Dei
regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane
Den nordaustatlantiske
fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa
av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske
soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande
sild, makrell og uer. I tråd med kyststatsavtalen for kolmule for 2017
vedtok årsmøtet ein kvote for fiske i internasjonalt farvatn, fordelt
på Danmark (for Grønland) og Russland. I tillegg kan kyststatane
sine nasjonale kvotar verte fiska i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok
også ei regulering av fiske av norsk vårgytande sild. Reguleringa
er basert på kyststatsavtalen og inneber at kyststatane også kan
fiske sine nasjonale kvotar i internasjonalt farvatn. Når det gjeld
makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2017 som
omfattar alle partane. Årsmøtet vedtok derfor ei regulering for
internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar. Reguleringa
sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som
ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det vart fastsett ein kvote
for fisket etter uer i Irmingerhavet, medan partane ikkje vart einige
om regulering av uer i Norskehavet.
Mange av bestandane
som blir forvalta av Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen
(NAFO), er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk
og to rekebestandar, men av desse er berre torskefisket ope. Det
er sett i gang arbeid med å utarbeide forvaltingsplanar for viktige
bestandar. Det er eit viktig steg framover. NAFO har dei siste åra
lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare
marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 21 område i NAFO stengde
for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar
og svampar som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også
seks område med undersjøiske fjell i opne hav utom kontinentalsokkelen.
På årsmøtet i 2016 vedtok NAFO endringar i reglane om hamnestatskontroll
som inneber implementering av den globale FAO-avtalen. I tillegg
blei det vedtatt å gjennomføre ei ny prestasjonsevaluering av organisasjonen,
som venteleg vil bli gjennomført i 2017 og 2018. Det er også venta
at ein ny konvensjon vil tre i kraft på årsmøtet i 2017.
Noreg hadde i åra
2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje. Den internasjonale
kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare
indikasjonar på at tilstanden til bestanden er betre, men er likevel
tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2017
er sett til 23 155 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten
i 2014. Den norske kvoten var på 36,57 tonn i 2015 og 43,71 tonn
i 2016. I 2016 blei heile kvoten fiska opp, og det blei i tillegg
tatt 4,15 tonn makrellstørje som bifangst. Den norske kvoten er
auka til 52,48 tonn for 2017.
Kommisjonen for bevaring
av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke
å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare.
Tilrådd fangst er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom
dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 60 pst. av
den totale krillfangsten i konvensjonsområdet i sesongen 2015/2016.
Den norske kvoten
på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort
i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité.
Kvoten for vågekval
i 2017 er på 999 dyr, som inneber ein auke frå 880 dyr i fjor.