2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Øystein Langholm Hansen, Kirsti Leirtrø, Sverre Myrli og Ingalill
Olsen, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Jonny Finstad, Nils
Aage Jegstad og leiaren Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen,
Morten Stordalen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Siv
Mossleth og Ivar Odnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Arne Nævra,
og frå Venstre, Jon Gunnes, har merket seg at bakgrunnen for
lovforslaget er å legge til rette for økt samkjøring, og at dagens
lovverk begrenser dette. Det legges derfor opp til å endre yrkestransportloven
§ 20 første ledd. Samkjøringen begrenser seg til bare å gjelde personbil.
Komiteen merker seg at departementet
legger statens satser for kilometergodtgjørelse til grunn som det
maksimale vederlaget for samkjøringen. Det legges i tillegg til
grunn at det ikke er et krav til relasjon mellom sjåfør og passasjer,
men at de må ha et sammenfallende transportbehov.
Komiteen merker seg også at
departementet ønsker å tilpasse regelverket til utviklinga i samfunnet,
der det blir lagt til rette for at eldre som ønsker det, kan stå lengre
i arbeid ved å endre § 9 andre ledd fra dagens aldersgrense på 70
år til 75 år for å inneha et drosjeløyve.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti syner
til lovendringa i § 20 om å tillate meir samkøyring med personbil. Desse medlemene meiner
lovendringa er positiv, då ein tydeleggjer regelverket for slik
køyring. Desse
medlemene syner vidare til Representantforslag 115 S (2016–2017),
der Senterpartiet gjorde framlegg om ei eiga stortingsmelding om
drosjenæringa, noko Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti støtta
i merknadene i saka. Ei slik melding hadde gjeve eit breiare og
betre kunnskapsgrunnlag for regulering av transportverksemd mot
vederlag.
Desse medlemene meiner at dersom
samkøyring skal definerast som delingsøkonomi, så må vederlaget
til transportøren berre dekkje dei bilrelaterte kostnadene og ikkje
forteneste til førar. Det vil seie at det er bilen som er overskotet
som kan delast mellom fleire, og ikkje føraren sin tidsbruk. Dersom
førar mottek forteneste eller løn, vert transporten etter desse medlemene si
vurdering å rekne som persontransport mot vederlag, noko som krev
løyve. Desse medlemene meiner
dette er eit viktig skilje, og meiner vidare at det er svært positivt
at Stortinget no samlar seg om ein slik definisjon. Desse medlemene syner
vidare til at departementet har lytta til høyringsinnspela når det
gjeld dette, og det er bra.
Desse medlemene syner til at
politidirektoratet i høyringa ytra uro for korleis ein skal kunne
kontrollere at samkøyringa stettar lovverket. Desse medlemene deler denne
uroa og finn ikkje at regjeringa i proposisjonen gjer greie for
korleis dette skal handterast. Desse medlemene meiner regjeringa
må sørgje for at politiet har verkemiddel som gjer at ein kan avdekkje ulovleg
transport, og ber regjeringa kome attende til Stortinget med ei
attendemelding på korleis ein ser føre seg at lova kan handhevast
på ein effektiv måte.
Desse medlemene fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa kome attende til Stortinget på eigna måte med ei
vurdering av korleis ein meir effektivt kan sørgje for å avdekke
ulovleg køyring.»