Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens melding om verksemda i 2016
Dette dokument
- Innst. 489 S (2016–2017)
- Kildedok: Dokument 2 (2016–2017)
- Utgiver: kontroll- og konstitusjonskomiteen
- Sidetall: 10
Tilhører sak
Alt om
1. Sammendrag
1.1 Innledning
Riksrevisjonen er eit av kontrollorgana til Stortinget. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn som føresett, og at statlege midlar og verdiar blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med vedtak og føresetnader frå Stortinget.
Dei overordna rammevilkåra går fram av lov og instruks om Riksrevisjonen.
1.1.1 Måloppnåing
Visjonen til Riksrevisjonen er å bidra til betre offentleg ressursbruk. Omgivnadene skal oppleve Riksrevisjonen som eit kompetent, uavhengig og objektivt revisjons- og kontrollorgan. Samarbeidet internt skal vere prega av lagånd, openheit og respekt.
Strategisk plan for perioden 2014–2018 blei vedteken i desember 2013. Den strategiske planen tek føre seg dei viktigaste utfordringane Riksrevisjonen står overfor for å kunne løyse samfunnsoppdraget i tråd med visjonen. Det er definert tre strategiske mål for perioden 2014–2018:
Mål 1: Aktuell og samfunnsnyttig revisjon
Revisjonen skal ha stor relevans og aktualitet for samfunnet. Dette vil seie at Riksrevisjonen skal
-
prioritere desse strategiske områda:
-
helse
-
velferd, arbeid og pensjon
-
samfunnstryggleik og beredskap
-
samferdsel
-
globalisering, bistand og miljø
-
-
prioritere revisjonsoppgåvene og ressursbruken etter ei heilskapleg vurdering av risiko og kor vesentleg det aktuelle området er – på tvers av departementsområda
-
prioritere revisjon som går på tvers av departement – også utover dei strategiske satsingsområda
-
styrkje forvaltningsrevisjon og selskapskontroll på viktige område
Status for måloppnåing 2016
I verksemdsplanane blir det valt ut prioriterte revisjonsoppgåver ut frå ei overordna vurdering av risiko innanfor kvart av departementa og på tvers av departementa.
Riksrevisjonen har sendt tolv forvaltningsrevisjonsrapportar i Dokument 3-serien til Stortinget i 2016 og gitt ut éin administrativ rapport, jf. vedlegg 3. Ni av rapportane dekkjer tema innanfor dei strategiske satsingsområda. Av desse dekkjer fire rapportar også tema som går på tvers av departement.
Resultata frå selskapskontrollen er rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 3:2 (2016–2017). Tre av fem utvida kontrollar var innanfor dei strategiske satsingsområda, og éin av kontrollane gjaldt tema på tvers av departementa.
Resultata frå rekneskapsrevisjonen for 2015 er elles rapporterte til Stortinget gjennom Dokument 1 (2016–2017).
Mål 2: Profesjonell revisjon og kontroll
Riksrevisjonen skal vere eit profesjonelt revisjons- og kontrollorgan med høg kompetanse. Planlegging, gjennomføring, rapportering og kommunikasjon skal utførast på ein måte som gjer at Stortinget, forvaltninga og allmenta opplever oss som profesjonelle.
Dette vil seie at Riksrevisjonen skal
-
gjennomføre revisjon og rettleiing med høg fagleg kvalitet og i tråd med lov, instruks og internasjonale standardar
-
koordinere planlegging og gjennomføring av oppgåvene innanfor dei enkelte departementa på tvers av revisjonstypane
-
følgje opp rolla som ekstern revisor i statlege verksemder i samsvar med god revisjonsskikk
-
kommunisere revisjonen og resultata tydeleg og målretta for å auke gjennomslagskrafta og bidra til ei betre forvaltning
Status for måloppnåing 2016
Revisjonsmetodikken i Riksrevisjonen er i tråd med internasjonale standardar, og det blir arbeidd kontinuerleg for at revisjonen skal halde høg fagleg kvalitet og vere mest mogleg einsarta. Riksrevisjonen prioriterer revisjonsoppgåvene ut frå ei heilskapleg vurdering av risiko og kor vesentlege dei ulike områda er.
For å sikre at planlegging, gjennomføring og rapportering av revisjon og kontroll skjer i tråd med lov, instruks og revisjonsstandardar, gjennomfører Riksrevisjonen ein årleg periodisk inspeksjon (kvalitetskontroll utanfor linja) av dei ulike revisjonstypane. Resultata frå slike inspeksjonar blir brukte som innspel til det kontinuerlege betringsarbeidet. Enkelte avvik blei avdekte gjennom inspeksjonen i 2015. Det blei ikkje gjennomført periodisk inspeksjon i 2016. Resultata frå 2015-inspeksjonen var ikkje klare før seint i revisjonsåret, og Riksrevisjonen ønskte å sjå an effekten av tiltaka etter denne inspeksjonen før det blei gjennomført ein ny inspeksjon.
Merknadene frå Stortinget til dokumenta frå Riksrevisjonen viser at oppdragsgivaren har høg tillit til Riksrevisjonen.
Brukarundersøkingar som er gjennomførte etter at revisjonsresultata frå alle dei tre revisjonstypane var lagde fram, blir følgde opp i dei respektive avdelingane.
Mål 3: God leiing og effektiv ressursbruk
God leiing, organisering og styring skal sikre effektiv oppgåveløysing og fleksibel ressursbruk. Leiarar og medarbeidarar skal saman sikre samsvar mellom oppgåver, kompetanse og gjennomføring av arbeidet.
