1.1 Innleiing
Landbruks- og matdepartementet
legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingar
mv. under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2017.
Kap.
4100 Landbruks- og matdepartementet
Post
1 Refusjonar m.m.
Inntektene har vore
lågare enn budsjettert, og departementet foreslår difor å redusere
løyvinga med 90 000 kroner.
Post
1 Driftsutgifter
Mattilsynet prioriterer
arbeidet mot sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) høgt. Det
blir arbeidd for å fjerne smittestoffet som i dag er funne i Noreg,
som det einaste landet i Europa. Difor foreslår departementet ein
auke i løyvinga over kap. 1115 post 1 på 8,5 mill. kroner.
Post
71 Tilskott til erstatningar
Mattilsynet har hatt
høgare utgifter enn budsjettert til tilskott til erstatningar etter
dyrevelferdslova § 4. Departementet foreslår difor å auke løyvinga
over kap. 1115 post 71 med 2,0 mill. kroner.
Post
1 Gebyr m.m.
Ifølgje oppdaterte
prognosar vil gebyrinntektene til Mattilsynet for 2017 bli på om
lag 183,3 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Mindreinntekta skuldast i hovudsak lågare inntekt frå det nye gebyret
på tilsyn med fiskehelse og -velferd på grunn av seinare fastsetting
av forskrift enn det som var lagt til grunn. Departementet foreslår
difor å redusere løyvinga over kap. 4115 post 1 med 10,0 mill. kroner.
Kap.
1142 Landbruksdirektoratet
Post
71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Departementet foreslår
å auke løyvinga med 500 000 kroner, mot tilsvarande reduksjon på
kap. 1142 post 80.
Post
72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite
Løyvinga er ei overslagsløyving.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 165 000 kroner.
Post
80 Radioaktivitetstiltak
Departementet foreslår
å redusere løyvinga over kap. 1142 post 80 med 500 000 kroner, mot
ein tilsvarande auke under kap. 1142 post 71.
Kap.
1148 Naturskade – erstatningar
Post
71 Naturskade, erstatningar
På bakgrunn av oppdaterte
prognosar for utbetalingar i 2017 og for tilsegn som ikkje er innfridde
per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga
på posten med 44 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med 38,5
mill. kroner, til 79 mill. kroner.
Kap.
1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
Post
71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
På bakgrunn av oppdaterte
prognosar for utbetalingar i 2017 og tilsegn som ikkje er innfridde
per 31. desember 2017, foreslår departementet å redusere løyvinga
på posten med 26,1 mill. kroner og å auke tilsegnsfullmakta med
26,1 mill. kroner, til 101,1 mill. kroner.
Kap.
1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post
73 Pristilskott
Departementet foreslår
å auke løyvinga på posten med 127,3 mill. kroner. Det gir ei samla
løyving over posten på 3 430,9 mill. kroner.
Kap.
1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
Post
51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
I tråd med omtale
under kap. 1151 post 75 og post 79 foreslår departementet å redusere
løyvinga over kap. 1151 post 51 med 3,0 mill. kroner.
Post
75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
Departementet foreslår
å auke løyvinga over kap. 1151 post 75 med 2,8 mill. kroner, mot
tilsvarande reduksjon på kap. 1151 post 51.
Post
79 Velferdsordningar
Departementet foreslår
å auke løyvinga over kap. 1151 post 79 med 200 000 kroner, mot tilsvarande
reduksjon på kap. 1151 post 51.
Kap.
4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
Post
90 Avdrag på lån
På posten blir det
ført inntekter frå det statlege lånet Statskog SF fekk ved kjøpet
av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011). Styret i Statskog
SF har vedtatt å betale 75 mill. kroner i avdrag på lånet i 2017.
Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 4162 post
90 med 50,0 mill. kroner.
Kap.
5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
Post
85 Utbytte
Kimen Såvarelaboratoriet
AS har vedtatt å betale inn 204 000 kroner til LMD som aksjeutbyte
for 2016. Departementet foreslår difor å auka løyvinga over kap. 5651
post 85 med 204 000 kroner.
Kap.
5652 Statskog SF – renter og utbytte
Post
80 Renter
På posten blir det
ført renter frå det statlege lånet Statskog SF fekk i forbindelse
med kjøpet av Borregaard Skoger AS, jf. Prop. 11 S (2010–2011).
Det er forventa at føretaket vil innbetale 1,75 mill. kroner i 2017.
Departementet foreslår difor å redusere løyvinga over kap. 5652 post
80 med 1,05 mill. kroner.
Avvikling
av ITAS Eierdrift AS
Departementet foreslår
ei fullmakt til å avvikle selskapet ITAS Eierdrift AS.
Teljing
av rein i Nordland og Troms
Etter fleire års
teljing av rein i Finnmark vurderer Landbruksdirektoratet at behovet
for teljing no er størst i Nordland og Troms reinbeiteområde. Kap.
1142 post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark gjeld i utgangspunktet
Indre Finnmark, men departementet legg opp til å nytte noko av løyvinga
på tiltak i Troms og Nordland.