Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, leiaren Lene Vågslid og Maria Aasen-Svensrud, frå Høgre,
Peter Frølich, Guro Angell Gimse og Frida Melvær, frå Framstegspartiet,
Liv Gustavsen og Solveig Horne, frå Senterpartiet, Jenny Klinge
og Emilie Enger Mehl, og frå Sosialistisk Venstreparti, Petter Eide,
viser til Dokument 8:68 S (2017–2018) – Representantforslag fra
stortingsrepresentantene Trine Skei Grande, Abid Q. Raja, Carl-Erik
Grimstad, André N. Skjelstad, Terje Breivik, Grunde Almeland, Jon
Gunnes og Ketil Kjenseth om tiltak for å ivareta barns personvern.
Komiteen registrerer forslagsstillarane
sine synspunkt om at samfunnet gjennomgår ei rask teknologisk utvikling
som påverkar born og unge, og at det av den grunn er behov for ei
auka bevisstheit om born sine digitale rettar og rett til personvern.
Forslagsstillarane framhevar at born er sikra rett til privatliv
gjennom barnekonvensjonen, og at behovet for ein meir aktiv personvernpolitikk
aukar i takt med den digitale utviklinga. Komiteen viser til forslagsstillarane
sine 5 forslag for å ivareta born sin rett til privatliv i familien,
i barnehagar og på skular.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet,
er samde med forslagsstillarane i at det er viktig å ivareta barn
og unge sin rett til personvern. Fleirtalet meiner at den raske
teknologiske utviklinga skapar eit behov for jamleg å vurdere spørsmål
knytte til personvern generelt, og omsynet til sårbare grupper,
som mellom anna barn og unge, spesielt. Fleirtalet viser til at i etterkant
av at representantforslaget vart fremja, har det skjedd endringar
i regjeringa si samansetjing, og at partiet Venstre har blitt ein
del av denne. Fleirtalet ser
positivt på at personvern er særskilt omtalt i regjeringsplattforma. Fleirtalet viser
vidare til at det er nedfelt i plattforma at det skal opprettast
ein personvernkommisjon for å vurdere personvernet si stilling i Noreg. Fleirtalet meiner
at utfordringar knytte til personvern for barn og unge, er naturleg
å sjå i samanheng med personvernkommisjonen sitt mandat.
Fleirtalet vil kommentere dei
ulike forslaga slik:
Forslag nr. 1:
Fleirtalet viser til forslaget
om å setje ned ein eigen personvernkommisjon for barn. Fleirtalet ser ikkje
behovet for ein eigen kommisjon på dette området, men meiner at
barn sitt personvern med fordel kan sjåast i samanheng med stoda
for personvernet meir generelt. Fleirtalet viser i denne samanheng
til Jeløy-plattforma, der regjeringa varslar at det skal setjast
ned ein eigen personvernkommisjon. Fleirtalet meiner dette er
eit godt høve til å setje særleg fokus på barn sitt personvern.
Forslag nr. 2:
Fleirtalet vil gjere merksam
på at spørsmålet om eit forbod mot kameraovervaking i undervisningstida på
skular og i opphaldstida i barnehagar er tatt opp i det pågåande
arbeidet med ny personopplysningslov. Fleirtalet viser til at høyringsinstansane
langt på veg støttar eit generelt forbod om kameraovervaking på skular
i undervisningstida og i opphaldstida i barnehagar, men at det er
nyansar som må vurderast i den vidare handsaminga av ny personopplysningslov.
Forslag nr. 3:
Fleirtalet viser til at det
går fram av forskrift om rammeplanen for innhaldet og oppgåvene
til barnehagen at barnehagen må innhente samtykke frå føresette for
å dele opplysningar om enkeltbarn med skulen. Fleirtalet viser vidare til
at for anna grunnopplæring er deling av informasjon regulert av
regel i forvaltningslova om teieplikt. Der overføring av opplysningar
krev samtykke, må samtykke vere frivillig, uttrykkeleg og informert.
Eit informert samtykke føreset at foreldre og føresette er kjende
med kva informasjon som skal overførast.
