Innstilling fra næringskomiteen om endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen endringar i fleire lover.

Forslaget går for det første ut på å innføre ein lovheimel for regulering av turistfiskenæringa i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) § 22 femte ledd. For det andre går forslaget ut på å oppheve lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbodslova) ved å flytte føresegnene i denne lova til havressurslova. I denne samanhengen foreslår departementet dessutan enkelte justeringar i lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone (økonomiske sonelova).

Forslaget om regulering av turistfiskenæringa går ut på å gje departementet heimel til å fastsetje forskrift som pålegg verksemdene ei plikt til å gje opplysningar til styresmaktene om alt fiske i sjø som dei legg til rette for. Pålegget skal kunne rettast mot alle som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske. Eit sentralt formål er å leggje til rette for at forvaltninga kan få betre oversikt over det samla uttaket av viltlevande marine ressursar som kan knyttast til slike verksemder.

Departementet foreslår dessutan å gje departementet heimel til i forskrift å fastsetje krav til registrering av slik verksemd, og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Ein foreslår vidare å lovfeste at departementet kan gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.

Forslaget til lovheimel for regulering av turistfiskenæringa vil gjere det mogeleg å regulere denne næringa på lik linje med all anna verksemd som haustar av ressursane i havet for næringsformål.

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive fiske og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Forslaget om å oppheve fiskeriforbodslova går ut på å flytte føresegnene i lova til havressurslova. Hovudformålet er å forenkle regelverket ved å oppheve ei lov som ikkje er naudsynt, og samle føresegner om fiske i sjø i ei felles lov.

Det er ikkje eit formål å gjere materielle endringar i føresegnene i fiskeriforbodslova. Forslaget inneber likevel ei materiell endring ved at føresegnene om sanksjonar og andre reaksjonar ved brot på havressurslova vil gjelde også ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. Dette vil vere ein fordel både fordi det inneber at same sanksjons- og reaksjonsføresegner gjeld for utlendingar og norske statsborgarar, og fordi sanksjonssystemet i havressurslova er meir moderne enn sanksjonane i fiskeriforbodslova.

Bakgrunn for lovforslaget

Turistfiskenæringa er i dag lite regulert, og forvaltninga manglar påliteleg kunnskap om det samla uttaket frå havet som kan relaterast til denne næringa, særleg når det gjeld kystnære ressursar. Fiskeri- og kystdepartementet sette på denne bakgrunn hausten 2010 ned ei arbeidsgruppe for å vurdere moglege forvaltningstiltak overfor den raskt veksande turistfiskenæringa langs kysten i Noreg. Arbeidsgruppa var sett saman av ulike partar, med medlemer frå både næring, forsking og forvaltning. Gruppa utarbeidde rapporten Turistfiske i sjø 27. juni 2011 der alle medlemene var samde om forslaga til tiltak.

Rapporten har vore på allmenn høyring. Departementet fekk over 30 høyringsinnspel med konkrete merknader. Høyringsinnspela var i hovudsak positive til dei mest sentrale forslaga i rapporten om registrering av turistfiskeverksemder og rapportering av fangst. Med utgangspunkt i forslaga frå arbeidsgruppa og innspela i høyringsrunden, utarbeidde departementet eit høyringsnotat 28. september 2016 med forslag til endringar i havressurslova § 22 og ny forskrift om turistfiskeverksemder m.m.

Departementet har tidlegare gjennomført ein fullstendig gjennomgang av fiskeriforbodslova. Dette arbeidet resulterte i ei lovendring 31. mai 2013 der dei fleste av føresegnene i lova vart oppheva eller flytta til andre lover, hovudsakleg til havressurslova, jf. Prop. 59 L (2012–2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv. Ein valde likevel å la sjølve forbodet mot at utlendingar fiskar i territorialfarvatnet og enkelte andre føresegner bli ståande att i ei stuttare utgåve av fiskeriforbodslova.

Det er ei forenkling at vi får ei lov mindre. Departementet har derfor kome til at ein bør arbeide for å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova, slik at fiskeriforbodslova kan opphevast.

Departementet har utarbeidd eit høyringsnotat med forslag om oppheving av fiskeriforbodslova og endringar i havressurslova. Dette vart send på høyring 10. oktober 2016.

Regulering av turistfiskenæringa

Turistfiskeverksemder har i dag inga plikt til å rapportere fangst eller registrere fartøy med tilknytning til verksemda, sjølv om dei baserer drifta på inntekt frå fiske og fangst. Det gjeld heller inga generell plikt for sports- og rekreasjonsfiskarar til å gje opplysningar om fangst til styresmaktene, og heller inga plikt til å registrere fartøy. Dette står i kontrast til alle rapporterings- og registreringspliktene som gjeld for yrkesfiskarar.

