Spørsmål 1 og 2 til Dok. 8:5
(2018-2019) - svar
Eg viser til brev
av 25.10.18 om reforhandling av Bypakke Nord-Jæren. Transport- og
kommunikasjonskomiteen har følgjande spørsmål:
-
Er det mulig å nå
nullvekstmålet på Nord-Jæren uten å bruke bompenger?
-
Hvilke tiltak ser
samferdselsministeren som aktuelle for å nå nullvekstmålet dersom
det ikke skal brukes bompenger?
Utgangspunktet
mitt er at bompengeinnkrevjing skal byggje på lokalt initiativ og
vedtak. Det er eit viktig prinsipp ved all bompengefinansiering.
Staten pålegg ikkje bompengefinansiering. Det er altså lokale myndigheiter
sjølv som må gjere den vurderinga at dei ønskjer bompengeinnkrevjing
– anten føremålet er rein finansiering eller både trafikkregulering
og finansiering slik det er mogleg å gjere i byområda.
Bypakke Nord-Jæren
(Bymiljøpakken) er ein del av byvekstavtalen for byområdet. I brevet
mitt av 18.10.18 har eg derfor gjort greie for dei to føresetnadene
frå staten i det lokale arbeidet med å revidere bompengeopplegget
på Nord-Jæren: Byvekstavtalen skal bidra til å nå målet om nullvekst
i persontransport med bil. Det er vidare viktig at det i reforhandlingane
blir lagt til grunn at dei økonomiske rammene som staten bidreg
med i Bymiljøpakken, allereie er avklart gjennom stortingshandsaming.
Ut over dette har dei lokale styresmaktene stor fridom til å utforme
pakken sjølv, men det må vere balanse mellom inntekter og utgifter.
Dersom dei ønskjer eit revidert bompengeopplegg og vedtek dette,
vil eg ta det vidare til Stortinget basert på dei lokale vedtaka.
Eg har meir tru
på tiltak som er positive for å nå nullvekstmålet, som til dømes
betre kollektivtransport og betre gang- og sykkelvegar, enn restriktive
tiltak som blir oppfatta som negative av folk. Dette legg regjeringa til
rette for ved ei betydeleg satsing på byområda. Det er sett av 66,4
mrd. kr til bymiljø-/byvekstavtalane og belønningsordninga i Nasjonal
transportplan 2018-2029. Regjeringa følgjer no dette opp i dei årlege
budsjetta. I 2019 foreslår vi over 3,7 mrd. kr til dette formålet
som ein del av ei viktig statleg satsing for å nå nullvekstmålet. I
den gjeldande byvekstavtalen for Nord-Jæren bidreg staten mellom
anna til utbygginga av Bussveien, som vil styrke kollektivtilbodet
på Nord-Jæren betydeleg. Det er også sett av midlar til sykkelvegutbygging
og tilskot til lokale tiltak gjennom belønningsmidlar. Samstundes må
lokale styresmakter bidra innanfor ansvarsområda sine dersom vi
skal nå nullvekstmålet. I dette arbeidet må det vere opp til dei
å velje dei konkrete tiltaka ut frå utfordringane dei ser i byområdet
sitt.
Byvekstavtalen for
Nord-Jæren blir no reforhandla, og det lokale arbeidet med å revidere
bompengeopplegget må sjåast i samanheng med det. Samla sett må dei
lokale partane og staten komme fram til ei tiltakspakke for byvekstavtalen,
som inkluderer bypakken, som gjer det mogleg å nå nullvekstmålet.
Ein ny, lokalt vedteke bypakke vil måtte leggjast fram for Stortinget
på nytt.