Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Carl I. Hagen og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, vil peike på at det er naudsynt
å ta i bruk meir bioenergi om me skal nå måla om å redusere utsleppa
våre med 40 pst. innan 2030.
Komiteen meiner dei funna som
Riksrevisjonen har gjort er urovekkjande, mellom anna at det er:
-
Liten vekst i forbruket
av bioenergi som gjev eit monaleg mindre klimabidrag enn kva ressurspotensialet
i Noreg gjev grunnlag for
-
Styresmaktene sine
verkemiddel for auka bioenergi har gjeve svake resultat
-
Styresmaktene har
ikkje samordna mål og strategiar for å auke produksjonen av bioenergi
-
Endringar i verkemidla
og utydelege signal kan hemme auka produksjon av bioenergi.
Komiteen merkar
seg at det har vore liten vekst i forbruket av bioenergi, berre
1,6 TWh frå 2008 til 2016, trass i at målsettinga var å auke til
inntil 14 TWh. Komiteen syner
her til Rikrevisjonens rapport og merkar seg at dei etterspør ein
samordna strategi frå dei involverte departementa.
Komiteen syner til at styresmaktene
sine verkemiddel for auka bruk av bioenergi har gjeve svake resultat
på området. Komiteen har
merka seg dei einskilde svara frå statsrådane og ser at dei har
ulike svar på dei utfordringane som Riksrevisjonen har kome med.
Det i seg sjølv er eit klart signal om at det er naudsynt med ei betre
samhandling mellom departementa.
Komiteen vil peike på dei
store endringane som kontinuerleg endrar føresetnadene for at bioenergi
vert teken i bruk i større omfang. Komiteen vil med bakgrunn
i dette peike på behovet for at regjeringa samordnar ressursane
særskilt med tanke på nye løysingar som kan opne for ein auke i
bruk av bioenergi, og vil peike på at det er særs viktig at regjeringa
legg til rette for forsking og utvikling som kan utløyse ein slik
auke. Bioenergi er ein stor ressurs som det ligg godt til rette
for å ta i bruk i Noreg, samstundes som stadig nye alternative energiløysingar
gjer det naturleg å sjå på dei måla ein set for bruk av bioenergi
i ein ny og endra heilskap.
Komiteen vil særskilt syne
til at bioenergimarknaden framleis er ein umoden marknad, og difor er
fortsatt støtte til realisering av bioenergianlegg særs viktig for
å stimulere til utvikling og bruk av andregenerasjons biodrivstoff.
I tillegg meiner komiteen at
ein bør vurdere ei ordning for støtte av skogflis som kan sikre
gode rammevilkår i ein utviklingsfase.
Komiteen vil streke under
at ei samordning kan kome fram i ei eiga stortingsmelding om satsinga
på bioenergi framover. Ei rekkje stortingsmeldingar frå fleire departement,
der bioenergi har vore eit av fleire tema, har vore handsama – utan
eit felles overblikk. For å rette på dette bør regjeringa vurdere
ei samla stortingsmelding om framtidig satsing på bioenergi.
Komiteen meiner det er avgjerande
for utviklinga av næringa at ho får eit stabilt skatte- og avgiftsregime, slik
Riksrevisjonen òg spør etter. Komiteen vil peike på at satsinga
på biodrivstoff har vore utsett for ulike styringssignal og uklåre
politiske prioriteringar under skiftande regjeringer dei siste åra.
Til dømes biodrivstoffavgifta i 2008 og nedleggjinga av satsinga
på Tofte har vore med på å forverre den langsiktige satsinga, både mot
utslepp av klimagassar og for dei ulike aktørane som driv innan
feltet. Komiteen ynskjer
ei utvikling der biodrivstoff som blir brukt her til lands, i størst
mogleg grad er utvikla frå norske ressursar.
Komiteen vil peike på at Miljødirektoratet
i 2015 i sin rapport peika på at det vil vere eit uutnytta potensial
på om lag 30 TWh i 2030 innanfor primærenergien frå skogsråstoff,
jordbruksavfall og anna avfall.
Komiteen vil peike på at det
er naudsynt å halde fram satsinga på forsking og utvikling for å
sikre utsleppsreduksjonar, auke kunnskapen om karbon- og nitrogendynamikk
i landbruket og tilpassing til nye klimatilhøve.
Komiteen vil streke under
at det er viktigare enn nokon gong å samarbeide på tvers av landegrensene. Samarbeidet
med øvrige delar av Norden, EU, USA og Canada bidreg til utveksling
av kunnskap og forsking. Revideringa av fornybardirektivet frå EU
vil òg leggje føringar framover som er viktige for næringa.
Komiteen syner til anbefalingane
frå Riksrevisjonen overfor Olje- og energidepartementet, Klima-
og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Riksrevisjonen
anbefaler desse departementa å:
-
Evaluere resultata
for satsinga på høvesvis bruk og produksjon av bioenergi og identifisere
dei mest effektive verkemidla
-
Etablere ei felles
forståing av Stortingets mål og føresetnader
-
Utarbeide ein felles
og omforeint strategi for bioenergi; strategien bør òg
inkludere skatte- og avgiftspolitiske verkemiddel
-
Gjere det mest mogleg
føreseieleg for næringsaktørar og brukarar.
Komiteen
støttar desse anbefalingane.
Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, viser til at det er
alminnelig kjent at han er klimarealist med den oppfatning at klimaendringer
alltid har skjedd, og at det i all hovedsak er bestemt av naturen
og kloden selv. Dette
medlem mener at det å bruke store beløp eller lovregler og
pålegg for å redusere utslipp av den livsgivende gassen CO2 er meget uklokt.
Dette medlem aksepterer imidlertid
at grunnlaget for regjeringens politikk er Jeløyerklæringen, og
vil derfor avstå fra å fremme alternative forslag, selv om dette medlem er
personlig motstander av pålegg om innblanding av biodrivstoff.