Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Mazyar Keshvari og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke,
frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg
Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til at endringane i
vallova har sin bakgrunn i behovet for at stortingsvalet i 2021
kan gjennomførast med dei 19 valdistrikta vi har i dag, mens ein ventar
på utgreiing og endeleg behandling av spørsmålet om framtidige valdistrikt.
Ettersom Stortinget vedtok ny inndeling av det regionale folkevalde
nivået, er det ikkje lenger samsvar mellom Grunnlova, som slår fast
at det skal vere 19 valdistrikt, og vallova, som seier at fylka
skal vere valdistrikt. Komiteen meiner
det er ei god løysing at vallova legg til rette for at dei eksisterande valdistrikta
gjeld fram til ny inndeling er grundig behandla. Komiteen peiker på at dei
19 valdistrikta vil få namn etter dei 19 fylka som har vore valdistrikt ved
førre val, og at namna på alle kommunane som høyrer til dei ulike
valdistrikta, blir lista opp i ei forskrift. Forskrifta skal berre
namngi kva for kommunar som høyrer til i dei ulike valdistrikta,
basert på allereie kjend tilhøyrsle. Komiteen har merka seg at
eit stort fleirtal av høyringssvara støttar at endringane i vallova
er ei føreseieleg løysing som sikrar omsyna til geografisk og partipolitisk
representasjon ved stortingsvalet i 2021.
Komiteen syner til at dei
konkrete endringane i dei enkelte paragrafane i vallova gjennomgåande
gjeld at nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke». I tillegg gir endringa
i § 6-3 første ledd meir fleksibilitet når det gjeld kva for lokalt
partiledd som stiller liste. Komiteen sluttar seg til endringsforslaga.
Komiteen peiker òg på at proposisjonen
inneheld ei oppsummering av evalueringane av stortingsvalet 2017,
der departementet svarar på ein del av merknadene frå Stortingets
fullmaktskomité frå Innst. 1 S (2017–2018). Proposisjonen inneheld
òg kommentarar til rapporten frå OSSE/ODIHR etter observasjon ved stortingsvalet
2017. Komiteen har
merka seg svara og kommentarane frå departementet, samt forslag
til oppfølging, og har ingen andre merknader til desse delane av
proposisjonen.