Dette vil seie at Riksrevisjonen skal
-
ta tydelege strategiske avgjerder og sikre gjennomføring i organisasjonen
-
leggje vekt på god fagleg leiing som gir meirverdi og kvalitet i oppgåveløysinga
-
halde fram utviklinga av sterke kompetansemiljø
-
utnytte kompetanse og ressursar på tvers av organisasjonseiningar og revisjonstypar betre
-
sikre at støttesystema bidreg til effektiv og god oppgåveløysing
Status for måloppnåing 2016
I perioden har det vore gjennomført eit utviklingsprogram for leiinga. Dette blir ført vidare i 2017. Resultata frå leiarevalueringa i 2015 er gode og har ført til at risikoen for ikkje å nå målet om god fagleg leiing har blitt redusert.
Vidare har det vore sett i verk tiltak for å betre og forenkle revisjonsfaglege og administrative støttesystem. Dette har ført til ein nedgang i årsverk frå 445 i 2015 til 435 i 2016 samtidig som produksjonen var den same som i 2015.
1.1.2 Ressursbruk
Revisjonsinnsatsen fordelt på dei ulike revisjonstypane i 2016 viser at 65 pst. brukast på rekneskapsrevisjon, 26 pst. på forvaltningsrevisjon og 9 pst. på selskapskontroll.
1.2 Revisjon og rapportering til Stortinget
Kritikken frå Riksrevisjonen i rapporteringa til Stortinget blir gitt i form av to uttrykk:
-
Alvorleg blir brukt om forhold som kan ha vesentlege konsekvensar, eller der summen av feil og manglar er så stor at dette må reknast som alvorleg i seg sjølv. Svært alvorleg blir berre brukt unntaksvis, til dømes ved risiko for liv eller helse.
-
Kritikkverdig blir brukt for å karakterisere mangelfull forvaltning der konsekvensane ikkje nødvendigvis er alvorlege, som feil og manglar ved rekneskapen, saker med reint økonomiske konsekvensar, brot på regelverk eller saker som er tekne opp tidlegare, og som framleis ikkje er retta opp. Sterkt kritikkverdig blir berre brukt unntaksvis.
Særlege undersøkingar
I samsvar med lov om Riksrevisjonen § 9 sjuande ledd første punktum har Stortinget i 2016 bede Riksrevisjonen om å setje i gang særlege undersøkingar av byggjeprosjekta til Stortinget i Prinsens gate 26, jf. Dokument 3:12 (2016-2017) og salsprosessen ved salet av to F-5 jagarfly, jf. Dokument 3:7 (2016-2017).
Rekneskapsrevisjon
Riksrevisjonen skal ved revisjon av rekneskapane kontrollere om rekneskapen gir eit rett bilete av den økonomiske verksemda. Det omfattar mellom anna å
-
a) stadfeste at rekneskapane ikkje inneheld vesentlege feil og manglar
-
b) kontrollere om dei disposisjonane som ligg til grunn for rekneskapen, er i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget og det gjeldande regelverket, og om disposisjonane er akseptable ut frå normer og standardar for statleg økonomiforvaltning
Den årlege revisjonen og kontrollen for budsjettåret 2015 – Dokument 1 (2016–2017)
Den årlege finansielle revisjonen for rekneskapsåret 2015 omfatta 15 departement, Statsministerens kontor og 240 underliggjande statlege verksemder. I tillegg reviderte Riksrevisjonen rekneskapane til stortingsadministrasjonen og tre verksemder som er underlagde Stortinget.
Riksrevisjonen reviderte også rekneskapane for Garantikassa for fiskarar og likviditetsfondet i pensjonstrygda for fiskarar, bruk av fylkesvegmidlar som blir rekneskapsførte av Statens vegvesen (etter avtale), og dei kommunevise skatterekneskapane, som er delrekneskapar til den samla rekneskapen til skatteetaten. Riksrevisjonen gav dessutan revisjonsmelding til fem nordiske verksemder og til FN-sambandet.
Saker som blir rapporterte i Dokument 1, kan vere vesentlege feil i statsrekneskapen eller vesentlege avvik mellom budsjett og rekneskap, vesentlege brot på vedtak og føresetnader frå Stortinget og mangelfull oppfølging av tidlegare rapporterte forhold.
Vesentlege forhold som er avdekte i revisjonen av underliggjande verksemder, vil bli rapporterte til Stortinget dersom departementet må ta eit særleg ansvar for å løyse saka i styringsdialogen, eller dersom saka kan ha budsjettkonsekvensar. I vurderinga av om eit forhold er vesentleg, blir det lagt vekt på om det gjeld problemstillingar som Stortinget er særleg oppteke av, eller som er del av den offentlege debatten.
Andre forhold som er avdekte i revisjonen av underliggjande verksemder, blir berre rapporterte til verksemdene og er ikkje omtalte i Dokument 1. I Dokument 1 blir det likevel gitt ei oversikt over kva for underliggjande verksemder som har fått vesentlege merknader i årets revisjon og dei fem siste åra. Kva årets merknad gjeld, er opplyst i ein fotnote. Vesentlege merknader vil seie modifisert melding til rekneskapen og/eller vesentlege merknader til budsjettdisponeringa.
I revisjonen av 2015-rekneskapane fekk 214 verksemder revisjonsmelding utan vesentlege merknader. For 26 av verksemdene hadde Riksrevisjonen vesentlege merknader. 16 av desse merknadene gjaldt budsjettgjennomføringa.
