av denne grunnsetning fastsettes i lov.
–
Kvar borgar har rett
til bustad. Nærare føresegner om gjennomføringa av denne grunnsetninga
blir fastsette i lov.»