Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti og Rødt:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa
seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget med ei uavhengig
juridisk vurdering av om implementeringa av MiFID II og MiFIR før
behandling i Stortinget er i strid med intensjonen i Grunnlova § 49.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
så snart som mogleg og seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget
med eit lovframlegg om å endre verdipapirhandelloven slik at såkalla
tredjestatsføretak ikkje skal ha betre vilkår i Noreg enn krava
i MiFIR, og at det heller ikkje skal vere forskriftsheimel til å
gje slike vilkår.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
så snart som mogleg og seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget
med eit framlegg om å forby returprovisjonar.