Innstilling fra finanskomiteen om Rapport fra Norges Banks representantskap for 2016
Dette dokument
- Innst. 339 S (2016–2017)
- Kildedok: Dokument 9 (2016–2017)
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Sammendrag
Representantskapet i Noregs Bank gjer i denne rapporten for 2016 greie for det tilsyns‑ og kontrollarbeidet det utfører i Noregs Bank med basis i lov om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova).
Noregs Bank har ei sentral samfunnsrolle og forvaltar verkemiddel som i stor grad påverkar utviklinga i norsk økonomi. Som sentralbank og forvaltar av Statens pensjonsfond utland (SPU) er institusjonen gitt stor tillit. Hovudstyret har den utøvande og rådgivande myndigheita etter sentralbanklova. Det leier verksemda og forvaltar midlane til sentralbanken.
Representantskapet fører tilsyn med at hovudstyret styrer og kontrollerer drifta på ein tilfredsstillande måte, og følgjer lover, forskrifter og mandat som regulerer verksemda til Noregs Bank. Vidare vedtek representantskapet årleg budsjett og fastset årsrekneskapen.
I denne rapporten er det gjort greie for verksemda til Noregs Bank på eit overordna nivå. For meir utdjupande informasjon vert det vist til årsmeldinga og rekneskapen for Noregs Bank for 2016, årsrapport om forvaltinga av Statens pensjonsfond utland for 2016 og andre rapportar publiserte av Noregs Bank.
Det blei gjort greie for prioriteringar i tilsynsarbeidet i rapporten til Stortinget for 2015, Dokument 9 (2015–2016). Dei klart prioriterte oppgåvene er gjennomførte. Denne rapporten gir ei oversikt over aktivitetane, ressursbruken og tilsynsmetodikken til representantskapet i 2016. Det blir gjort greie for tilsynet med korleis hovudstyret styrer og kontrollerer verksemda både på eit overordna nivå og når det gjeld sentralbankverksemda og kapitalforvaltinga.
Protokollane frå hovudstyret dannar eit viktig grunnlag for det tilsynet representantskapet gjennomfører. Protokollane gir ei god oversikt over saksomfanget til hovudstyret og dannar utgangspunkt for å be om tilleggsinformasjon eller ytterlegare utgreiingar. Mange av dei sakene hovudstyret har behandla, er også lagde fram for representantskapet.
Representantskapet har følgt utviklinga i rammeverket for sentralbanken generelt og for forvaltinga av SPU spesielt. Gjennom året har merksemda vore retta mot hovudstyret sine tilpassingar i interne retningslinjer og styringsmodellen i Noregs Bank. Korleis hovudstyret har gjennomført strategiar og sett handlingsplanar ut i livet, og korleis ein har følgt opp internkontroll, risikoar og ressursbruk, er omfatta av tilsynet.
Hovudstyret har rapportert om styring av risiko og om internkontroll gjennom 2016. Representantskapet har merka seg at hovudstyret følgjer opp Noregs Bank gjennom rammer og retningslinjer og behandling av periodisk rapportering. Det er ikkje blitt avdekt vesentlege hendingar eller brot på retningslinjer som har ført til svekt internkontroll. Hovudstyret er blitt bede om å halde representantskapet orientert om korleis tiltak for å redusere risiko blir sette i verk.
I 2016 er det gjort tilsynsgjennomgangar av kontrollstrukturen i Noregs Bank med utgangspunkt i etablerte prinsipp for heilskapleg risikostyring. Når det gjeld kapitalforvaltinga, er det blitt lagt fram tilsynsrapportar om kompensasjonsstrukturen i forvaltinga av SPU, skattesituasjonen til Noregs Bank og korleis hovudstyret har styrt og ført kontroll med kostnadene i forvaltinga.
Oppfølginga av arbeidet med tryggleik og beredskap har høg prioritet i tilsynet, og i 2016 har det vore ein tilsynsgjennomgang av korleis Noregs Bank styrer tryggleiken ved dei internasjonale kontora. Prosessane i sentralbanken for å ta hand om ansvaret for å utferde og forsyne samfunnet med kontantar er vurderte. Prosjektet for utgiving av ein ny setelserie blir følgt nøye med omsyn til risiko og beredskap.
Representantskapet har med to merknader vedteke budsjettet for Noregs Bank for 2017, basert på budsjettforslag som hovudstyret har lagt fram. Under behandlinga blei det bede om at hovudstyret legg fram fastsette strategiar og mål, vurderingar av kostnadsnivået basert på samanlikningar med andre relevante verksemder og kost-/nytteanalysar i samband med strategiske val. Representantskapet har bede hovudstyret om å leggje fram utfyllande materiale innan 15. mai 2017.
Hovudkonklusjon for 2016
Representantskapet har fått dei opplysningane det har bede om, medrekna utgreiing i møte.
Protokollar frå hovudstyret for 2016 er gjennomgåtte. Under behandlinga er det blitt reist spørsmål om enkeltsaker, og sentralbanksjefen har gitt omfattande orienteringar om fleire av problemstillingane.
Representantskapet meiner at hovudstyret i 2016 har styrt og kontrollert verksemda til Noregs Bank i samsvar med sentralbanklova, mandatet og retningslinjer for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, og i samsvar med forskrifta om risikostyring og internkontroll i Noregs Bank.
Det er ingen markante skilnader i synet på risiko og etterleving av lover, forskrifter og retningslinjer mellom hovudstyret og representantskapet i Noregs Bank. Representantskapet meiner likevel at ein i den vidare utviklinga av verksemda bør ta særleg omsyn til omfanget av og kompleksiteten i oppgåvene.
Representantskapet har fastsett årsrekneskapen for Noregs Bank for 2016 og vedteke budsjettet for 2017.
Det er ikkje gjennom tilsynet avdekt forhold som gir grunnlag for særskilde merknader etter sentralbanklova. Representantskapet har ikkje protokollført særskilde merknader til protokollane frå hovudstyret.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, tar redegjørelsen til orientering, og har ingen ytterligere merknader.
Komiteens tilråding
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til rapporten og råder Stortinget til å gjøre følgende
Dokument 9 (2016–2017) – Rapport fra Norges Banks representantskap for 2016 – vedlegges protokollen.
Hans Olav Syversen |
Svein Flåtten |
leder |
ordfører |