Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Innstilling frå næringskomiteen om Endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelseslova). Lova vert føreslått endra slik at Stiftelsestilsynet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova, jf. folkeregisterlova § 10-2. Det vert i samband med dette føreslått endringar i stiftelseslova § 7.

Stiftelsestilsynet har sidan 2009 hatt løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysningane med heimel i folkeregisterlova av 16. januar 1970 § 14. Lovendringane inneber soleis ikkje endringar i den faktiske rettstilstanden.

I førearbeida til folkeregisterlova av 2016 vert det halde fram at etatar eller verksemder som treng informasjon frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, sjølv er nærast til å grunngje kvifor dei treng dette. Forslaget i denne proposisjonen skal sikre at Stiftelsestilsynet får naudsynt heimel i eiga lov.

Den nye folkeregisterlova tok til å gjelde 1. oktober 2017. Etter overgangsreglar i den nye lova må ny heimel vere på plass innan 1. oktober 2018. Dette er omtalt i Prop. 164 L (2015–2016) Lov om folkeregistrering. Den føreslåtte lovendringa fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova av 16. januar 1970 og er ei tilpassing i samsvar med den nye folkeregisterlova av 9. desember 2016. Departementet la difor til grunn at det openbert ikkje var naudsynt å sende forslaget om endringa i stiftelseslova på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen.

Endringane fører vidare gjeldande rett, og forslaget vil difor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Ingunn Foss, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, støttar regjeringa sitt framlegg om endringar i lov 15. juni 2001 nr.59 om stiftelser (stiftelseslova), slik at Stiftelsestilsynet får heimel i lova til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøvinga av oppgåver etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova, jf. Folkeregisterlova § 10-2.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står ovanfor, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

I

I lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser skal § 7 nytt femte ledd lyde:

Stiftelsestilsynet kan, uten hinder av taushetsplikt, innhente opplysninger fra Folkeregisteret når det er nødvendig for å løse oppgaver etter stiftelsesloven, arveloven og dekningsloven.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 25. oktober 2018

Geir Pollestad

Ruth Grung

leiar

ordførar