Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, frå Høgre,
Peter Frølich, Guro Angell Gimse og Frida Melvær, frå Framstegspartiet,
Himanshu Gulati og Solveig Horne, frå Senterpartiet, Jenny Klinge
og Emilie Enger Mehl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide,
viser til at Justis- og beredskapsdepartementet i proposisjonen
gjer framlegg til endringar i verjemålslova og lov om forsvunne
personar.
Komiteen viser til at det er
behov for eit særleg lovvern for dei som i liten grad kan verne
seg sjølve, og at verjemålslovgivinga skal reflektere dette behovet. Verjemålet
skal sikre personar som treng det, støtte og bistand til å gjere
rettslege disposisjonar og til å råde over midlane sine. For at
ordninga skal fungere etter formålet, er det ein viktig føresetnad
at det blir lagt til rette for eit tillitsfullt og fortruleg forhold
mellom verja og personen som har fått oppnemnt verje. Komiteen viser
til at proposisjonen gjeld framlegg til regulering av høvet til
bevisføring frå oppnemnde verjer om tilhøve som er omfatta av den
teieplikta verja har etter verjemålslova. Det blir gjort framlegg
om visse justeringar i reglane om unntak frå teieplikta for oppnemnde
verjer og for verjemålsstyresmakta. Framlegget inneheld i tillegg
visse særreglar for samtykke i saker der personen med verje er mindreårig.
Vidare blir det gjort framlegg om at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast
for faste verjer.
Komiteen merkar seg at det
i proposisjonen er gjort framlegg om endring av regelen om dødsorskurd når
det ikkje er grunn til å tvile på at ein person er død. Framlegget
går ut på å opprette ein særskilt heimel for handsaminga av saker
som i dag blir handterte ved ein analogisk bruk av lov om forsvunne
personar § 8. Formålet er å leggje til rette for ei formålstenleg
behandling av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd
i utlandet, og det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon som er
tilstrekkeleg til å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret. Komiteen noterer
seg at departementet ikkje reknar med at dette vil føre til ein
auke i talet på saker, men at det heller ikkje kan sjåast bort frå
at endringa gjer sakstypen meir synleg og derfor kan føre til at
nokre fleire saker blir førte inn for domstolane.
Komiteen registrerer at framlegget
til endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar ikkje
er venta å få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
Komiteen viser til at det i
proposisjonen er fremja forslag til endringar i verjemålslova, lov
om forsvunne personar og visse andre lover. Det å leggje til rette
for at personen som har fått oppnemnd verje, og verja kan ha eit
tillitsfullt og fortruleg forhold, er etter komiteen si meining ein viktig
føresetnad for at ordninga kan fungere etter formålet.
Komiteen er samde i ein hovudregel
om at det ikkje kan førast bevis frå ei oppnemnd verje som krenkjer
teieplikta verja har etter verjemålslova, og at forbodet ikkje skal
gjelde dersom den som har krav på teiing, samtykkjer til bevisføring. Komiteen meiner
også at særreglane som er foreslått der personen med verje er mindreårig,
er viktige.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til
at forslaget om bevisforbud for opplysninger som en oppnevnt verge
har fått fra personen med verge, innebærer et dilemma mellom kravet
til en saks opplysning i retten, og å styrke tilliten som skal være
mellom en verge og personen som har behov for verge. Disse medlemmer støtter
forslaget og viser spesielt til argumentet om at det blir et skille
mellom advokater, som i dag ikke vil kunne vitne i en rettssak om
spørsmål underlagt taushetsplikt, og andre som ikke har yrker som
legger denne begrensningen. Tillit mellom den som er oppnevnt som
verge, og personen er svært viktig, og disse medlemmer mener det må
legges stor vekt på at fylkesmennene som administrerer ordningen,
støtter denne endringen. Likevel peker blant annet Dommerforeningen
og Agder lagmannsrett på et potensielt problem ettersom vergen vil
ha rollen som en part på vegne av den personen de er verge for,
og dermed skal bidra til sakens opplysning, jf. tvistelovens bestemmelser. Disse medlemmer mener
det derfor er viktig at regjeringen gjør en vurdering av endringen
og eventuelt kommer tilbake til Stortinget med et nytt forslag dersom
det får uheldige utslag.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Høgre, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti, ser
at vaksne personar med oppnemnd verje kan ha ulikt fungeringsnivå.
Høvet til å tillate at det blir ført bevis frå den oppnemnde verja,
bør ikkje vere avskore i tilfelle der personen reint faktisk ikkje
er i stand til å forstå kva eit samtykke inneber. Fleirtalet er samde i at retten
får kompetanse til å ta vare på interessene til personen.
Fleirtalet støttar forslaget
om endringar i reglane om kven som har kompetanse til å reise sak
om verjemål med fråtaking av den rettslege handleevna, slik at verja
ikkje lenger sjølv kan reise sak om dette. I dei tilfella der verja
meiner at det er behov for verjemål med fråtaking av den rettslege
handleevna, kan verja ta dette opp med Fylkesmannen.
Fleirtalet støttar vidare endringsforslaga
i proposisjonen om å gjere justeringar i reglane om unntak frå teieplikta
for oppnemnde verjer og for verjemålsstyresmakta. Fleirtalet ser det som positivt
at lova tydeleggjer at unntaka skal gjelde både for vaksne og barn med
oppnemnd verje.
Fleirtalet meiner justeringane
for å få til ei betre tilpassing mellom unntaka frå teieplikta og
omsyna som ligg til grunn for dei, er rette. Fleirtalet støttar opp om at
unntaket frå teieplikta blir endra, slik at desse opplysningane
om verjemålet kan gjerast kjende for andre så langt det er nødvendig
av omsyn til personen sjølv, eller for å sikre at verja kan utføre
oppdraget sitt på ein god måte. At teieplikta for verja og verjemålsstyresmakta
blir harmonisert, ser fleirtalet som
positivt.
Fleirtalet meiner det er rett
at brot på teieplikta skal straffesanksjonerast for faste verjer.
Fleirtalet er samde i endringa
av regelen om dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på
at ein person er død, jf. lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar
§ 8. Fleirtalet ser
det som viktig at det blir lagt til rette for ei formålstenleg behandling
av saker der ein person med tilknyting til Noreg har døydd i utlandet og
det ikkje kan skaffast fram dokumentasjon på dødsfallet som kan
godtakast for å registrere personen som død i det norske Folkeregisteret.
Fleirtalet støttar opprettingane
av inkuriar i lover på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område.
Et annet flertall,
medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti,
merker seg at Helsedirektoratet i sitt høringssvar knytter enkelte
bemerkninger til forslaget om innskjerpinger i taushetsplikten i
vergemålsloven §§ 46 og 65. Dette flertallet forutsetter
at endringene i disse lovbestemmelsene – gjennom unntaket for opplysninger
om vergemålet som er nødvendige av hensyn til personen selv – kan
sikre helsetjenesten nødvendig kunnskap om eksistensen av vergemål,
slik at tjenesten kan ivareta alle sine lovpålagte oppgaver.