Sentrale
hendingar i 2016
Det blei utført inntektskontroll
på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen
gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare
pensjonsordninga for stortingsrepresentantar, moglegheit til å ta
ut pensjon før 65 år. Det blei sendt ut brev om dette i byrjinga
av 2016, men kontrollen gjaldt for inntektsåret 2014.
Hausten 2016 blei
det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret
for 2015 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.
Våren 2016 stod SPK
på stand på stortingstorget, og medlemer hadde då høve til å stille
generelle spørsmål om ordninga.