Rekneskap for Sametinget 2015
Revisjonsmeldinga frå Riksrevisjonen for rekneskapen til Sametinget for 2015 blei send til sametingsrådet 29. februar 2016 for å vere tilgjengeleg ved Sametingets plenumsbehandling av årsmelding og rekneskap i mars 2016. Tidlegare har praksis vore å sende over revisjonsmeldinga til Sametinget samtidig som til dei andre reviderte verksemdene, altså i slutten av mai månad.
Det går fram av St.meld. nr. 28 (2007–2008) at Sametinget som samepolitisk organ ikkje kan reknast for å vere eit underordna organ av departementa. Det går også fram at så sant det blir gjort budsjettvedtak om det i Stortinget, fordeler Sametinget i eit plenumsmøte løyvingane som er gitt over budsjetta til dei ulike departementa, og Sametinget fastset retningslinjer for tilskotsforvaltninga. Midlane Sametinget disponerer i samsvar med dei årlege tildelingsbreva, blir dermed forvalta ut frå vedtaka og føresetnadene til Sametinget. Riksrevisjonen kontrollerer også disposisjonane til Sametinget og har eigne prosedyrar for revisjonskommunikasjon med Sametinget.
Brukarundersøking om rekneskapsrevisjonen
Resultata frå brukarundersøkinga om rekneskapsrevisjonen for rekneskapsåret 2015 viser at måloppnåinga er svært god. Undersøkinga byggjer på svar frå 82 pst. av 228 reviderte verksemder og departement.
Måloppnåinga er betra på alle indikatorane for 2016 samanlikna med 2015. Måla for rekneskapsrevisjon, som er fastsette i den strategiske planen, er dermed nådde i 2016.
1.2.1 Selskapskontrollen
Riksrevisjonen vurderer gjennom selskapskontrollen om statlege interesser i selskap m.m. blir forvalta i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget. Kontrollen skal opplyse forhold som er svært viktige for samfunnet eller prinsipielt viktige på bakgrunn av vurderingar av risiko og kor vesentleg det aktuelle området er. Kontrollen blir utført ut frå desse perspektiva:
-
etterleving av lover, reglar og vedtak
-
oppfølging av samfunnsoppgåver og sektorpolitiske mål
-
effektiv og økonomisk forsvarleg drift
-
korrekt informasjon til Stortinget og Riksrevisjonen
Kontroll med forvaltninga av statlege selskap for 2015 – Dokument 3:2 (2016–2017)
Selskapskontrollen for 2015 omfatta 41 heileigde aksjeselskap, 36 deleigde aksjeselskap, 1 ansvarleg selskap med delt ansvar, 6 allmennaksjeselskap (ASA), 8 statsføretak, 4 regionale helseføretak og 7 selskap som er organiserte ved særskild lov, medrekna 1 særlovselskap som per 2015 omfatta 20 studentsamskipnader.
Riksrevisjonen hadde merknader til korleis statsråden hadde forvalta statlege interesser under Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet.
Selskapskontrollen med forvaltninga av statlege selskap for 2015 omfatta fem saksforhold. Sakene gjaldt desse forholda:
-
handtering av uønskte hendingar i helseføretaka
-
styring på ikt-området i Sjukehuspartnar HF
-
eigaroppfølging av samfunnsansvar i selskap med statleg eigarpart
-
Statnett og utbygging av sentralnettet
-
lønnsemd og synergieffektar i Posten Noreg AS
Brukarundersøking om selskapskontrollen
Resultata frå den oppsummerte brukarundersøkinga for selskapskontrollen byggjer på fem utvida rapportar og totalt ni svar. Seks av respondentane er departement.
Forvaltninga vurderer selskapskontrollen som god når det gjeld profesjonalitet. Når det gjeld resultatmålet for indikatorane presentasjon og nytte, er ikkje målet nådd i perioden 2014 til 2016. For selskapskontroll er talet på rapportar og svar så lågt at nokre få enkeltsvar kan gi store prosentvise utslag. Det er altså ikkje grunnlag for å trekkje bastante og generelle konklusjonar basert på brukarundersøkingane isolert sett. Dei meir spesifikke kommentarane til dei enkelte rapportane er likevel viktige innspel til den vidare utviklinga av selskapskontrollen.
1.2.2 Forvaltningsrevisjon
Riksrevisjonen skal gjennom systematiske undersøkingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut frå vedtaka og føresetnadene til Stortinget hente inn relevant informasjon til Stortinget om innføringa og verknadene av offentlege tiltak, mellom anna
-
a) om forvaltninga nyttar ressursane til å løyse oppgåver som samsvarer med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget
-
b) om ressursbruken og verkemidla i forvaltninga er effektive med tanke på dei måla Stortinget har sett på området
-
c) om regelverk som er fastsette av Stortinget, blir etterlevde
-
d) om styringsverktøy, verkemiddel og regelverket til forvaltninga er effektivt og tenleg for å følgje opp vedtaka og føresetnadene frå Stortinget
-
e) om avgjerdsgrunnlaget frå regjeringa til Stortinget er godt nok
-
f) om forvaltninga gjennomfører den vedtekne miljøpolitikken, slik at prinsippet om berekraftig utvikling og god forvaltning av naturressursane blir etterlevd
Forvaltningsrevisjon bør avgrensast til saker av prinsipiell interesse, økonomisk interesse eller stor samfunnsinteresse.
Forvaltningsrevisjonar som blei fullførte i 2016
Riksrevisjonen sende tolv forvaltningsrevisjonar til behandling i Stortinget i 2016.