Forslag nr. 4:
Fleirtalet vil vise til at
barnehagar og skular har eit sjølvstendig ansvar for og plikt til
å overhalde personvernlovgjevinga. Fleirtalet er kjende med at
det eksisterer oppdatert og brukarvenleg rettleiingsmateriell for
opplæringssektoren på området, og viser då mellom anna til Personvernskolen.no. Fleirtalet er
opptatte av at barnehagar og skular skal ha fridom til å finne gode
lokale løysingar, så lenge lovverket vert overhalde.
Fleirtalet ønskjer at det blir
lagt til rette for eit godt tillitsforhold og samarbeid mellom føresette
og opplæringsinstansane, gode overgangar mellom barnehage og skule
og mellom utdanningsinstitusjonane.
Forslag nr. 5:
Fleirtalet er kjende med at
det finst tilgang til svært mykje god informasjon retta mot barn
og føresette om nettvett og personvern. Fleirtalet vil mellom anna
vise til Datatilsynet og Senter for IKT i utdanningen sine relevante
opplegg på nettstaden Dubestemmer.no. Fleirtalet er vidare kjende
med at nettstaden vert nytta av eit breitt spekter av brukarar:
både born og unge, føresette, skular og barnehagar, politi, helsepersonell,
frivillige organisasjonar, bibliotek m.fl. Fleirtalet viser til at kunnskapsformidling
om nettvett og personvern er nedfelt i rammeplanen for innhaldet
og oppgåvene til barnehagen og i læreplanverket for grunnopplæringa
– Kunnskapsløftet.
Eit anna fleirtal,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet,
fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa sjå til at mandatet til den varsla personvernkommisjonen
inkluderer eit særleg oppdrag om å vurdere stoda for personvernet
til barn, og å kome med tiltak for å styrke dette.»
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser
til egne merknader og forslag i Innst. 70 S (2016–2017) om opprettelse
av en personvernkommisjon for barn og unge og forbud mot kameraovervåking i
skolen. Disse medlemmer merker
seg statsrådens uttalelser om at sistnevnte har vært tema under
høringen om ny personopplysningslov. Disse medlemmer mener at forslaget
om en personvernkommisjon for barn og unge er godt begrunnet, og
viser til at Senterpartiet senest i 2016 støttet et slikt forslag.
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til at når komiteens
medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at det skal
opprettes en personvernkommisjon, og bruker dette som hovedargument
for ikke å opprette en egen personvernkommisjon for barn og unge,
er det for komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet
nærliggende å forstå dette som at nedsettelsen av en personvernkommisjon
er nært forestående. Disse
medlemmer er enige i at personvern for barn og unge kan vurderes
i forbindelse med at det settes ned en personvernkommisjon som også
ser på andre områder, men dette forutsetter at opprettelsen av en
slik kommisjon ikke blir ytterligere utsatt. Disse medlemmer forventer at
arbeidet med å sette ned en personvernkommisjon starter snarest
mulig.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti stiller seg bak Venstres opprinnelige
forslag om behovet for å øke bevisstheten om barn sine digitale rettigheter
og rett til personvern. Det er et stort behov for økt kunnskap om
personvernets kår for barn og unge i en digital tidsalder, og det
er nødvendig å drive mer aktivt holdningsskapende arbeid og spre
mer informasjon om utfordringer knyttet til barns personvern på
arenaer hvor man møter barn og foreldre.
Dette medlem ser fram til en
kommende personvernkommisjon, men ønsker likevel et eget fokus rettet
mot barn og unges personvern, som kan gå grundig inn i problemstillingen
og komme med råd og anbefalinger til barn, foreldre, helsestasjoner,
barnehager, skoler og politiske myndigheter.
På denne bakgrunn
fremmer dette medlem følgende
forslag:
«Stortinget
ber regjeringen opprette en personvernkommisjon for barn og unge,
eller på annen måte sikre at barn og unges personvern får en egen
plass i kommende personvernkommisjon vedtatt i regjeringsplattformen.»