Dokument 8:83 S 2016-2017 om
oppretting av eit program for teknologiutvikling i vassbransjen
Departementet viser
til brev frå Stortinget datert 27. april 2017 til helse- og omsorgsministeren
angåande representantforslag 83 S (2016-2017) om oppretting av eit
program for teknologiutvikling i vassbransjen.
Sidan forslaget
omhandlar trongen for teknologiutvikling i heile vassbransjen, både
for drikkevatn, avløpsvatn og overvatn, har Helse- og omsorgsdepartementet
vore i dialog med Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet
i samband med utarbeidinga av dette svaret.
Alle dei tre departementa
er samde om at dårleg leidningsnett på drikkevass- og avløpssida
er ei utfordring som det er viktig å få gjort noko med. Aukande
mengder overvatn forsterkar problema som dårleg leidningsnett medfører.
Difor er eit av dei viktigaste måla i Nasjonale mål for vatn og
helse som Regjeringa fastsette 22. mai 2014, nettopp at utskifting/rehabilitering
av vassleidningsnettet bør i gjennomsnitt vere på 2 prosent på nasjonalt
nivå fram til 2035. Utskiftingstakten er i dag på ca. 0,6 prosent. Ny
teknologi som kan gjere det enklare og truleg også billegare å rehabilitere
leidningsnettet, er difor både naudsynt og sterkt ønska for å betre
situasjonen.
I samsvar med vass-
og avløpsanleggslova er det kommunane som i hovudsak eig vass- og
avløpsanlegga i Noreg. I samsvar med lova, vert kostnadane ved vass-
og avløpsanlegga dekka av abonnentane gjennom gebyr etter det såkalla
sjølvkostprinsippet. Ansvaret for rehabilitering og eit eventuelt
program for teknologiutvikling for å få gjort dette, ligg difor på
kommunane. I samsvar med dette, meiner eg at det er kommunane som
eigarar av vass- og avløpsanlegga, som må organisere og eventuelt
inngå samarbeid for å få til naudsynt teknologiutvikling.
Dersom aktørane
meiner det er forhold ved rammeverket som er til hinder for teknologiutvikling, mottar
eg gjerne ytterlegere vurderingar om dette.