Søk

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2017. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjort på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsett i forskrifter. Forhandlingane med dei nemde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.