1.2.5.1 Plikt til å leggje stor vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret
Departementet føreslår
å endre forvaltningslova § 34 andre ledd tredje punktum. Føremålet
er å styrkje det kommunale sjølvstyret. Endringa inneber at klageinstansen
skal leggje «stor vekt» på det kommunale sjølvstyret i dei tilfella
kommunen har eit val mellom fleire ulike lovlege handlingsalternativ.
Føresegna vil difor verke inn på vektinga når ein statleg klageinstans
prøver det frie skjønet til kommunen.
Ein del høyringsinstansar
meiner at framlegget kan gå ut over rettstryggleiken til innbyggjarane. Framlegget
inneber ikkje endringar i retten klageinstansen har til å overprøve
rettsbruken, sakshandsaminga eller faktum, og om skjønsutøvinga
inneber misbruk av myndigheit. Rettane og pliktene innbyggjarane
har etter lov og forskrift, vil difor ikkje bli påverka av framlegget.
Regelen inneber difor inga rettsleg avgrensing i kompetansen til
klageinstansen, men legg føringar for vektinga av omsynet til det kommunale
sjølvstyret når klageinstansen prøver det frie skjønet i kommunen.
Når det gjeld omsynet
til at plikter og tenester skal vere så like som mogleg i heile
landet, og føreseielege, viser departementet til at rettsreglar
med fritt skjøn inneber at lovgjevaren har opna for at det kan gjerast
ulike vurderingar og lokale tilpassingar. Statleg overprøving vil
difor berre i mindre grad vere eigna til og meint for å sikre lik
praksis i heile landet. Departementet er heller ikkje einig i at
ei statleg overprøving av skjønet i kommunane nødvendigvis vil føre
til at vedtaka blir kvalitativt betre, ettersom dei statlege klageinstansane
gjennomgåande vil ha mindre lokalkunnskap og vere lenger vekk frå
innbyggjaren vedtaket rettar seg mot.
Ifølgje høyringsfråsegna
frå Advokatforeningen er den føreslåtte endringa i forvaltningslova
§ 34 vanskeleg å foreine med merknaden frå fleirtalet i kontroll-
og konstitusjonskomiteen om at ein ikkje ønskte å gje private partar
dårlegare sjansar til å nå fram med ein klage enn i dag, då ny § 49
i Grunnlova blei handsama i Stortinget. Grunnlova § 49 andre ledd
lyder:
«Innbyggjarane har
rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ.
Nærare føresegner om det lokale folkevalde nivået blir fastsette
i lov.»
I merknaden frå
fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen heiter det:
«Flertallet ønsker
ikke at en grunnlovsbestemmelse om lokaldemokrati skal bli brukt
til å innsnevre enkeltborgeres rettigheter eller rettssikkerhet. Håndhevere
av forvaltningsretten må ikke miste av syne at Norge er en enhetsstat.
Den særlovgivningen som kommunene forvalter, gir borgerne både rettigheter
og plikter som presumptivt skal være like i landet med mindre det
foreligger saklige, konkrete grunner til noe annet. For borgere
vil det være en viktig rettssikkerhetsgaranti å kunne klage eller
ta sin sak opp med statlige myndigheter dersom de oppfatter saker
feilbehandlet eller sine rettigheter tilsidesatt.»
Departementet viser
til at føremålet med § 49 var å grunnlovfeste det kommunale sjølvstyret.
Departementet meiner at det er vanskeleg å tolke komiteen slik at
føresegna om grunnlovfesting av det kommunale sjølvstyret var meint
å leggje avgrensingar i retten til i lov å fastsetje nærare reglar
om vektinga av omsynet til det kommunale sjølvstyret. Allereie på tidspunktet
for vedtaket av grunnlovsføresegna var det i pasient- og brukarrettslova
fastsett ein regel om at det skal leggjast «stor vekt» på omsynet
til det kommunale sjølvstyret.
Departementet viser
til at gjeldande regel i forvaltningslova § 34 er utforma som ein
standardregel og kan tilpassast ulike område alt etter i kor sterk grad
omsynet til det kommunale sjølvstyret gjer seg gjeldande. Førearbeida
til den gjeldande føresegna peiker mellom anna på at nasjonale omsyn
kan vere særleg tungtvegande på lovområde som er delegerte til kommunane,
og nemner særleg jordlova § 9 og barnevernsområdet som døme på saksområde
der omsynet til det lokale sjølvstyret må tilleggjast noko mindre
vekt.
At føresegna er
ein standardregel inneber at vektinga av omsynet til det kommunale
sjølvstyret kan variere mellom ulike saksområde. I saksområde av lokalpolitisk
art vil omsynet til det kommunale sjølvstyret ha større vekt enn
i saksområde utan særlege lokalpolitiske interesser.
Ved prøvinga må
domstolane vurdere om det går fram av vedtaket at omsynet til det
kommunale sjølvstyret er tillagt stor vekt, men ikkje den konkrete
interesseavveginga.