I tillegg blei éin forvaltningsrevisjon send til orientering, Riksrevisjonens undersøkelse av Klima- og miljødepartementets arbeid med å sikre godt vannmiljø og bærekraftig bruk av vannressursene (Administrativ rapport 1/2016). Dokument i den administrative rapportserien blir ikkje sende til Stortinget som eiga sak.
Betringar i forvaltninga
Riksrevisjonen følgjer opp alle forvaltningsrevisjonar som er behandla av Stortinget, gjennom å kontrollere at forvaltninga har sett i verk tiltak for å rette opp manglane som blei avdekte. Oppfølginga skjer normalt tre år etter stortingsbehandlinga. Resultata av oppfølginga blir presenterte for Stortinget i det årlege Dokument 3:1.
Dokument 3:1 (2016–2017) Riksrevisjonens oppfølging av forvaltningsrevisjoner som er behandlet av Stortinget blei levert til Stortinget 18. oktober 2016. Oppfølginga tok føre seg 16 saker. I 14 av sakene viste oppfølginga at forvaltninga hadde betra eller varsla om endringar som gjaldt forhold Riksrevisjonen hadde hatt merknader til. Dokument 3:9 (2011–2012) Riksrevisjonens undersøkelse av havbruksforvaltningen og Dokument 3:11 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøkelse av skatte- og avgiftsmyndighetenes kontroll av merverdiavgift blir følgde vidare.
Brukarundersøking om forvaltningsrevisjon
Resultata frå den oppsummerte brukarundersøkinga for forvaltningsrevisjonen byggjer på 14 rapportar og totalt 28 svar. 18 av respondentane er departement.
Forvaltninga vurderer profesjonaliteten i forvaltningsrevisjonen som høg. Forvaltningsrevisjonen når ikkje resultatmåla for indikatorane presentasjon og nytte i 2016. Måloppnåinga over tid er ikkje tilfredsstillande når det gjeld spørsmålet om forvaltninga opplever at Riksrevisjonen presenterer resultata på ein god, balansert og truverdig måte. Riksrevisjonen vil vere spesielt opptekne av dette i revisjonen framover.
1.2.3 Anna
Undervisning, føredragsverksemd, seminar og liknande
Riksrevisjonen har i fleire samanhengar bidrege med undervisning og føredrag, mellom anna for forvaltninga, utdanningsinstitusjonar, statsselskapa, interesseorganisasjonar og utval, og på førespurnad frå eksterne kursarrangørar. I 2016 heldt riksrevisoren og tilsette i Riksrevisjonen ei rekkje revisjonsfaglege føredrag og andre føredrag i eksterne forum.
Tips til Riksrevisjonen
Riksrevisjonen har ein elektronisk tipskanal som er knytt til nettstaden vår. I 2016 blei det registrert 174 tips, mot 136 tips i 2015. Dei fleste tipsa kan ikkje karakteriserast som tips om mishald, men kan likevel vere nyttige for revisjonen. Tipsa kan sendast inn anonymt eller under fullt namn. Dei som tipsar under fullt namn, får ikkje tilbakemelding om korleis tipset blir følgt opp, men kan bli kontakta for å hente inn meir informasjon dersom det er nødvendig. Tipsa blir behandla og følgde opp av den ansvarlege seksjonen.
Tipskanalen blir levert av ein ekstern leverandør. Løysinga er kryptert frå ende til ende frå tipset kjem inn hos leverandøren, og fram til det når Riksrevisjonen.
Kommunikasjon
Riksrevisjonen skal vere tydeleg, open og tilgjengeleg, og kommunikasjonen skal støtte opp under den strategiske planen og verdiane til Riksrevisjonen. Kommunikasjonsstrategien skisserer kommunikasjonsprinsipp, målgrupper og kommunikasjonsmål.
I 2016 hadde Riksrevisjonen åtte arrangement for media i samband med offentleggjering av dokument.
Sakene til Riksrevisjonen blir stadig omtalte i media. Sakene som fekk mest medieomtale i 2016, var
-
Riksrevisjonens undersøkelse av ressursutnyttelse og kvalitet i helsetjenesten etter innføringen av samhandlingsreformen
-
Dokument 1: Politiets og Forsvarets arbeid med objektsikring
-
Riksrevisjonens undersøking av arbeidet til styresmaktene for å nå måla om økologisk landbruk
-
Dokument 1: Statlige midler går tapt som følge av at utestående krav etter feilutbetaling av trygdeytelser foreldes
-
Riksrevisjonens undersøkelse av effektivitet i vedlikehold av jernbanenettet
Den negative omtalen av Riksrevisjonen i media gjekk ned frå fem pst. i 2015 til to pst. i 2016. Medieomtalen blir vekta som negativ dersom leiinga i verksemda eller leiinga i eit departement seier seg ueinige med funna eller konklusjonane til Riksrevisjonen, eller dersom ei sak kan svekkje tilliten til Riksrevisjonen. Det var graderinga av undersøkinga av den operative evna til fregattvåpenet og resultata av den utvida kontrollen av lønnsemda i Posten som utgjorde flest av dei negative omtalane.
Som i 2014 gjennomførte Riksrevisjonen også i 2016 ei omdømmeundersøking. Nokre fleire respondentar veit kven som er riksrevisor i 2016 enn i 2014, medan kjennskapen til oppgåvene til Riksrevisjonen, vurderinga av kor viktig oppgåvene er, og kor godt dei blir utførte, er stabilt høg. Vidare blir oppgåvene til Riksrevisjonen vurderte som viktige, og Riksrevisjonen blir vurdert som truverdig.
