Historisk
grunngjeving
Komiteen syner til at odelslova
har vore ein av grunnpilarane i den norske konstitusjonen sidan Grunnlova
vart utforma på Eidsvoll i 1814.
Årsaka til at odelsretten
fekk eit vern i Grunnlova, var at dei 112 eidsvorne i riksforsamlinga
på Eidsvoll ville hindre adelen og rikfolk i å kjøpe opp jord og
skog i Noreg. Gjennom eit grunnlovsvern ville ein òg sikre fordeling
av makt og rikdom i Noreg, og gjennom det unngå at for mykje makt
vart konsentrert hjå nokon få, mellom dei adelen og kyrkja.
Komiteen syner til at odelslova
frå 1821 ikkje har vore ei statisk lov. Lova har endra seg i takt
med tida. Frå den store revisjonen av lova i 1974 og fram til i
dag har det vore ei rekkje endringar og tilpassingar – seinast i 2017.
I takt med strukturelle endringar har det òg vore endringar i lovverket.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil framleis
sikre det norske landbruket og utøvarane ei framtid som sjølvstendige,
sjølveigande og frie bønder. Odelsinstituttet er eit vern mot kapitalkreftene.
Allereie no ser vi eit sterkt press mot landbruksnæringa, etter
endringane i odelslova og konsesjonslovane dei siste åra.
Fleirtalet syner og til Odelslovutvalgets
rapport (NOU 2003: 26), der eit klart fleirtal meinte det var viktig å
halde på odelslova, samstundes som ein ville modernisere regelverket.
Denne moderniseringa har mellom anna resultert i at krinsen av personar
med odelsrett har vore justert. I tillegg har arealgrensene vore
justerte jamleg i takt med utviklinga av norsk landbruk. I likskap med
fleirtalet i utvalet vil fleirtalet syne til konklusjonane
frå utvalet om at odelsretten gjev:
-
Betre landbruk
-
Sjølveigande bønder
som bidreg til trygg mat, langsiktig ressursforvaltning, riktig
eigedomsstruktur, lokalt eigarskap, spreidd busetjing og likestilling mellom
kjønna
Fleirtalet vil
peike på at grunnlovsvernet som odelsrekkja har, er avgjerande for
at vi har eit jordbruk over heile landet. Odelslova har vore ein
viktig årsak til at folk har tora å satse på landbruk som næring.
Odelslova tener i så måte to viktige mål: eit berekraftig produksjonslandbruk
som gjev tilstrekkeleg lønnsemd, og omsynet til arv og retten ein
har knytt til familiære band. Odelsinstituttet har vore eit vern
mot kapitalkreftene og har sytt for at personar med interesse og
føresetnader for å forvalte landbrukseigedomane og matproduksjonen
har vore sikra moglegheit til dette.
Fleirtalet meiner odelslova
er viktig for norsk matproduksjon i framtida. I likskap med konsesjonslovene,
jordlova og norsk suverenitet er odelslova ein av grunnpilarane
i norsk grunnlov, norsk busetjing og norsk matproduksjon.
Odelslova er samstundes
ein, privatrettsleg lov, noko som har sikra eit spreidd eigarskap
av jorda, sikra langsiktig planlegging og drift av både areal og
matproduksjon.
Fleirtalet stiller seg bak
desse vurderingane, og tilrådinga frå fleirtalet er såleis at forslaga
i Dokument 12:16 (2015–2016) og Dokument 12:33 (2015–2016) ikkje
blir vedtekne, og at § 117 i Grunnlova blir ståande.
Komiteens medlemmer
fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at mange av de hensyn som
har begrunnet odelsloven, i dag ivaretas bedre av andre lovbestemmelser,
som for eksempel konsesjonsloven. Særlig gjelder dette etter at
kretsen som er odelsberettiget, ble betydelig innskrenket i 2014.
Disse medlemmer viser til
at odelsloven ikke lenger bidrar til at det er et samsvar mellom
eier og bruker. Andel utleid areal utgjør i dag opp mot femti prosent.
Uten odelslov kan det bli større samsvar mellom eier- og brukerforhold
i landbruket. En eier som driver jorda, vil ventelig ta bedre vare
på jorda enn en leietager. Odelsloven vanskeliggjør dessuten en
annen driftsorganisering enn enkeltpersonforetak, da det i praksis er
umulig for upersonlige brukere å få kjøpt landbrukseiendom. Disse medlemmer viser
til at dagens odelslov holder andre nye eiere utenfor og ikke slipper
til dem som kunne ha interesse av å utvikle et aktivt eierskap.
Alt i alt mener disse
medlemmer at dette hindrer en optimal ressursutnyttelse i
samfunnet.
Disse medlemmer viser også
til at slektshensynet antakelig ligger så sterkt nedarvet for eiere
av jordbrukseiendommer at det uansett vil gå svært lang tid før
vi får se reelle endringer selv om odelsloven skulle bli opphevet.
Disse medlemmer foreslår på
denne bakgrunn at Dokument 12:16 (2015–2016) bifalles, og at § 117 oppheves.