Søk

Vedlegg - Brev fra Helse- og omsorgsdepartementet v/statsråd Bent Høie til kommunal- og forvaltningskomiteen, datert 29. mai 2017

Vedlegg
Dokument 8:83 S 2016-2017 om oppretting av eit program for teknologiutvikling i vassbransjen

Departementet viser til brev frå Stortinget datert 27. april 2017 til helse- og omsorgsministeren angåande representantforslag 83 S (2016-2017) om oppretting av eit program for teknologiutvikling i vassbransjen.

Sidan forslaget omhandlar trongen for teknologiutvikling i heile vassbransjen, både for drikkevatn, avløpsvatn og overvatn, har Helse- og omsorgsdepartementet vore i dialog med Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samband med utarbeidinga av dette svaret.

Alle dei tre departementa er samde om at dårleg leidningsnett på drikkevass- og avløpssida er ei utfordring som det er viktig å få gjort noko med. Aukande mengder overvatn forsterkar problema som dårleg leidningsnett medfører. Difor er eit av dei viktigaste måla i Nasjonale mål for vatn og helse som Regjeringa fastsette 22. mai 2014, nettopp at utskifting/rehabilitering av vassleidningsnettet bør i gjennomsnitt vere på 2 prosent på nasjonalt nivå fram til 2035. Utskiftingstakten er i dag på ca. 0,6 prosent. Ny teknologi som kan gjere det enklare og truleg også billegare å rehabilitere leidningsnettet, er difor både naudsynt og sterkt ønska for å betre situasjonen.

I samsvar med vass- og avløpsanleggslova er det kommunane som i hovudsak eig vass- og avløpsanlegga i Noreg. I samsvar med lova, vert kostnadane ved vass- og avløpsanlegga dekka av abonnentane gjennom gebyr etter det såkalla sjølvkostprinsippet. Ansvaret for rehabilitering og eit eventuelt program for teknologiutvikling for å få gjort dette, ligg difor på kommunane. I samsvar med dette, meiner eg at det er kommunane som eigarar av vass- og avløpsanlegga, som må organisere og eventuelt inngå samarbeid for å få til naudsynt teknologiutvikling.

Dersom aktørane meiner det er forhold ved rammeverket som er til hinder for teknologiutvikling, mottar eg gjerne ytterlegere vurderingar om dette.