Riksrevisjonen 200 år
I 2016 markerte Riksrevisjonen 200 år som verksemd. Dei fem første statsrevisorane i Noreg blei valde av Stortinget 22. juni 1816. Jubileet blei markert gjennom fleire arrangement: boklansering av Riksrevisjonens historie 1816–2016, fagseminar om Riksrevisjonen i framtida og Riksrevisjonen i verda, offisiell jubileumsmarkering i Oslo og deltaking på Arendalsuka.
1.2.3.1 Internasjonale aktivitetar
Riksrevisjonen vedtok i 2014 ein ny strategi for den internasjonale verksemda. Strategien gir retning og grunnlag for prioriteringar i det internasjonale engasjementet i perioden 2014–2018. Den internasjonale strategien skal støtte opp under og spegle måla som er sette opp i den strategiske planen for Riksrevisjonen for den same perioden. Spesielt er det viktig at Riksrevisjonen utviklar og har høg fagleg kompetanse. Det er viktig at det internasjonale arbeidet støttar opp under dette målet og legg til rette for å styrkje kunnskap og dele erfaring på område som er viktige for Riksrevisjonen. Bistandsprosjekta til Riksrevisjonen byggjer på tankegangen om at uavhengige og effektive riksrevisjonar er ein føresetnad for å sikre velfungerande kontroll av offentleg sektor og kamp mot korrupsjon og mishald.
Internasjonale revisjonsoppdrag
Riksrevisjonen har som mål å ta på seg oppdrag som ekstern revisor i internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem av for å påverke til større openheit og betre forvaltning i dei mange internasjonale organisasjonane.
Riksrevisjonen fullførte i 2016 arbeidet med å leie komiteen i INTOSAI som har ansvar for å utarbeide og halde ved like standardar for etterlevingsrevisjon (Compliance Audit). Riksrevisjonen har teke på seg ansvaret for å leie arbeidet med å utarbeide og halde ved like standardar for forvaltningsrevisjon (Performance Audit). Riksrevisjonen er i tillegg medlem av standardkomiteane for etterlevingsrevisjon og finansiell revisjon. I alle tre gruppene har Riksrevisjonen bidrege sterkt til å utarbeide og oppdatere standardane for dei tre revisjonstypane.
Dokument 2 gjer nærare greie for dei internasjonale oppdraga i 2016.
Miljørevisjon
Noreg har lenge hatt ei aktiv rolle i miljøarbeidsgruppene i INTOSAI og EUROSAI. I 2016 fullførte Riksrevisjonen ei ny internasjonal rettleiing for avfallsrevisjon som blei godkjend på møtet i miljøgruppa i oktober.
Ikt-revisjon
Riksrevisjonen gav i 2016 kommentarar og bidrag til arbeidet med å fullføre ISSAI 5300 on Guidelines on IT Audits. Standarden blei lagd fram for og godkjend i INCOSAI i desember 2016.
Anna revisjonssamarbeid
Joint Strike Fighter
Riksrevisjonen var vertskap for den tolvte Joint Strike Fighter-konferansen 19.–21. september 2016. I tillegg til den norske riksrevisjonen deltok representantar frå sju andre riksrevisjonar frå land som er partnarar i F-35-programmet. Det var også med representantar frå Joint Program Office (JPO), internrevisjonen i det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD OIG) og frå det norske kampflyprogrammet. Temaet for konferansen var å identifisere risiko i JSF-programmet og diskutere felles utfordringar i revisjonen og moglege revisjonstema. Konferansen viste at det er stor grad av samanfall i korleis riksrevisjonane vurderer risiko og dei utfordringane som gjeld for partnarlanda.
Norsk-russisk samarbeid
Den norske og russiske riksrevisjonen har samarbeidd om fleire forvaltningsrevisjonar sidan 2006 på sentrale område der landa har felles interesser – til dømes fiskeriforvaltning i Barentshavet, atomtryggleik og Arktisk råd. I 2016 blei den norske og russiske riksrevisjonen einige om å starte opp ein ny fellesrevisjon av det norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet, der ein mellom anna vil ta utgangspunkt i arbeidet til den norsk-russiske miljøkommisjonen.
1.2.3.2 Støtte til utvikling av riksrevisjonar i andre land
Målet for utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen er å støtte riksrevisjonar i utvalde utviklingsland, slik at dei kan bidra meir effektivt til å fremje eit godt styresett i landet sitt. I dette arbeidet tek Riksrevisjonen utgangspunkt i dei internasjonale standardane for offentleg revisjon og gir opplæring og rettleiing innanfor ulike revisjonsformer og støtte til styrking av institusjonane.
I samband med den årlege innsamlinga av statistikkdata for norske bistandsaktivitetar (ODA) rapporterte Riksrevisjonen at det hadde gått med 9,7 mill. kroner til dette utviklingsarbeidet i 2016.
Institusjonelle samarbeidsprosjekt
Riksrevisjonen hadde i 2016 samarbeid med riksrevisjonane i Makedonia, Nepal, Uganda, Tanzania, Myanmar, Sierra Leone og Zambia, og eit institusjonelt partnarskap med sekretariatet for engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika (AFROSAI-E).
Riksrevisjonen etablerte i 2012 eit petroleumsprogram. Dette er eit rammeverk for å byggje intern kapasitet i Riksrevisjonen til å kunne støtte samarbeidsriksrevisjonar med å styrkje revisjonen av utvinningssektoren i samarbeidsland, både innanfor olje- og gassektoren og gruveindustrien. Programmet samarbeider tett med Norad-programmet «Olje for utvikling» og internasjonale og regionale aktørar som AFROSAI-E og INTOSAI Development Initiative (IDI).