Havressurslova § 22 femte ledd gjev likevel forvaltninga høve til å kunne påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske å gje opplysningar om haustinga til styresmaktene for statistikkformål. Føresegna gjev høve til å påleggje det same overfor dei som driv verksemd eller anlegg der det skjer slik hausting, men ikkje overfor andre som for næringsformål legg til rette for slik hausting.

Føresegna gjev ikkje forvaltninga heimel til å opprette ei registreringsordning for turistfiskeverksemder eller krevje løyve for slik aktivitet.

Høyringsfråsegnene gjev generell støtte til departementet sitt forslag om innføring av krav til fangstrapportering og ei registreringsordning for turistfiskeverksemder. Fleire kommenterte den framtidige praktiseringa av regelverket, og at ordningane bør fungere på ein praktisk og lite byrdefull måte for aktørane. Departementet foreslår på dette grunnlaget å endre havressurslova § 22 femte ledd slik at ein får nødvendige heimlar til å innføre slike ordningar og gje nærare føresegner.

Dersom Stortinget vedtek lovendringane, tek departementet sikte på å fastsetje forskrift med nærare føresegner om ordningane.

Oppheving av fiskeriforbodslova

Gjeldande rett

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive hausting av viltlevande marine ressursar og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Hovudregelen er eit forbod i § 3 mot å drive fiske for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte. Lova medverkar til at berre norske statsborgarar eller likestilte kan drive hausting av viltlevande marine ressursar i territorialfarvatnet. Likestilte som norske statsborgarar vert rekna utlendingar som er busette i Noreg dersom fartøyet er under 15 meter, og ulike selskap som er eigde med minst 60 prosent av norske statsborgarar dersom enkelte andre vilkår er oppfylde, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerlova) § 5.

Hovudsaka i høyringsforslaget var å oppheve fiskeriforbodslova ved å flytte dei attverande føresegnene i lova til havressurslova. Det er ikkje eit sjølvstendig mål å gjere materielle endringar i regelverket. Forslaget inneber likevel ei materiell endring ved at det meir moderne reaksjons- og sanksjonssystemet i havressurslova vil gjelde dersom utlendingar bryt føresegnene som i dag finst i fiskeriforbodslova. Den praktiske konsekvensen av dette er mellom anna at strafferamma for utlendingar som bryt fiskeriforbodet m.m., vert heva frå bøter eller fengsel i inntil tre månader til bøter eller fengsel i inntil eitt år, eller seks år ved grove lovbrot.

Forslaget inneber dessutan at havressurslova § 54 om inndraging av fangst eller verdien av fangst som er hausta i strid med føresegner som er fastsette i medhald av havressurslova eller deltakarlova (administrativ inndraging), skal nyttast ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova.

Forslaget inneber dessutan at det kan nyttast tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på dei aktuelle føresegnene. Bruk av lovbrotsgebyr føreset at departementet gjer enkelte forskriftsendringar.

Føresegnene i fiskeriforbodslova rettar seg mot utlendingar. Departementet meiner at dei beste grunnar tilseier at dei same reaksjonsføresegnene gjeld ved utlendingar sine brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova, som ved brot på andre føresegner i havressurslova som gjeld både norske og utanlandske statsborgarar.

Departementet vurderer det som ein positiv konsekvens av forslaget at dei som haustar i strid med det generelle fiskeriforbodet for utlendingar, får inndradd fangsten på same måten som norske statsborgarar får inndradd fangst ut over kvote, jf. havressurslova § 54. Det er vidare naturleg at heimelen til å nytte tvangsmulkt og lovbrotsgebyr får utvida sitt verkefelt til også å gjelde fiskeriforbodet m.m. Det vil vere opp til fiskeriforvaltninga å vurdere om desse heimlane skal nyttast. I praksis vil det ikkje vere aktuelt å nytte lovbrotsgebyr ved brot på fiskeriforbodet utan at ein først gjennomfører forskriftsendringar etter høyring.

Administrative og økonomiske konsekvensar, konsekvensar for det samiske folket

Forslaget vil medføre noko ekstraarbeid for turistfiskenæringa dersom styresmaktene innfører ordningar for rapportering av fangst og registrering av turistfiskeverksemder etter at Stortinget eventuelt vedtek naudsynte lovendringar. Dette vil dessutan medføre meir ressursbruk i forvaltninga som må administrere registrerings- og rapporteringsordningane. Departementet vurderer likevel desse administrative kostnadene som relativt små i høve til fordelane ein oppnår ved at styresmaktene kan få naudsynt oversikt over ressursuttaket som turistfiskenæringa legg til rette for, og for dei positive konsekvensane dette kan ha for omdømmet til næringa.

Arbeidsgruppa bak Turistfiske i sjø vurderte det slik at registrerings- og rapporteringsordningane kan gjennomførast utan store kostnader til start og utvikling. Departementet stiller seg bak denne vurderinga, men understreker samtidig at slike konsekvensar skal vurderast nærare ved utforminga av forskrifta.

