Søk

Vedlegg - Brev fra Samferdselsdepartementet v/statsråd Ketil Solvik-Olsen til transport- og kommunikasjonskomiteen, datert 22. februar 2018

Vedlegg
Dokument 8:119 S (2017-2018) - Representantforslag frå stortingsrepresentantane Heidi Greni, Siv Mossleth, Ivar Odnes og Willfred Nordlund

Eg viser til brev av 9. februar i år, vedlagt representantforslag frå stortingsrepresentantane Heidi Greni, Siv Mossleth, Ivar Odnes og Willfred Nordlund om eit statleg vedlikehaldsprogram for fylkesvegnettet.

Framlegget går ut på å etablera eit eige program for å redusera vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg, med ei tilskottsordning der staten løyver eigne midlar til formålet.

Vedlikehald av fylkesvegar er eit fylkeskommunalt ansvar. Det bør derfor vera ei fylkeskommunal oppgåve å prioritera midlar til vedlikehald av fylkesveg, innanfor eigne budsjettrammer. Det legg denne regjeringa til grunn, slik den raudgrøne regjeringa gjorde det. Regjeringa legg òg til grunn at rammefinansiering skal vera hovudmodellen for finansiering av kommunesektoren. Dette gjev rom for lokalt tilpassa løysingar og slik sett den mest treffsikre ressursbruken. Rammefinansiering er også mindre administrativt krevjande både for staten og for det lokale nivået. Innføring av ei ordning i tråd med forslaget frå forslagsstillarane vil framstå som ei statleg overstyring av fylkeskommunane sitt folkevalde budsjettansvar. Det har vore brei politisk semje om rammefinansiering som hovudmodell dei siste tiåra, og prinsippet er drøfta i mellom anna Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel (jf. Innst. 270 S (2011–2012)) og i dei årlege kommuneproposisjonane.

I nasjonal transportplan for perioden 2014 – 2023 heiter det at det er "regjeringens vurdering at fylkeskommunene ikke vil være i stand til å ta igjen vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegnettet, uten ekstraordinær statlig finansiering". På bakgrunn av det rådde regjeringa Stoltenberg II til å styrkja rammetilskottet slik at fylkeskommunane kunne fornya og rusta opp fylkesvegnettet. Ramma for dette vart sett til 10 mrd. kr for 10-årsperioden, som ein del av dei frie midlane til fylkeskommunane. Midlane skulle fordelast etter særskilte kriterium, basert på vedlikehaldsetterslep i den enkelte fylkeskommune. 2,75 mrd. kr skulle etter framlegget i nasjonal transportplan brukast til formålet i første fireårsperiode. I tråd med dette gjorde regjeringa Stoltenberg framlegg om å setja av 500 mill. kr til fordeling i statsbudsjettet for 2014.

Solberg-regjeringa delte vurderinga av at det var behov for midlar til å fornya og å rusta opp fylkesvegane. I sitt tilleggsframlegg til statsbudsjettet for 2014 auka Solbergregjeringa summen til særskilt fordeling for 2014 frå 500 mill. kr til 780 mill. kr. Den årlege summen til fordeling til dette formålet auka årleg i fireårsperioden, til 1 320 mill. kr i budsjettet for 2017. For fireårsperioden 2014 – 2017 er det løyvt om lag 4 294 mill. kr (nominelt) til fordeling til formålet. Det er vesentleg meir enn målsetjinga i nasjonal transportplan om 2 750 mill. kr.

Forslagsstillarane viser til framlegg i grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan for 2018-2029. Der vert det rådd til å vurdera eit eige program for fornying av fylkesvegar. I grunnlagsdokumentet låg det ikkje inne midlar til fordeling gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane, i tråd med det som var tilfelle for perioden 2014-2017. Regjeringa har på si side vald å halda fram med å styrkja rammetilskottet til fylkeskommunane til fornying og opprusting av fylkesvegnettet, med fordeling ut frå kjenneteikn ved vedlikehaldsetterslepet. Ramma for dette er sett til 15,6 mrd. kr for planperioden 2018-2029. I budsjettet for 2018 er det sett av 1 355 mill. kr innanfor rammetilskottet til fylkeskommunane for fordeling til formålet.

På bakgrunn av satsinga på å rusta opp og fornya fylkesvegnettet som alt ligg inne i rammetilskottet, og prinsippet om rammefinansiering av kommunesektoren, meiner eg det er mest føremålstenleg om systemet som gjeld i dag, vert oppretthalde, framfor å innføra eit system som kan tolkast som at fylkeskommunane i praksis vert sette under statleg administrasjon.