Sammendrag
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om endringar i vegtrafikkloven
om reglar til gjennomføring av europaparlaments- og rådsdirektiva
(EU) 2014/45 og 2014/47 om periodisk kontroll av køyretøy og kontroll
av nyttekøyretøy langs veg (køyretøykontrolldirektiva) i norsk rett.
Stortinget ga sitt
samtykke til å innlemme køyretøykontrolldirektiva i EØS-avtala gjennom
behandling av Prop. 144 S (2015–2016), jamfør Innst. 39 S (2016–2017). Gjennomføringa
i norsk rett krev endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk
(vegtrafikkloven) sine føresegner om kontroll langs veg og om køyretøyverkstader,
jf. framlegget til endringar i §§ 13, 19, 19 a og framlegg til ny
§ 19 b.
Framlegget som skal
gjennomføre køyretøykontrolldirektiva, gjeld endra heimel for kontroll
langs veg i § 19 andre ledd, med krav om risikobasert kontroll,
krav til kontrollutstyr og kompetanse hos kontrollpersonell. Vidare
gjeld gjennomføringa av køyretøykontrolldirektiva nye føresegner
om godkjenning, kompetanse og tilsyn med verksemder som gjennomfører
periodisk kontroll av køyretøy (kontrollorgan), og tilsette i kontrollorgana
i § 19 a. Framlegget gjeld heimel for nye krav til kompetanse, habilitet
og vandel for kontrollørane og teknisk leiar i kontrollorgan og
verkstad. Framlegget gjeld også heimel for godkjenning og tilsyn
med opplæringsinstitusjonar som skal utdanne kontrollpersonell, og
krav til kompetanse hos dei som skal godkjenne og føre tilsyn.
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen òg fram forslag til endringar i vegtrafikkloven
om reglar til gjennomføring av europaparlaments- og rådsforordning
(EU) nr. 165/2014 av 4. februar 2014 om fartsskrivarar i vegtransport
og om oppheving av forordning (EF) nr. 3821/85 og om endring av
forordning nr. 561/2006 om køyre- og kviletid (fartsskrivarforordninga)
i norsk rett. Ein fartsskrivar er eit teknisk apparat i tunge køyretøy
nytta til å kontrollere at køyre- og kviletidsreglane
blir følgde. Hovudformålet med den nye forordninga er å redusere
lovbrot og å betre trafikktryggleiken, verne sjåførane og fremje
like konkurransevilkår.
EØS-komiteen vedtok
3. juni 2016 (vedtak nr. 122/2016) å endre vedlegg XIII (transport)
til EØS-avtala, slik at fartsskrivarforordninga blir innlemma i
EØS-avtala. Gjennomføringa i norsk rett gjer det nødvendig med lovvedtak,
jf. Grunnlova § 26 andre ledd. Difor blei vedtaket i EØS-komiteen
gjort med atterhald om samtykke frå Stortinget. Gjennom denne proposisjonen
blir Stortinget invitert til å gi sitt samtykke til å godkjenne
vedtaket i EØS-komiteen og til å gjennomføre fartsskrivarforordninga
i norsk rett. Vedtaket frå EØS-komiteen og forordning (EU) 165/2014
om fartsskrivar følgjer som vedlegg.
Gjennomføringa gjeld
i hovudsak lovframlegget til 19 b om godkjenning av og tilsyn med
verkstader, heimel for krav til kompetanse, habilitet og vandel
for fartsskrivarverksemdene og heimel for verkstaden si plikt til å
støtte kontrollstyresmaktene i undersøkingar av om fartsskrivaren
er manipulert mv.
I samband med gjennomføringa
av EU-rettsaktene foreslår departementet i tillegg i denne proposisjonen einskilde
andre endringar i vegtrafikkloven sine føresegner om køyretøykontroll.
Dette gjeld endringar
for verkstader som ikkje er kontrollorgan eller fartsskrivarverkstad
i framlegg til § 19 b. Formålet er meir like lovføresegner om verkstader,
å sikre god kvalitet på tenestene verksemdene leverer gjennom krav
til godkjenning og tilsyn, og å hindre ulovleg arbeid på motorvogn.
Vidare gjer departementet
framlegg om lovheimel for klårare, meir fleksible og effektive reaksjonar
for forvaltninga, som bruk av stans og tvangsmulkt, jf. framlegget
til §§ 19 a og 19 b.
Departementet gjer
også framlegg om lovheimel for eventuelt å fastsette forskrifter
om gebyr for godkjenning og tilsyn med kontrollorgan, verkstader
mv. og for kontroll langs veg. Lovframlegget om gebyr for godkjenning
er avgrensa til å dekke dei kostnadene det offentlege har i samband
med tenestene. Lovheimelen for å innføre gebyr for tilsyn eller
kontroll er likeeins avgrensa til tilfelle der det er avdekt regelbrot,
feil eller manglar som krev oppfølging frå styresmaktene.
Lovutkastet inneheld
også ein ny § 19 c om forskriftsheimel for kontroll av verksemder
som driv handel med køyretøy og utstyr som krev godkjenning, som er
ei vidareføring og ei presisering av gjeldande § 19 tredje ledd.
Vidare inneheld lovutkastet
ei endring av vegtrafikkloven § 32 som fastset at brot på køyre-
og kviletidsreglane som blir avdekte i Noreg, kan bli sanksjonerte
i Noreg uavhengig av i kva land brotet fann stad, og at denne òg
gjeld for føretak.
Lovframlegga i proposisjonen
er i hovudsak utforma som heimlar for at departementet kan fastsette
nærare forskrifter om gjennomføring.
Proposisjonen er
inndelt på følgjande måte: Punkt 2 omhandlar bakgrunn og høyringa.
Punkt 3 beskriv gjeldande rett og rettstilhøva i andre land. Punkt
4 til 8 gjeld lovframlegg og drøfting av høyringa. Punkt 9 gjeld innlemming
av fartsskrivarforordninga. Punkt 10 omtaler økonomiske og administrative
konsekvensar av lovforslaga. Punkt 11 gjeld merknader til dei einskilde
paragrafane i lovforslaget.