3.1.1 Skattefavorisert individuell sparing til pensjon
I Sundvolden-erklæringa
slo regjeringa fast at ho ville stimulere til auka pensjonssparing
gjennom å auke dei årlege sparebeløpa, og vurdere innføring av lik
sats i skattlegging ved sparing og uttak i ordninga for individuell
pensjonssparing (IPS-ordninga).
IPS-ordninga er
ei skattefavorisert, individuell pensjonsspareordning. Innskot i
ordninga, med ei øvre grense på 15 000 kroner årleg, kjem til frådrag
i alminneleg inntekt i innskotsåret. Inneståande beløp i ordninga
er unnateke frå formuesskatt, og avkastinga vert ikkje skattlagd
laupande. Utbetalingar frå ordninga vert skattlagde som pensjonsinntekt.
For mange har IPS-ordninga
vorte mindre gunstig dei seinare åra. Det har mellom anna samanheng med
at mange pensjonistar har fått høgare marginalskatt på pensjon som
fylgje av endringar i skattereglane for pensjon (2011),
og at reduksjonar i skattesatsen for alminneleg inntekt har redusert
skatteverdien av frådrag, inkludert innskot i ordninga. Dette har ført
til at færre IPS-kontraktar har vorte teikna.
Regjeringa foreslår
på denne bakgrunn at det vert innført ei ny ordning for skattefavorisert
individuell sparing til pensjon, der uttak frå ordninga vert skattlagt
som alminneleg inntekt, i staden for som pensjonsinntekt med trinnskatt
og trygdeavgift. Den nye ordninga skal elles skattleggast på same
måte som den gjeldande IPS-ordninga, og ho vidarefører i hovudsak
dagens løysingar for individuelle pensjonsspareavtalar. I den nye
ordninga vil det likevel ikkje vere høve til å inngå skattefavoriserte
pensjonsforsikringsavtalar. I samband med innføringa av den nye
ordninga for individuell sparing til pensjon foreslår regjeringa
at gjeldande IPS-ordning vert stengd for nye avtalar, men at eksisterande
avtalar kan vidareførast med den same skattemessige behandlinga som
i dag.
Vidare foreslår
regjeringa å auke den øvre grensa for sparing i den nye ordninga
til 40 000 kroner årleg. Det vert ikkje sett noka grense for maksimal
samla sparing i ordninga.
Detaljane i den
nye ordninga skal regulerast i forskrift, som ein tek sikte på å
sende på høyring i laupet av våren 2017. Departementet legg opp
til at ordninga kan tre i kraft i laupet av hausten 2017.
Departementet anslår
på usikkert grunnlag at ei ny ordning for skattefavorisert individuell
sparing til pensjon vil redusere provenyet med 430 mill. kroner påløpt
og 45 mill. kroner bokført i 2017.
Det vert vist til
framlegg om endring i skatteloven § 5-20 andre ledd og § 6-47 fyrste
ledd bokstav c og d, skatteforvaltningsloven § 7-3 andre ledd bokstav
f og til framlegg om ny § 1-1 a i lov om individuell pensjonsordning.
Departementet foreslår at endringane i skatteloven og lov om individuell
pensjonsordning tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer, og
at endringane i skatteforvaltningsloven tek til å gjelde straks.