Innstilling frå næringskomiteen om representantforslag om et forbud mot burhøns og påbud om merking av egg fra burhøns inntil forbudet er iverksatt

Til Stortinget

Samandrag

36 pst. av norske verpehøner bor i bur, 58 pst. er i frittgående drift og om lag 6 pst. er på gårder med økologisk drift.

Det uttalte formålet med forskriften for hold av høns og kalkun er å legge forholdene til rette for god helse og trivsel hos fjørfe og sikre at det tas hensyn til dyrenes naturlige behov. Forslagsstiller mener at dette formålet ikke er mulig å oppfylle i driftssystemet med bur.

Forslagsstilleren mener at med dagens dyrevelferdslov og forbrukernes faktiske forventning til dyrevelferd, er det et minimumskrav at verpehøns kan bevege seg friere enn de kan i et bur, uavhengig av om dette er innredet eller ikke. Forslagsstiller mener derfor at hold av verpehøns i bur må avvikles i Norge. Videre mener forslagsstilleren at det bør innføres en merkeordning, slik at norske forbrukere må få mulighet til å velge produkter etter produksjonsform og nivå på dyrevelferd, slik de kan i EU.

Følgende forslag fremmes i dokumentet:

  1. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om forbud mot salg og produksjon av buregg i Norge innen 2025, og fremme forslag om en omstillingsordning for eggprodusentene.

  2. Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg, og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: 'Egg fra burhøns/inneholder egg fra burhøns.'»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Laila Davidsen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, frå Venstre, Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til Dokument 8:138 S (2016–2017).

Komiteen viser til at det frå 2012 har vore forbod mot å halde høns i «nakne bur». Det er i dag to tillatne driftssystem for produksjon av egg i Noreg: lausdriftssystem og bur med miljøinnreiing.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til brev frå Landbruks- og matministeren dagsett 9. mai 2017 (lagt ved innstillinga). Det går her fram at det ikkje er mogleg å slå fast at det eine driftssystemet gjer betre dyrevelferd enn det andre. Fleirtalet vil difor ikkje støtte framlegget om å forby sal og produksjon av buregg innan 2025.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti viser til at det ble innført nye regler for hold av høns fra 2012. Disse medlemmer mener regelverk for produksjonsdyr skal ivareta god dyrevelferd. Det er nødvendig med oppdateringer av slikt regelverk etter hvert som ny teknologi og ny kunnskap om dyrs behov foreligger.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti, viser til at produsentar kan merke eggkartongar med produksjonsform om dei ynskjer det. Det er vanleg at det vert gjort for økologiske egg og egg frå frittgåande høner. Det er difor fullt ut mogleg for forbrukarane å velje kva type egg dei vil kjøpa. Ei obligatorisk merkeordning vil vera byråkratisk, og fleirtalet syner til at statsråden er tvilande til om regelverket gjer rom for ei slik merking som ein tek til orde for.

Fleirtalet registrerer at fleire av daglegvarekjedene vil slutte å selje egg produsert i miljøinnreiing. Dette gjer dei til trass for at det ikkje kan dokumentarast at dyrevelferden er lågare i denne produksjonsforma. Fleirtalet erkjenner at dette er val som kjedene står fritt til å gjere, men vil understreke at faglege vurderingar bør ligge til grunn for å ekskludere jordbruksprodukt produsert i tråd med regelverket.

Fleirtalet viser elles til vurderingane som er gjorde i brevet frå statsråden og sluttar seg til desse.

Komiteens medlemmer fra Venstre og Sosialistisk Venstreparti støtter forslaget om en merkeordning. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg, og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: 'Egg fra burhøns/inneholder egg fra burhøns.'»

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener hensynet til dyrevelferden er en god grunn til å utrede forslaget om forbud mot egg fra burhøns nærmere. En slik utredning bør samtidig se på hvordan dyrevelferden under produksjon og transport av fjørfe kan bli bedre. På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en utredning av konsekvensene av et forbud mot egg fra burhøns og forslag til styrking av dyrevelferden i produksjon og transport av fjørfe.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Venstre og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg, og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: «Egg fra burhøns/inneholder egg fra burhøns».

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 2

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en utredning av konsekvensene av et forbud mot egg fra burhøns og forslag til styrking av dyrevelferden i produksjon og transport av fjørfe.

Tilrådning frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:138 S (2016–2017) – representantforslag fra stortingsrepresentant Rasmus Hansson om et forbud mot burhøns og påbud om merking av egg fra burhøns inntil forbudet er iverksatt – vedlegges protokollen.