Riksrevisjonen i Nepal
Den nepalske riksrevisjonen har eit samarbeid med Riksrevisjonen om mellom anna lovutforming, strategisk planlegging, rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon.
I 2016 er det gitt støtte til å utvikle ein operasjonell plan, støtte til å fullføre ein forvaltningsrevisjon og bistand til planlegging av ein ny forvaltningsrevisjon som blir rapportert i 2017.
Riksrevisjonen i Makedonia
Riksrevisjonen har eit samarbeid med riksrevisjonen i Makedonia som blir avslutta i løpet av 2017. Samarbeidet omfattar hovudsakleg utvikling av ikt-infrastruktur og innføring av eit elektronisk revisjonsstøtteverktøy i organisasjonen. I 2016 støtta Riksrevisjonen den makedonske riksrevisjonen i arbeidet med å utvikle retningslinjer for ikt-tryggleik og i testinga av det nye revisjonsstøtteverktøyet.
Riksrevisjonen i Zambia
Riksrevisjonen har eit breitt og veletablert samarbeid med riksrevisjonen i Zambia. Samarbeidet omfattar styrking av forvaltningsrevisjon, ikt-revisjon og inntektsrevisjon. I 2016 var merksemda spesielt retta mot områda revisjon av ikkje-fornybare ressursar og ikt-revisjon. Arbeidet i Zambia er ein del av det internasjonale petroleumsprogrammet til Riksrevisjonen. Bistanden til ikt-revisjonen i Zambia og revisjon av inntektene frå utvinning av naturressursar har bidrege til at vesentlege statlege inntektstap har blitt rapporterte til det zambiske parlamentet.
Riksrevisjonen i Uganda
Uganda har vore forsøksland for petroleumsprogrammet, og samarbeidet med riksrevisjonen i Uganda omfattar overordna risikovurderingar, forvaltningsrevisjon innanfor petroleum og miljø, og støtte til revisjonar av produksjonsdelingsavtalane mellom staten og oljeselskapa. Samarbeidet omfattar også kontakt og koordinering med andre relevante aktørar, og støtte til kurs og opplæring.
Riksrevisjonen støttar også riksrevisjonen i Uganda i rolla deira som vertskap for INTOSAI Working Group on Audit of Extractive Industries (WGEI). Riksrevisjonen har fram til juli 2016 finansiert ein norsk nettverksekspert som arbeidde i riksrevisjonen i Uganda. Han arbeidde med å setje i gang aktivitetar og leggje til rette for nettverks- bygging og kunnskapsdeling i arbeidsgruppa, og sørgje for at riksrevisjonen i Uganda har ei fagleg leiing av arbeidsgruppa framover.
Riksrevisjonen i Sierra Leone
I 2016 starta eit nytt samarbeid med riksrevisjonen i Sierra Leone. Det blei utført ein foranalyse for å kartleggje føresetnader og behov for eit slikt samarbeid, og det er signert ein intensjonsavtale. Riksrevisjonen i Sierra Leone har hatt ei god utvikling dei seinare åra og ønskjer primært støtte til revisjon av inntekter frå gruveindustrien og til it-revisjon.
Riksrevisjonen i Myanmar
Eit samarbeid med riksrevisjonen i Myanmar blei etablert i 2016. Aktivitetane har så langt bidrege til kartlegging av petroleumssektoren i landet, auka forståing for korleis systemet for produksjonsdelingsavtalar i landet fungerer, og identifisering av moglege revisjonar på området. Riksrevisjonen i Myanmar besøkte Noreg i oktober 2016, og dette inkluderte også ei orientering av kontroll- og konstitusjonskomiteen om arbeidet deira og relasjonen dei har til Riksrevisjonen. Besøket la eit godt grunnlag for tillit og vidare samarbeid. Riksrevisjonen vil ha ein langtidsrådgivar buande i Myanmar dei neste to åra for å etablere og sikre framdrift i samarbeidet.
Riksrevisjonen i Tanzania
Samarbeidet med riksrevisjonen i Tanzania vil ikkje bli forlengt ved utgangen av toårsplanen (mars 2017).
Engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika – AFROSAI-E
AFROSAI-E er ei samanslutning av engelskspråklege riksrevisjonar i Afrika, og sekretariatet har base i Sør-Afrika. AFROSAI-E omfattar 25 land. Riksrevisjonen bidrog i 2016 med opplæring innanfor mellom anna forvaltningsrevisjon, dataanalyse, ikt-revisjon og kvalitetssikring. Riksrevisjonen hadde ein norsk medarbeidar som var knytt til sekretariatet som langtidsrådgivar i heile 2016.
Utviklingssamarbeid og IDI (INTOSAI Development Initiative)
IDI er organet for institusjonell bistand og utvikling i INTOSAI. Utviklingssamarbeidet til Riksrevisjonen skal vere tett kopla til arbeidet IDI gjer for utviklinga av riksrevisjonar i utviklingsland. Dette nære samarbeidet blei utvikla vidare i 2016. Søknadsmengda til IDI viser at det er eit stort behov for støtte til institusjonsutvikling. Riksrevisjonen har forplikta seg til å ta på seg ein del av desse førespurnadene om støtte. Vidare gir Riksrevisjonen eitt årsverk i form av hospitering til IDI og støttar elles IDI ved behov. Riksrevisor Per-Kristian Foss er styreleiar i IDI. I tillegg kjem to av dei andre styremedlemmene frå Riksrevisjonen. I vedlegg 5 er det ei nærare orientering om IDI.
