Forvaltninga
av norsk vårgytande sild
Norsk vårgytande
sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren
og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare
nivå enn tidlegare.
18. januar 2007 vart
det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island,
Noreg og Russland om forvaltninga av nvg-sild. Denne avtalen gav
Noreg 61 pst. av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige
forvaltningsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen
frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.
Færøyane har dei
siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har
ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane blei opna
på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar,
men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.
I 2013 og 2014 inngjekk
Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote
til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015
og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017
inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På
bakgrunn av Færøyane sin auke av eigen eigarpart på kolmule, vedtok
Noreg å auke sin eigarpart for nvg-sild frå 61 pst. til 67 pst.
for 2017, basert på nvg-silda si sonetilhøyrsle til norske farvatn.
Etter funn av ein
konverteringsfeil i bestandsberekningsmodellen blei rådet for 2018
trekt tilbake. Det blei utarbeidd eit nytt kvoteråd, og kyststatane
kunne 7. desember 2017 signere ein fempartsavtale om ein totalkvote
(TAC) på 435 000 tonn. I mangel av semje om fordeling, vart partane
sine kvotar fastsette unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles
kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein
kvote for 2018 som inneber ein eigarpart på 70 pst.
I avtalen vart kyststatane
også samde om å sende ein førespurnad til ICES med tanke på revisjon
av referansepunkta for nvg-sild. Referansepunkta vil danne grunnlag
for ein revisjon av forvaltningsplanen som er planlagd i løpet av
hausten 2018, slik at ny kvoterådgjeving frå Det internasjonale
råd for havforsking for 2019 kan ta utgangspunkt i ein ny forvaltningsplan.
I mangel på semje
mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral
soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev
begge partar tilgang til å fiske delar av sine tradisjonelle kvotedelar
av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje
partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.
I ein situasjon utan
avtalar om deling av andelar for 2018 er det positivt at Noreg og
EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for fiskarane i 2018.
I tillegg gjev Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten
i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.