Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)
Dette dokument
- Innst. 492 S (2016–2017)
- Kildedok: Prop. 139 S (2016–2017)
- Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Sammendrag
Innleiing
I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av godtgjering for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2017.
Samandrag og tilrådingar
Staten har inngått to hovudtariffavtalar for perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Med grunnlag i nemnde lønsoppgjer for statstilsette blir godtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,6 pst. frå 1. juli 2017.
Meirutgiftene for 2017 er utrekna til 8 009 000 kroner.
Dette er siste gongen godtgjeringar til utskrivne vernepliktige mannskap blir regulerte i eigen proposisjon. Frå og med 2018 vil godtgjeringar bli regulerte i den årlege budsjettproposisjonen (Prop. 1 S).
Bakgrunn
I mange år er økonomiske ytingar til soldatar regulerte med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har på vanleg måte lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten.
Det nemnde lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02, lønstrinn 19, gav alle på lønstrinnet eitt lønstrinn i auke. Dette gir eit kronetillegg på A-tabellen som utgjer ein auke på 1,6 pst.
Vurderingar
Forsvarsdepartementet legg til grunn reguleringa i lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten i nemnde lønsoppgjer. Dette er i samsvar med tidlegare års praksis. Forsvarsdepartementet har komme fram til at utskrivne vernepliktige mannskap bør få ei regulering på 1,6 pst. med verknad frå 1. juli 2017.
Regulering av satsane
Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2017:
Tenestetillegg frå kr 169,30 til |
kr 172,- per dag |
Tillegg for leiande meinig/flysoldat frå kr 22,80 til |
kr 23,- per dag |
Kompensasjonstillegg frå kr 475,- til |
kr 483,- per dag |
Ektefelletillegg frå kr 4 563,- til |
kr 4 636,- per månad |
Barnetillegg, første barn, frå kr 5 171,- til |
kr 5 254,- per månad |
Barnetillegg for barn, utanom det første, frå kr 2 129,- til |
kr 2 163,- per månad |
Dimisjonsgodtgjering 12 månaders teneste frå kr 32 570,- til |
kr 33 091,- |
Utdanningsbonus, dagsats frå kr 62,80 til |
kr 64,- per dag |
Operativt tillegg (§ 13-oppdrag) frå kr 1 307,- til |
kr 1 328,- per dag |
Tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke frå kr 914,- til |
kr 929,- per dag |
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Elisabeth Vik Aspaker, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet, Harald T. Nesvik, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, har merket seg at regjeringens forslag til regulering er basert på resultatet av lønnsoppgjøret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Godtgjørelsen til vernepliktige mannskap blir foreslått økt med 1,6 pst. fra 1. juli 2017. Komiteen støtter grunnlaget for reguleringen. Komiteen merker seg at dette er siste gang godtgjørelsen til utskrevne vernepliktige mannskaper blir regulert i en egen proposisjon, og at fra 2018 vil godtgjørelsenen bli regulert i den årlige budsjettproposisjonen (Prop. 1 S).
Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Føremål |
Kroner |
Utgifter |
|||
1700 |
|
Forsvarsdepartementet |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
10 000 |
|
|
frå kr 789 583 000 til kr 789 593 000 |
|
1720 |
|
Felles leiings- og kommandoapparat |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
495 000 |
|
|
frå kr 5 292 690 000 til kr 5 293 185 000 |
|
1725 |
|
Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
272 000 |
|
|
frå kr 716 765 000 til kr 717 037 000 |
|
1731 |
|
Hæren |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
3 976 000 |
|
|
frå kr 5 519 074 000 til kr 5 523 050 000 |
|
1732 |
|
Sjøforsvaret |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
1 302 000 |
|
|
frå kr 4 236 788 000 til kr 4 238 090 000 |
|
1733 |
|
Luftforsvaret |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
953 000 |
|
|
frå kr 4 808 540 000 til kr 4 809 493 000 |
|
1734 |
|
Heimevernet |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
699 000 |
|
|
frå kr 1 400 523 000 til kr 1 401 222 000 |
|
1740 |
|
Forsvarets logistikkorganisasjon |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
39 000 |
|
|
frå kr 1 898 674 000 til kr 1 898 713 000 |
|
1760 |
|
Forsvarsmateriell og større nyskaffingar og vedlikehald |
|
|
1 |
Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45, vert auka med … |
1000 |
|
|
frå kr 1 695 465 000 til kr 1 695 466 000 |
|
1790 |
|
Kystvakta |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
258 000 |
|
|
frå kr 975 527 000 til kr 975 785 000 |
|
1795 |
|
Kulturelle og allmennyttige føremål |
|
|
1 |
Driftsutgifter, vert auka med … |
4000 |
|
|
frå kr 257 222 000 til kr 257 226 000 |
|
Anniken Huitfeldt |
Elisabeth Vik Aspaker |
leder |
ordfører |