1.2.3.3 Styring, administrasjon og interne aktivitetar
Styringa i Riksrevisjonen
Styringssystemet
Den strategiske planen har ein tidshorisont på fire år. I tillegg blir det utarbeidd årlege verksemdsplanar, som av omsyn til revisjonssyklusen i rekneskapsrevisjonen gjeld frå 1. mai til 30. april.
Til dei strategiske måla er det utforma operasjonelle mål som konkretiserer ambisjonane for perioden. Det er også utarbeidd eit sett med resultatindikatorar til dei strategiske måla.
I verksemdsplanane blir det sett opp prioriterte revisjonsoppgåver ut frå ei overordna vurdering av risiko innanfor kvart av departementa og på tvers av departementa. Dette utgjer den viktigaste delen av verksemdsplanen. I tillegg inneheld planen styringssignal til avdelingane og ein nærare omtale av prioriterte utviklingstiltak for å sikre ein så effektiv og god revisjon som mogleg.
Riksrevisjonen nyttar eit elektronisk styringsinformasjonssystem til å fordele og rapportere forbruk av ressursar til oppgåver av både revisjonsfagleg og administrativ art på årleg basis. Erfaringstal gir også grunnlag for meir treffsikre ressursoverslag ved framtidig planlegging.
På hausten blei det gjennomført ei undersøking om internkommunikasjon som viste nokre utfordringar. Leiinga vil setje i verk tiltak i samråd med tenestemannsorganisasjonane og vernetenesta.
Utviklingstiltak
Nye lokale for hovudkontoret
I september 2016 flytta alle tilsette med Oslo som arbeidsstad inn i nye lokale med besøksadresse Storgata 16. «Rom for rørsle» var visjonen for flyttinga og det nye bygget, som er eit moderne og fleksibelt kontorbygg med arbeidsplasser i landskap som gir gode fysiske rammer for den vidare utviklinga av Riksrevisjonen.
Stiftinga IDI (INTOSAI Development Initiative) leiger lokale av Riksrevisjonen. I samband med flyttinga blei det mogleg å gi desse eit åtskilt lokale, vegg i vegg, med eigen inngang frå Stenersgata 2.
Vurdering av langsiktig kompetansebehov
Endringar i revisjonsfaget, mellom anna som følgje av ikt-utviklinga, og endringar i forvaltning, regelverk også vidare, gjer at det er behov for ei meir omfattande vurdering av kva kompetanse Riksrevisjonen har behov for dei neste åra, og behov for å identifisere moglege strategiar for å dekkje desse behova. Først og fremst må ein sjå på om endra kompetansebehov krev nyrekruttering, eller om behovet kan bli dekt gjennom utvikling av dei noverande medarbeidarane.
Metode for kompetanseutvikling
Riksrevisjonen nyttar store ressursar på kompetanseutvikling, mellom anna gjennom godt tilrettelagde interne kurs. Det er likevel grunn til å sjå på om vi kan få meir ut av kompetansearbeidet ved å designe læringstiltak og læringsprosessar på nye måtar. Dette handlar mest om metodar for utvikling av enkeltmedarbeidarar. I tillegg skal vi vurdere kva organisasjonslæringsmetodar vi kan bruke for å byggje sterke kompetansemiljø.
Effektivisering av arbeidsprosessar og organisasjonsutvikling ved bruk av ikt
Noreg står overfor lågare oljeinntekter og produktivitetsvekst, og dette vil påverke offentleg sektor. I 2016 sette Riksrevisjonen i gang ei utgreiing for å kartleggje korleis vi kan halde fram med å betre verksemdsutøvinga vår og samtidig effektivisere drifta og tilpasse oss endringar i samfunnet og den teknologiske utviklinga. Prosjektet skal gi innspel til den nye strategiske planen for Riksrevisjonen frå 2018, og arbeidet med utgreiinga held fram i 2017.
Ny strategisk plan frå 2018
Arbeidet med ny strategisk planprosess er i gang. Riksrevisjonen vil leggje vekt på å møte ei framtid prega av digitalisering, strammare økonomiske rammer og meir kompleks og samansett styring og verkemiddelbruk i forvaltninga. Riksrevisjonen skal halde fram med å levere aktuelle og relevante rapportar til Stortinget, og arbeidet skal halde høg kvalitet.
Informasjonsforvaltning
Riksrevisjonen har i 2016 gjennomført eit prosjekt for å betre informasjonsforvaltninga i verksemda. Føremålet med prosjektet var å setje i verk tiltak på kort sikt for å betre informasjonsforvaltninga i verksemda og for å møte framtidige behov for vidare digitalisering av arbeidsprosessar. Arbeidet i prosjektet held fram i 2017.
Risikovurderingar og verksemdsplanen i 2016
Risikovurderinga av dei operasjonelle måla for Riksrevisjonen blei oppdatert i januar 2016 etter ein gjennomgang i dei enkelte avdelingane og tenestemannsorganisasjonane. På bakgrunn av risikobiletet blei det gjennomført ei rekkje tiltak.
Tryggleik
Det er eit overordna tryggleiksmål at all informasjonsbehandling skal utførast i tråd med lovpålagde krav og på ein slik måte at tilliten til Riksrevisjonen ikkje blir svekt.
Tryggleikstilstanden i Riksrevisjonen blir oppfatta som tilfredsstillande. Det er meldt inn åtte uønskte hendingar i 2016, men det er ikkje avdekt forhold som tilseier at målet ikkje er nådd. At det er meldt inn fleire hendingar i 2016 enn tidlegare, tek vi som eit teikn på at merksemda om tryggleik aukar.
