Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden

Søk
Til Stortinget

Samandrag

EØS-komiteen vedtok ved avgjerd nr. 186/2017 av 22. september 2017 å endre vedlegg XVII (Immaterielle rettar) til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.

Direktivet regulerer verksemda til kollektive forvaltingsorganisasjonar og tilhøvet deira til rettshavarar, brukarar og andre kollektive forvaltingsorganisasjonar. Føremålet med direktiv 2014/26/EU er å etablere ei rettsleg ramme for kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar, dvs. verksemd der kollektive forvaltingsorganisasjonar forvaltar rettar på vegner av rettshavarane. Til grunn for ei slik forvalting ligg som regel ei fullmakt frå den einskilde rettshavaren og/eller ein forvaltingskontrakt med ein organisasjon som representerer rettshavaren. Direktivet styrker stillinga til rettshavarane i situasjonar der dei har overlate forvaltinga av rettar til ein kollektiv forvaltingsorganisasjon. Direktivet fastset krav til kollektive forvaltingsorganisasjonar, mellom anna når det gjeld styring, openheit og innsyn, forvalting av vederlag til rettar og medavgjerdsretten til medlemmene. Desse krava skal sikre god forvaltingsskikk overfor både rettshavarane og brukarane. Direktivet skal òg leggje til rette for og forenkle lisensiering av musikkrettar for fleire territorium (land) og på den måten medverke til å skape ein reell digital indre marknad.

Gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen vil krevje lovendring. Det er difor naudsynt å innhente Stortinget sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Direktivet inneheld til dels omfattande og svært detaljerte føresegner om korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal utøve og organisere verksemda si. Åndsverklova regulerer i all hovudsak sjølve rettane og i mindre grad korleis desse skal forvaltast. Det vert difor gjort framlegg om at føresegnene i direktivet vert gjennomførte i ei eiga lov åtskild frå åndsverklova.

Kulturdepartementet vil, etter å ha gjennomført ei høyring av spørsmåla, fremje ein Prop. L for Stortinget med framlegg til ny gjennomføringslov med dei naudsynte endringane.

Gjennomføring av direktivet si avdeling I-III om allmenne føresegner, kollektive forvaltingsorganisasjonar og multiterritoriell lisensiering vil ikkje medføre økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Ein reknar med at gjennomføringa av avdeling IV om handheving kan medføre visse ressursmessige konsekvensar for det offentlege. Kulturdepartementet vil kome tilbake med nærmare informasjon om dette i ein lovproposisjon.

I medhald av direktivet skal det òg vere ei tilsynsstyresmakt som skal overvake at dei kollektive forvaltingsorganisasjonane etterlever føresegnene i direktivet. Tilsynsstyresmakta skal òg kunne påleggje sanksjonar ved brot på føresegnene. Sjølv om direktivet ikkje inneheld noka plikt til å opprette eit nytt organ, vil gjennomføring og iverksetjing av dette kunne medføre visse økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Kulturdepartementet legg til grunn at oppgåvene også i Noreg vil kunne leggjast til eit eksisterande organ, og går ut frå at kostnadene vil verte moderate. Tilråding om korleis denne plikta skal gjennomførast, vil Kulturdepartementet kome tilbake til i ein lovproposisjon.

Gjennomføringa av direktivet vil òg medføre visse økonomiske og administrative konsekvensar for kollektive forvaltingsorganisasjonar som vert omfatta, til dømes TONO, Kopinor, Gramo, Norwaco og BONO.

Ein reknar likevel med at direktivet vil ha positive økonomiske konsekvensar for rettshavarane, gjennom at verksemda til dei kollektive forvaltingsorganisasjonane vert underlagd harmoniserte reglar. Reglane kan òg medverke til at organisasjonane vert drivne på ein meir effektiv måte, noko som kan føre til at utbetalingane til rettshavarane aukar.

Kulturdepartementet tilrår godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU av 26. februar 2014 om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Fråsegn frå utanriks- og forsvarskomiteen

Ifølgje vedtak i Stortinget 11. juni 2018 skal familie- og kulturkomiteen leggje fram utkast til innstilling for utanriks- og forsvarskomiteen til uttale før innstillinga vert lagd fram. Utanriks- og forsvarskomiteen seier i brev av 28. november 2018:

«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til familie- og kulturkomiteens utkast til innstilling datert 21. november 2018 vedrørende Prop. 97 S (2017-2018) Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.

Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til familie- og kulturkomiteens utkast til innstilling til Prop 97 S (2017-2018) og har ingen ytterligere merknader.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Trond Giske, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, Marianne Haukland, leiaren Kristin Ørmen Johnsen og Tage Pettersen, frå Framstegspartiet, Silje Hjemdal og Morten Wold, frå Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til den framsette proposisjonen om innlemming i EØS-avtala av direktiv om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritorial lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.

Komiteen viser til at direktivet regulerer korleis kollektive forvaltingsorganisasjonar skal utøve og organisere verksemda si. Desse reglane skal medverke til at rettshavarane kan føre ein meir effektiv kontroll med organisasjonane, og at forvaltinga kan verte meir effektiv. Komiteen viser til at direktivet òg vil kunne gjere det lettare for tilbydarar av musikktenester å klarere rettar for fleire territorium gjennom ein einskild kollektiv forvaltingsorganisasjon.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Senterpartiet, legg til grunn at dette vil ha positive konsekvensar for både tilbydarane, forbrukarane og rettshavarane til musikk som vert nytta i EØS-området.

Fleirtalet sluttar seg til forslaget i proposisjonen.

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til Senterpartiets grunnleggende holdning om at Norge må ivareta egne interesser og finne løsninger som passer våre innbyggere. Dette medlem understreker at det er et mål for Senterpartiet å bevare, forbedre og styrke folkestyret. Det forutsetter en velfungerende nasjonalstat. Senterpartiet er imot overføring av myndighet til overnasjonale organer der norske velgere ikke lenger kan påvirke hvem de styres av. EØS-avtalen og EU-direktivene innskrenker i stor grad vårt handlingsrom på flere samfunnsområder.

Dette medlem merker seg at CRM-direktivet inneholder til dels omfattende og svært detaljerte regler om hvordan kollektive forvaltningsorganisasjoner skal utøve og organisere sin virksomhet, noe som i sin tur vil kreve endringer i norsk lov. Dette medlem registrerer videre at regjeringen varsler at direktivet vil kunne få konsekvenser for rettighetshavere i Norge og deres organisasjoner. Implementeringen av direktivet kan føre til endringer i hvordan musikk lisensieres i Norge, og det kan få konsekvenser for norske rettighetshavere.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga vert fremja av fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Senterpartiet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 186/2017 av 22. september 2017 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/26/EU om kollektiv forvalting av opphavsrett og nærståande rettar og multiterritoriell lisensiering av rettar til musikkverk for bruk på nettet i den indre marknaden.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 30. november 2018

Kristin Ørmen Johnsen

Marianne Haukland

leiar

ordførar