Sammendrag
Samferdselsdepartementet
legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av
prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland.
E39 Rogfast er det
første ferjeavløysingsprosjektet i ambisjonen om ferjefri E39 mellom
Kristiansand og Trondheim. Prosjektet, som skal erstatte ferjesambanda
Mortavika–Arsvågen og Mekjarvik–Kvitsøy i Boknafjorden, omfattar
bygging av ein 26,7 km lang undersjøisk tunnel i to løp mellom Harestad
og Arsvågen og ein 3,7 km lang tunnelarm til Kvitsøy. Tunnelen blir
den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda, med lågaste
punkt 392 m under havoverflata. Etter trafikkopning vil ei reise
mellom Stavanger og Bergen kunne gjennomførast på om lag 3,5 timar.
Sambandet Mortavika–Arsvågen
knyter saman Nord-Jæren og Haugalandet og er det nest mest trafikkerte
ferjesambandet i Noreg med ein årsdøgntrafikk i 2015 på om lag 4 180
køyretøy. Overfartstida er om lag 25 minuttar. Sambandet Mekjarvik–Kvitsøy
knyter Kvitsøy til Nord-Jæren og har ei overfartstid på 40 minuttar.
I 2007 blei det gjennomført
KVU/KS1 for kryssing av Boknafjorden. Regjeringa konkluderte i 2009 med
at konsept 3 skulle leggjast til grunn for vidare planlegging.
Tunnelen på E39 vil
ha maksimal stigning på 5 pst. Maksimal stigning i tunnelarmen opp
til Kvitsøy vil vere på 7 pst. Det vil bli bygt 2,7 km veg i dagen på
Bokn, og ved Knarholmen og Austre Bokn vil kryssa bli bygde om.
Tilknyting til eksisterande E39 i Randaberg vil skje i Harestadkrysset,
som er føresett gjennomført som del av prosjektet E39 Smiene–Harestad
innanfor Bypakke Nord-Jæren.
Ferjesambanda E39
Mortvika–Arsvågen og fv 521 Mekjarvik–Kvitsøy vil bli lagt ned når
Rogfast blir opna for trafikk. Det er føresett at dagens E39 frå
Randaberg over Rennesøy til Mortavika blir omklassifisert til fylkesveg.
Det er gjennomført
ekstern kvalitetssikring av prosjektet E39 Rogfast (KS2).
Det er usemje om
styrings- og kostnadsramme mellom ekstern kvalitetssikrar og Statens
vegvesen. Samferdselsdepartementet legg Statens vegvesen sitt reviderte
forslag til styrings- og kostnadsramme til grunn. Dette inneber
ei styringsramme for prosjektet E39 Rogfast på 16 400 mill. 2016-kroner
og ei kostnadsramme på 18 400 mill. 2016-kroner. Rekna om til 2017-prisnivå
blir styringsramma 16 810 mill. kroner og kostnadsramma 18 860 mill.
kroner.
Statens vegvesen
har rekna prosjektet sin samfunnsøkonomiske netto nytte til om lag
13,6 mrd. kroner. Netto nytte pr. budsjettkrone er rekna til 2,9. Netto
nytte over totale kostnader er rekna til 0,6.
Trafikktala er kalkulerte
med utgangspunkt i trafikken på ferjesambanda. Årsdøgntrafikken
var i 2015 på 4 180 køyretøy i sambandet Mortavika–Arsvågen og 140
køyretøy i sambandet Mekjarvik–Kvitsøy. I sambandet Mortavika–Arsvågen
utgjer tungtrafikken om lag 15 pst. av den totale trafikken.
Statens vegvesen
legg til grunn at med ein gjennomsnittleg bompengetakst på 374 kroner
per køyretøy i 2017-prisnivå, vil årsdøgntrafikken i fastlandssambandet
E39 Rogfast liggje på om lag 5 950 køyretøy i 2025.
Finansieringsopplegget
for E39 Rogfast omfattar statlege midlar og bompengar. I finansieringsplanen er
det lagt til grunn anleggsstart ved årsskiftet 2017–2018, evt. tidleg
i 2018, og trafikkopning i 2025/2026.
Ved utgangen av 2016
hadde bompengeselskapet stilt til disposisjon om lag 270 mill. kroner
frå førehandsinnkrevjinga av bompengar i ferjesambandet E39 Mortavika–Arsvågen.
Det er i utgangspunktet
lagt til grunn eit statleg bidrag til prosjektet på til saman 3 600
mill. 2017-kroner. Dette bidraget er føresett fordelt med 100 mill.
kroner i 2017, 3 050 mill. kroner i perioden 2018–2023 og 450 mill.
kroner etter 2023.
Det er knytt større
uvisse til kostnadene ved prosjektet, trafikktala og nivået på bompengeinntektene enn
det som er vanleg. På grunn av uvissa er det lagt opp til at den
statlege ramma kan aukast med inntil 1 300 mill. kroner dersom økonomien
i prosjektet blir dårlegare enn rekna med, jf. proposisjonen sitt kapittel
5.
Gjennom handsaminga
av Prop. 117 S (2012–2013)/Innst. 282 (2012–2013) ga Stortinget
i 2013 si tilslutning til førehandsinnkrevjing av bompengar i ferjesambandet
E39 Mortavika–Arsvågen. Førehandsinnkrevjinga starta i september
2013.
For ein personbil
opp til 6 m er påslaget i dag 50 kroner. Summen av ferjebillett
utan rabatt og bompengar for ein personbil opp til 6 m inkl. førar
er 231 kroner. Brutto bompengeinntekter frå førehandsinnkrevjinga
er på om lag 95 mill. kroner pr. år.
Statens vegvesen
tilrår at det blir lagt til grunn 20 års etterskotsinnkrevjing for
E39 Rogfast. Førehands- og parallellinnkrevjing i ferjesambandet
E39 Mortavika–Arsvågen fram til trafikkopning kjem i tillegg. Etterskotsinnkrevjinga
av bompengar vil føregå i to automatiske bomstasjonar i begge endar
av prosjektet. For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av
20 år etter trafikkopning, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt
pr. passering må vere på 374 kroner. Basert på dette er det førebels
lagt til grunn følgjande grunntakstar for etterskotsinnkrevjinga
i 2017-prisnivå:
Andre
føresetnader for finansieringsplanen går fram av kapittel 5.
Rogaland fylkeskommune
vedtok i fylkesutvalet 23. juni 2015 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon
for låneopptaket til bompengeselskapet på inntil 16 mrd. kroner
til finansieringa av E39 Rogfast, jf. kapittel 3 i proposisjonen.