Riksrevisjonen har ein eigen tryggleiksleiar som får støtte av eit rådgivande organ – tryggleiksforumet.
I 2015 blei trusselvurderinga for Riksrevisjonen oppdatert. Vurderinga ligg til grunn for risikovurderingar av interne ikt-system og utgjer grunnlaget for å identifisere aktuelle generelle tryggingstiltak. I 2016 er det ikkje gjennomført ei full oppdatering av trusselvurderinga. I forkant av flyttinga til Storgata 16 gjennomførte Forsvarsbygg ei risikovurdering av det nye bygget. Det førte til auka tryggleiksnivå ved at det er laga soner for behandling av sensitivt og gradert materiale, og kontrollen med kven som kan vere kvar i bygget, er gjort meir finmaska.
Riksrevisjonen blir halden oppdatert om aktuelle tryggleiksspørsmål ved å delta på konferansar og seminar, mellom anna i regi av NSM og NORSIS, og ved jamleg kontakt med og mottak av informasjon frå tryggleiksstyresmaktene.
1.2.3.4 Vurderingar av prioriterte område for revisjon og framtidsutsikter for Riksrevisjonen
Det er viktig at Riksrevisjonen møter endringane og utviklinga i samfunnet på ein slik måte at organisasjonen, gjennom utnyttinga av mandatet og utøvinga av oppgåvene, handterer den konstitusjonelle rolla som kontrollorgan for Stortinget på ein samfunnsnyttig måte.
Digitalisering
Tilgang til informasjon og mengda data aukar kraftig, og dette gir mellom anna store moglegheiter for å kople data for å få ny innsikt i korleis forvaltninga fungerer. Samtidig gir teknologien store moglegheiter for å effektivisere og tenkje nytt. Dette gir andre behov for kompetanse og større krav til kompetanse.
2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Gunnar Bakke og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til Riksrevisjonens melding om virksomheten i 2016, der det fremgår at den årlige finansielle revisjonen omfattet 15 departementer, Statsministerens kontor og 240 underliggende statlige virksomheter. I tillegg har Riksrevisjonen revidert regnskapet til Stortingets administrasjon og tre virksomheter underlagt Stortinget.
Komiteen merker seg at revisjonsinnsatsen fordelt på de ulike revisjonstypene i 2016 viser at 65 pst. brukes på regnskapsrevisjon, 26 pst. på forvaltningsrevisjon og 9 pst. på selskapskontroll.
Kontrollen med statlige selskaper i 2016 omfattet totalt 124 selskaper og virksomheter fordelt på hel- og deleide aksjeselskaper, helseforetak, statsforetak, særlovselskaper og studentsamskipnader. Komiteen er tilfreds med at selskapskontrollen skal opplyse forhold som er svært viktige for samfunnet eller prinsipielt viktige på bakgrunn av vurderinger og risiko og hvor vesentlig det aktuelle området er.
De tolv forvaltningsrevisjonsrapportene i Dokument 3-serien som ble sendt Stortinget i 2016, har alle satt viktige temaer på dagsordenen og gitt Stortinget relevant informasjon.
Komiteen viser til at Stortinget i samsvar med riksrevisjonsloven § 9 sjuende ledd første punktum i 2016 har bedt Riksrevisjonen om å gjennomføre to undersøkelser. Dette gjelder salget av to F-5 jagerfly, jf. behandlingen av Innst. 213 S Tillegg 1 (2015–2016) og Stortingets byggeprosjekt; Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og innkjøringstunnel, jf. behandlingen av Innst. 10 S (2016–2017).
Komiteen er tilfreds med at både Dokument 3:7 (2016–2017) Riksrevisjonens undersøkelse av Forsvarets salg av F-5-jagerfly og Dokument 3:12 (2016–2017) Riksrevisjonens undersøkelse av Stortingets byggeprosjekt; Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og innkjøringstunnel, er oversendt Stortinget og vil bli behandlet i inneværende stortingsperiode.
Komiteen finner det positivt at Riksrevisjonen gjennomfører brukerundersøkelser i forvaltningen. Brukerundersøkelsen om regnskapsrevisjon, som bygger på svar fra 82 pst. av 228 reviderte virksomheter og departementer, viser at måloppnåelsen er svært god. Når det gjelder brukerundersøkelsen for selskapskontrollen, vurderer forvaltningen kontrollen som god, når det gjelder profesjonalitet. Også når det gjelder forvaltningsrevisjonene vurderer forvaltningen profesjonaliteten som høy, men måloppnåelsen over tid er ikke tilfredsstillende når det gjelder spørsmålet om forvaltningen opplever at Riksrevisjonen presenterer resultatene på en god, balansert og troverdig måte. Komiteen merker seg at Riksrevisjonen vil være spesielt opptatt av dette i revisjonen framover.
Komiteen ser positivt på Riksrevisjonens internasjonale aktiviteter og er tilfreds med at Riksrevisjonen påtar seg en lederrolle i internasjonalt samarbeid for å utarbeide standarder for ulike typer revisjon. Komiteen ser videre positivt på at Riksrevisjonen støtter riksrevisjoner i utvalgte utviklingsland, slik at de kan bidra mer effektivt til å fremme godt styresett i landet sitt.
3. Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til dokumentet og råder Stortinget til å gjøre følgende
Dokument 2 (2016–2017) – Riksrevisjonens melding om verksemda i 2016 – vedlegges protokollen.
Martin Kolberg |
leder og ordfører |