Post
21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Det blir i proposisjonen
vist til at prognosen for asylsøkarar til Noreg i 2018 er nedjustert
frå 3 000 til 2 500 personar. Isolert sett er behovet for mottaksplassar
redusert. Det er utfordrande å redusere kapasiteten raskt nok når
mottakskapasiteten er så låg som i dag, på grunn av logistikkutfordringar
som oppstår når mottak skal leggjast ned. Bebuarar i mottak som
skal leggjast ned, må flyttast til andre mottak, slik at det i ein
periode vil vere behov for to plassar. Vidare er mottakskapasiteten
for einslege mindreårige no så låg at ytterlegare nedlegging vil
føre til at det ved ein eventuell auke i talet på einslege mindreårige
ikkje vil vere ledig plass i EMA-mottak. På bakgrunn av dette er
mottakskapasiteten ikkje redusert i tråd med den nye prognosen.
Talet på mottak er
vesentleg redusert i 2018. Ved inngangen til året var det 58 mottak
i drift, medan det ved utgangen av september var 40. Kapasiteten
i mottaka er likevel noko høgare enn forventa i samband med revidert
nasjonalbudsjett. Dette kjem av at det har blitt utløyst opsjonsplassar
som følgje av ein rask auke i asylsøkarar frå Tyrkia i juni, og
at det ikkje har vore mogleg å gjennomføre nedbygginga av plassar
i transittmottak slik ein hadde forventa. Opsjonsplassane vart utløyste for
å sørge for at det var god nok kapasitet dersom auken i asylsøkarar
heldt fram utover sommaren. Talet på asylsøkarar som kom til Noreg
frå Tyrkia, fall raskare enn venta frå august. Som følgje av nedgangen
i talet på mottak og bebuarar blir det foreslått å redusere løyvinga
til diverse tiltak i mottak, som returtiltak, dialoggrupper mot
vald og tiltak for bebuarar i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar.
Vidare er det venta at kostnaden per bebuar i mottak blir høgare
enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett. Dette kjem i
hovudsak av at det no er færre bebuarar å fordele dei faste kostnadene
på.
Departementet foreslår
i proposisjonen å auke løyvinga på posten med 31,3 mill. kroner.