Hovudformålet med forslaget om å oppheve fiskeriforbodslova og flytte føresegnene til havressurslova er å forenkle regelverket. Forslaget vil ikkje ha særlege administrative eller økonomiske konsekvensar.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra Høyre, Laila Davidsen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, fra Venstre, Pål Farstad, og fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til Prop. 119 L (2016–2017) om endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.).

Komiteen viser til at turistfisket er relativt svakt regulert i dag. Det er et paradoks at yrkesfisket, som skjer i det samme havet og beskatter den samme fisken, er mye sterkere regulert. Komiteen mener derfor det er positivt at regjeringen nå fremmer forslag for å styrke reguleringen av turistfisket.

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å innføre en lovhjemmel for regulering av turistfiskenæringa i havressurslova og å flytte bestemmelser fra fiskeriforbudslova til havressurslova. Forslaget vil pålegge virksomheter som eier eller driver fiskeanlegg eller fiskevirksomhet å gi opplysninger om alt fiske i sjø som de legger til rette for. Formålet er å få bedre oversikt over det samlede uttaket av viltlevende marine ressurser. Komiteen støtter dette.

Komiteen støtter også forslaget om å gi departementet hjemmel til i forskrift å fastsette krav til registrering av slik virksomhet og gi bestemmelser om vilkår for slik registrering. Komiteen mener det er positivt at det gjør det mulig for departementet å innføre bestemmelser om å trekke tilbake retten til å være registrert ved grove eller gjentatte brudd på vilkårene.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, registrerer at regjeringens forslag vil pålegge næringsdrivende en ny administrativ byrde i form av registrering og innrapportering. I høringen er det tatt til orde for at ordningen må gjennomføres på en praktisk og lite byrdefull måte for aktørene. Flertallet er enig i dette. Flertallet mener at det ved utarbeidelse av forskrift om registreringsordningen og krav om innrapporteringen må avgrenses til virksomheter og fangster som har et omfang som gjør det nødvendig å få informasjonen for å få god nok samlet oversikt over ressursuttaket.

Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser til representantforslag frå Snorre Serigstad Valen og Torgeir Knag Fylkesnes om langsiktigheit og tryggleik for turistfiske, jf. Innst. 96 S (2016–2017), der Sosialistisk Venstreparti foreslo ei rekkje tiltak for å setje ei grense for kor mykje fisk turistar kan ta ut av landet, men at desse forslaga ikkje blei tatt til følgje.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti peiker på at regjeringa har brukt svært lang tid på å komme fram til at det trengs ei lovendring, og ser det som uheldig at vi går inn i nok ein sommarsesong utan eit regelverk på plass.

Desse medlemene ser det også som uheldig at det på ei rekkje områder ikkje er konkludert frå regjeringa si side.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti viser til at då komiteen for under eit år sidan behandla representantforslag om langsiktigheit og tryggleik for turistfiske, jf. Innst. 96 S (2016–2017), slo ein samla komité fast at det er opplevinga av å fiske som er hovudessensen i turistfiske, og ikkje matauk. Det vart òg slått fast at utanlandske turistar ikkje har høve til å selje fangsten sin, og at 15 kg fisk utgjer eit årsforbruk om ein tek utgangspunkt i kosthaldsråda om fisk. Desse medlemene vil òg vise til at ein samla komité i Innst. 96 S (2016–2017) tok til orde for at det skulle utarbeidast enkle og greie omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk. Kilotalet kan då auke utover den fastsatte grensa. Dette for å hindre det vi ser i dag, at mykje av fisken blir kasta, og at berre fileten/loinsen vert nytta.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Venstre går inn for at ein beheld dagens grense ved fangst frå registrerte turistfiskeverksemder på 15 kg, og foreslår vidare at det vert sett ei lågare grense enn 15 kg dersom fisken ikkje er fanga ved eit registrert turistfiskeanlegg.

Komiteen meiner også at troféfiske skal inkluderast i utførselsgrensa, og set fram følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa inkludere troféfiske i grensa for kor mykje fisk som kan takast ut av landet.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti ber òg om ei utgreiing av om utførselskravet når det gjeld talet på kilo, skal gjelde per år og ikkje per utførsel som i dag, og set fram følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa greie ut om utførselskravet når det gjeld talet på kilo, skal gjelde per år.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti set fram følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk.»

Komiteens medlem fra Venstre mener det er behov for å få en bedre oversikt over det som beskattes av fisk og andre marine ressurser. En bedre oversikt over det som beskattes i forbindelse med turistfiske er derfor påkrevd. Dette medlem mener det er viktig at ordningen utformes på en effektiv og rasjonell måte med minst mulig administrativ byrde for dem den vil omfatte.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk.

Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 2

Stortinget ber regjeringa greie ut om utførselskravet når det gjeld talet på kilo, skal gjelde per år.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen viser til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjøre følgende

A.
vedtak til lov

om endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

I

Lov 17. juni 1966 nr. 19 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann vert oppheva.

II

I lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone vert det gjort følgjande endringar:

§ 3 første ledd skal lyde:

Det er forbudt å drive fiske eller fangst eller annen utnyttelse av viltlevende marine ressurser innenfor den økonomiske sonen for den som ikke faller inn under deltakerloven § 5. Bestemmelsene i havressurslova kapittel 4 a gjelder tilsvarende i den økonomiske sone.

§ 6 skal lyde:

Kongen kan gjøre unntak fra bestemmelsene i §§ 3, 4 og 5 eller forskrift gitt i medhold av disse i området mellom 12 nautiske mil og 200 nautiske mil når dette er nødvendig av hensyn til overenskomst med fremmed stat eller hvor særlige hensyn tilsier det. Slike unntak kan også gjøres gjeldende innenfor 12 nautiske mil for så vidt angår områder der bestemmelsene i havressurslova kapittel 4 a ikke er iverksatt.

III

I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar vert det gjort følgjande endringar:

§ 22 femte ledd skal lyde:

Departementet kan i forskrift påleggje den som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, eller som for næringsformål legg til rette for slikt fiske, å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. For statistikkformål kan departementet i forskrift også påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske, å gje opplysningar om haustinga. Departementet kan i forskrift fastsetje krav til registrering for å drive verksemd som nemnd i første punktum og gje nærare føresegner om vilkår for slik registrering. Departementet kan i forskrift gje føresegner om at retten til å vere registrert kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra.

§ 23 a vert oppheva.
Nytt kapittel 4 a skal lyde:
Kapittel 4 a. Avgrensingar i fiskeriaktiviteten til utlendingar i territorialfarvatnet
§ 23 a Verkeområde for kapittel 4 a

Kapittel 4 a gjeld berre i norsk territorialfarvatn, men likevel ikkje i territorialfarvatnet ved Svalbard.

§ 23 b Forbod for utlendingar mot å drive fiske

Det er forbode å drive fiske, fangst eller anna hausting av viltlevande marine ressursar for den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar etter deltakerloven § 5.

Det er forbode å nytte fartøy som ikkje er norsk, til hausting av viltlevande marine ressursar. Som norsk fartøy vert rekna fartøy som er omfatta av verkeområdet til deltakerloven § 2.

Forboda i første og andre ledd gjeld ikkje sports- og rekreasjonsfiske etter § 22 fjerde og sjette ledd.

Fiskeridirektoratet kan for eit enkelt høve eller for eit kortare tidsrom gjere unntak frå andre ledd og frå bustadkravet i deltakarloven § 5 a dersom prøvedrift av nye fartøytypar eller reiskapar eller andre særlege grunnar gjer det ønskeleg.

§ 23 c Forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting

For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar etter deltakerloven § 5, er det forbode å tilverke, pakke eller laste om viltlevande marine ressursar eller delar og produkt av slike. Forbodet gjeld fangst både frå norske og utanlandske fartøy.

Forbodet mot tilverking omfattar alt vidare arbeid med fangsten om bord i fartøyet etter at fangsten eventuelt er bløgga, sløgd og hovudkappa. Innfrysing utan at det vert arbeidd vidare med fangsten, vert likevel ikkje rekna som tilverking.

Forbodet mot pakking omfattar ikkje pakking som er naturleg fordi fangsten skal frysast inn om bord og deretter verte transportert med fartøyet. Innpakkinga skal i så fall vere ueigna for sal til forbrukarar eller andre sluttbrukarar.

Fiskeridirektoratet kan gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når særlege grunnar tilseier det.

For norskfanga fisk kan Fiskeridirektoratet også gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når omsynet til omsetningstilhøva tilseier det, og omsynet til produksjonen ved foredlingsanlegga ikkje talar imot. Det kan gjevast unntak berre for eit bestemt kvantum, eit bestemt tilfelle, eit bestemt fiskeslag eller eit bestemt tidsrom.

§ 23 d Unntak frå forboda i bestemte område

I særlege tilfelle kan Kongen i forskrift gjere unntak frå føresegnene i dette kapitlet for bestemte område. Kongen kan gje føresegner om at fiskeriverksemd som får slikt unntak, heilt eller delvis ikkje skal vere underlagd norsk lovgjeving.

IV

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

B.

Stortinget ber regjeringa inkludere troféfiske i grensa for kor mykje fisk som kan takast ut av landet.

Oslo, i næringskomiteen, den 1. juni 2017

Geir Pollestad

Torgeir Knag Fylkesnes

leder

ordfører