I dokumentet fremmes
følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringa gjennomføre ei kartlegging av gamle avfallsdeponi
i Noreg, med ei oppdatert vurdering av helserisiko, og på denne
bakgrunnen vurdere behovet for nye nasjonale tilrådingar og tiltak.»
I dokumentet
viser ein til at det finst to tusen nedlagde avfallsdeponi i Noreg.
Mange av dei ligg i nærleiken av tettbygde strok. Over 1 600 av
deponia har forureiningsgrad gul eller raud.
Det finst i dag ikkje
offisielle nasjonale tal på kor mange som bur på eller ved nedlagde
deponi.
Forslagsstillarane
viser til at det har vore ei rekke ulykker med deponigass dei siste
tiåra i Noreg.
Forslagsstillarane
viser til at Folkehelseinstituttet har vurdert helserisikoen ved
å bygge nær eller på gamle avfallsdeponi og no vurderer å endre
sine generelle nasjonale helseråd.
Ifølgje folkehelseloven
har kommunar og fylkeskommunar ei lovfesta plikt til å setje i verk
tiltak og samordne si verksemd i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte.
Forslagsstillarane
viser til at det er ulik praksis i kommunar med omsyn til det å
tillate bygging på gamle avfallsdeponi, og det er usikkerheit om
faktagrunnlaget.