Vedlegg

Brev fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 9. mai 2017

Sm frå næringskomiteen – Dokument 8:138 S (2016-2017) – Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om eit forbod mot burhøns og påbod om merking av egg frå burhøns inntil forbodet er sat i verkt.

Eg viser til brev av 4. mai 2017 frå næringskomiteen der ein ber om vurdering frå Landbruks- og matdepartementet av representantforslag framsett i Dokument 8:138 S (2016-2017).

Det blir fremja to forslag:

  1. Stortinget ber regjeringen fremme forslag om forbod mot salg og produksjon av buregg i Norge innen 2025, og fremme forslag om en omstillingsordning for eggprodusentene.

  2. Stortinget ber regjeringen så raskt som mulig innføre en merkeordning der buregg, og matvarer som inneholder buregg, merkes tydelig med: "Egg frå burhøns/inneholder egg frå burhøns.

Eg vil her gjere greie for mi vurdering av dei to forslaga:

Forslag nr. 1

Forslagstillar meiner at det ikkje er mogeleg å oppfylle føremålet i forskrift om hald av høns og kalkun i driftssystem der ein driv med innreia bur, og vil difor ha forbod mot slike bur.

Eg vil vise til at det i dag er to ulike tillatne driftssystem for produksjon av egg i Noreg; lausdriftssystem og bur med miljøinnreiing. I tillegg kjem økologiske driftssystem.

Regelverk for hald av eggleggande høner er ein del av EØS-avtalen og dei to driftssystema er likestilt i direktivet som set ei rekkje detaljerte minimumskrav. I Noreg er det krav til større plass pr. dyr i innreia bur enn det EU-direktivet fastset.

Det er som representanten peikar på, visse – og til dels ulike - utfordringar i både lausdriftssystem og innreia bur. Eg kan difor ikkje utifrå objektive kriterier eintydig slå fast at det eine driftssystemet er betre enn det andre. Dyrevelferd i ulike produksjonssystem for eggleggande høner er grundig drøfta i ein oversiktsartikkel av Lay et al som vart publisert i Poultry Science i 2011. I artikkelen blir det mellom anna konkludert med at høner kan oppleve stress i alle typar driftssystem.Det blir peika på at den daglege drifta har svært stor effekt på dyrevelferda, uavhengig av driftssystem.

Krava til bur med miljøinnreiing vart gjort gjeldane frå 2012. Då vart det samstundes forbode å halde høns i "nakne" bur. Ei rekkje produsentar måtte gjere omfattande investeringar for å oppfylle dei nye krava. Det vil vere både samfunnsmessig og miljømessig ulønsamt å påleggje produsentar nye omfattande investeringar for å leggje om til lausdriftssystem. Basert på vurderingane knytt til dyrevelferd vil eg difor rå frå forslaget. Eg minner forøvrig om at om at eit slikt forbod vil medføre er auka kostnader for produsentane.

Forslag nr. 2

Det er i dag full anledning til frivillig å merka eggekartongar med produksjonsform. Kartongar med egg frå frittgåande høns, enten dei kjem frå økologisk eller konvensjonell produksjon, er i dag allereie tydeleg merka. Dei frivillige merkeordningane gjer det fullt mogeleg for forbrukarane å velje mellom dei forskjellege produkta som er tilgjengelege i marknaden.

Slik eg ser det, er det inga hinder for vekst i økologisk produksjon eller lausdriftproduksjon at det ikkje er eit krav i regelverket at egg vert merka med produksjonsform. Det er òg fritt opp til matvareprodusentar og matvarekjedar å velje kva egg dei vil bruke eller selje.

Å innføra ein obligatorisk merkeordning for buregg vil føre med seg meir regelverk og byråkrati på området. Dette meiner eg ikkje er naudsynt sidan det allereie i dag kjem tydeleg fram på eggkartongane om egga kjem frå frittgåande høner eller ikkje.

Å skulle krevje merking av matvarer som inneheld egg frå burproduksjon, ser eg ikkje på som praktisk gjennomførbart. Obligatoriske krav til merking av mat er harmonisert i EØS gjennom matinformasjonsforordninga.

Det vil difor ikkje vere anledning til å krevje merking av produksjonsform for egg i importerte produkt som inneheld egg.

Det er òg tvilsamt om regelverket gir rom for å krevje slik merking av norske produkt. Eit slikt krav vil i tilfelle vere fordyrande og konkurransevridande for norsk jordbruk og norsk næringsmiddelindustri.

Oslo, i næringskomiteen, 1. juni 2017

Geir Pollestad

ordfører og leiar